Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid
«Eg ser fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar.»
Anna Kleiva er forfattar og omsetjar.
Foto: Privat
Anna Kleiva er ny diktskribent i Dag og Tid. Ho tek over etter Cathrine Strøm. Anna Kleiva voks opp på Vinstra og vekslar i dag mellom forfattargjerninga og arbeidet på Nasjonalbiblioteket.
Spalta starta for 15 år sidan med Asbjørn Aarnes og Jan Erik Vold. Aarnes kom frå Morgenbladet, Blindern og Det Norske Akademi for Sprog og Litteratur, Vold frå poesistudium i California og Uppsala og frå Profil, Vinduet og Basar.
Vold er drivkrafta bak spalta og ein institusjon i seg sjølv. Ikkje minst lyftar han fram gløymde diktarar som fortener merksemd. Ronny Spaans er fylt av patos og høgstil med dragning mot barokken, men stadig oftare hentar han fram kvardagsdikt frå notida.
Og Anna Kleiva? Ho kjem frå Gudbrandsdalen og forfattarstudiet i Bø. Ho les òg eldre dikt, men har late seg mest begeistra av skandinavisk samtidspoesi.
– Kvifor takka du ja til å skriva om dikt i Dag og Tid?
– Eg skriv ikkje så mykje om dikt til vanleg. Eg ser difor fram til å arbeida meir med einskilde dikt frå ulike forfattarar. Prøva å formulera noko om kva dei seier, eller kvifor dikta treffer meg.
– Kva er det med poesien som grip deg?
– Det biletlege språket, det springande og samstundes konsentrerte ved forma, det å dvela ved formuleringar både som lesar og som skrivar av poesi. Nokre gonger heng det poetiske språket meir på greip for meg enn såkalla vanleg eller logisk språk.
– Har du ein poet du set ekstra høgt?
– Den danske samtidspoeten Mette Moestrup. Ho har vore ein favoritt heilt sidan eg tok til å lesa poesi. På mange måtar er eg ein alvorleg type, men som poesilesar vert eg ofte begeistra for dikt som tøyer og leikar med sjangeren. Og eg likar den litt frekke tonen til danskane. Dikt som har både alvor og humor og samstundes er samfunnsrelevante.
Svein Gjerdåker
Svein Gjerdåker er ansvarleg redaktør i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Olav H. Hauge-dagbøkene
15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»
Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.
Foto: Michael Putland / ECM Records
Hand-i-hanske-duo
Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.
Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.
Foto: Julie Engvik
Noko for seg sjølv og noko for kvarandre
Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.
Liv Mossige (f. 1978) jobbar som lektor og skriv bokmeldingar for Dagsavisen.
Foto: Cappelen Damm
Kvasireligiøs reaksjon
Liv Mossige viser fram det amoralske hos ivrige moralistar.
Det originale grunnlovsdokumentet ligg til vanleg i stortingsarkivet. Her er det på besøk på Eidsvoll.
Foto: Berit Roald / NTB
Nynorsk, språk og skriftmål
Ofte er det vrient å dra skilje mellom språk, dialektar og språkvariantar.