Beethoven og Karl Johan
Jean-Baptiste Bernadotte, eller Karl Johan (1763–1844), som han heitte i Noreg og Sverige.
Foto: Wikipedia
Sakførarsonen Jean-Baptiste Bernadotte frå Pau i Sør-Frankrike, fødd 1763, gjorde det vi må kalle ein kometkarriere. Han slo seg opp militært under revolusjonen og enda som ein av feltmarskalkane til Napoleon. Napoleon var aldri heilt trygg på han og prøvde å få han bort frå rivaliseringa og maktspelet i Paris. Først vart han ambassadør i Wien, før han vart utnemnd til Frankrikes første ambassadør i den nye staten USA. Den stillinga nekta han å ta imot. Han ville heller sjå kor langt han kunne drive det i Paris. I 1807–1809 var han kommandant i Hamburg. Det vart han søkkrik på.
Så gjekk det slag i slag. I 1810 vart han på forunderleg vis svensk kronprins. Kongen, Karl XIII, var barnlaus. Den nyvalde kronprinsen, den dansk-norske generalen i den siste krigen mot svenskane, Carl August av Augustenborg, døydde i ei militærøving, og Sverige var dermed utan kronprins.
I grunnen var det i eit fransk kongehus svenskane såg etter den nye kronprinsen. Men dei som var i Paris for å leite, kjende Bernadotte frå krigen og hadde eit godt inntrykk av han. Så vart Bernadotte spurd. Han svara ja, og riksdagen i Örebro bukka og takka i 1810, etter spreiing av mange milde gåver. Napoleon sa ja. Det var godt å få han ut av fransk politikk. Og kongen adopterte den nye kronprinsen.
I 1814 var han hovudfienden til kong Kristian Fredrik og sjølvstendemennene på Eidsvoll. Før året var omme, var han også norsk kronprins, og frå 1818 var han norsk-svensk konge. Han var ein mektig mann som gjerne ville regjere, og konfliktane mellom han og Stortinget var mange, som det også var mange konfliktar i Sverige.
Norske 1800-talshistorikarar var harde i dommen over Karl Johan og styret hans. I dag er han rekna som ein god konge, også for nordmennene. Mot slutten av livet vart han langt på veg forsona med det norske folket.
Han hadde ein son, Oskar, som måtte få ei dronning, og ho måtte veljast slik at det nye svenske kongehuset vart sydd sterkt og godt inn i det europeiske kongelege nettverket. Dei komande prinsane og prinsessene måtte ha gode slektsband både hit og dit.
Karl Johan starta med ei liste på 32 prinsesser, fortel Herman Lindquist i boka Bernadotte: för Sverige hela tiden (2018) om det svenske kongehuset. Til slutt, då kronprinsen var 23 år gammal og gifteklar, hadde kongen berre fire att på lista. Ein delegasjon på sju adelsmenn drog på synfaring rundt til dei fire, og valet fall på ei tysk prinsesse, Joséphine. Så var det gjort.
Men guten, kronprins Oskar, måtte òg få ei utdanning som svara til oppgåvene han skulle møte. Han var gåverik, som så mange av bernadottane, og han tala fleire språk. Kjemi, kultur, politikk og historie interesserte han seg for. Og han var musikalsk. Som attenåring komponerte han sørgjemarsjen til Karl XIIIs gravferd.
Då Bernadotte var ambassadør i Wien, hadde han god kontakt med ein ung pianist som kom og spela når det var gjester i ambassaden. Han heitte Ludvig van Beethoven.
Oskars gåver når det galdt musikk, var vel kjende. Og Beethoven melde seg for det svenske slottet for å tilby tenestene sine. Han kunne kome til Sverige og hjelpe til med å utvikle Oskars musikalitet. Om det kom noko ut av dette, veit vi ikkje. Men vi veit at kronprins Oskar hadde kontakt med både Felix Mendelssohn og Robert Schumann.
Den klassiske musikken kjende ikkje landegrensene. Mozart farta rundt, som Händel og Bach-sønene òg gjorde. Dietrich Buxtehude, Bachs store inspirator, var fødd i dåverande Danmark, Schleswig-Holstein, før han vart organist i Sverige og så hamna i Lübeck, der han vart oppsøkt av Bach.
Det var såleis knapt underleg at Beethoven kunne tenkje seg til Stockholm for å utvikle musikaliteten til kronprinsen. Nasjonsgrensene og nasjonalstatane var ikkje det dei er, og kongehusa er ikkje det dei var.
Og kongen kjende han frå før.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?