Det industrien bar med seg
Arbeidsplassar på trikotasjefabrikkar har vorte flytta til lågkostland.
Foto: Clarence Hamm / NTB scanpix
Den industrielle revolusjonen er kanskje den mest dramatiske endringsprosessen samfunna våre har opplevd. I dag pregar han samfunnet vårt, levestandarden og dagleglivet på alle nivå, i media, i all slag trafikk, på kjøkkenet, på sjukehuset, i kva som helst.
Det er kanskje berre kunsten og religionen som har greidd å verne seg mot den enorme formande makta hans.
Det starta i England mot slutten av 1700-talet. Medan arbeidet gjennom historia stort sett hadde vore ei oppgåve for menneske og dyr, med litt hjelp frå vind og vasskraft, vart det no utvikla teknologi som kunne setje svære energimengder i arbeid. Dei nye maskinane åt energi, som det var nok av, og leverte arbeid i store mengder.
Og arbeid skapte rikdom, som det alltid har gjort. Vestens rikdom og velstand var på veg inn i historia. Det kom ein velstandsauke verda aldri hadde sett maken til. Men det kom noko meir. Medan folk tidlegare hadde hatt arbeid på små og spreidde arbeidsplassar, gardar, verkstader, smier, husflid med rokkar og vevstolar og anna smått, vart dei no samla rundt fabrikkar og gruver, i store mengder. Tallause nye arbeidsplassar vart skapte.
Ein arbeidsmarknad var skapt. Og arbeidarklassa var skapt. Dette var arbeidsfolk som såg og oppdaga kvarandre, og som forstod at dei måtte halde saman og løfte i flokk. Om dei skulle få eit betre liv, måtte det skapast ved klassesolidaritet.
Denne innsikta skapte politiske krefter som kom til å endre det meste: arbeidsvilkår, fordelingsnøkkel for det som vart produsert, lovverk rundt arbeidet og mykje meir.
Dei fagforeiningane som kom, var noko nytt. Landarbeidarar og sjøfolk, som arbeidde på spreidde arbeidsplassar, hadde aldri fått til noko slikt. Fagforeiningane vart tunge maktfaktorar, først i industrien. Etter kvart kom også dei politiske arbeidarpartia, som med tyngde trengde seg inn i det parlamentariske styringssystemet, heilt fram til regjeringsmakt i mange land.
Ved sida av den veksande rikdommen er kanskje flyttinga av den politiske makta det viktigaste industrien bar med seg då han marsjerte inn i samfunna våre. Nye maktelitar vart skapte. Gamle vart sette til side. Samfunna vart endra.
Og i dag?
Industrien emigrerer frå dei gamle heimlanda. Arbeidskrafta er mykje billegare i mange andre land. Og industrien dreg dit, der han skaper ny rikdom, som han ein gong gjorde hos oss. Og han sender billege varer til dei gamle heimlanda, der dei konkurrerer ut den heimlege produksjonen.
Industrien reiser og tek arbeidsplassane med seg. Gamle industriområde, som det amerikanske rustbeltet, eller Nord-Frankrike, druknar i arbeidsløyse. La France du Nord est morte, skreiv ei stor fransk avis. Nord-Frankrike er daudt.
Fagforeiningane og dei gamle arbeidarpartia slit i motvind, overalt. Solidaritetstanken som vart skapt av dei store arbeidarkollektiva, har dårlege livsvilkår. Grobotnen, industrikollektivet, er der ikkje lenger.
Eit grunnleggjande problem i dei etablerte industrilanda er at produktiviteten ikkje lenger veks. Produktiviteten fortel kor effektive vi er, kor mykje vi produserer per arbeidstime.
Under industrien voks produktiviteten ved at det stendig kom inn ny teknologi og nye system. Ein industriarbeidar kunne produsere meir kvart einaste år, utan å sveitte meir.
No er det tenesteyrka som veks: helsepersonell, lærarar, bussjåførar. For dei er det ikkje like lett å produsere meir enn dei gjorde året før. Produktiviteten stagnerer.
Så kan det sjå ut til at den emigrerande industrien har tatt med seg både arbeidsplassane, ei historisk sterk samfunnsformande kraft og evna samfunnet har til å auke produktiviteten.
Det er mykje på éin gong.
Andreas Skartveit
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Trump meiner alvor med Grønland
2024 var etter alt å døme det varmaste året som er målt på jorda. På Balkan var sommaren rekordvarm. Biletet viser ein mann som tek opp gjørme frå ein uttørka innsjø ved Melenci i Serbia 4. september.
Foto: Darko Vojinovic / AP / NTB
Temperaturrekorden frå 2023 vart ikkje ståande lenge. Klimaforskar Bjørn Samset kallar seg likevel optimist.
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen ser etter kritikkverdige forhold i norsk statsforvalting. Det aller meste meiner han fungerer godt.
Foto: Ole Berg-Rusten / NTB
Tilstandsrapport frå riksrefsaren
Gong på gong avdekkjer Riksrevisjonen feil og manglar i statsstyringa. Ifølgje riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen er det særleg eitt forhold som går att.
Jimmy Carter døydde 29. desember i fjor, 100 år gammal.
Foto: David Goldman / Ap / NTB
Ein inspirerande arv
Jimmy Carter fekk eit etterliv som menneskerettsaktivist og siviliserande moralpolitikar som ingen annan president i USA.
Regissør Robert Eggers har nytolka legenda om Dracula.
Foto: United International Pictures
Goth nyttår, folkens!
Kor skummelt kan det eigentleg bli når ein ikkje lenger trur på det overnaturlege?