JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Bananar

Bak eit enkelt mellommåltid skjuler det seg store utfordringar. 

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I lange baner: Det vert dyrka millionar av tonn bananar i verda kvart år, men problema tårnar seg opp.

Foto: NTB

4167
20240816
4167
20240816

Kva er nordmenns favorittfrukt? Er det plommene som no bognar i hagane kringom, i det minste i den sørlegaste halvdelen av landet vårt? Epla som snart skal gjere det same? Eller kva med pærene og morellane? 

Nei då. Langt unna: Om vi slår i hop snittforbruket av alle desse norskdyrka fruktene, er vi ikkje i nærleiken av snittforbruket av den mest etne frukta vår: Kvart år et snittnordmannen 14,3 kilo banan, ifylgje statistikk frå Opplysningskontoret for frukt og grønt.

Det er mykje. Faktisk er det nesten like mange kilo som potetene vi et kvart år: 16,1 kilo får vi i oss av denne C-vitaminkjelda.

Men potet er kjelde til meir enn vitamin C. Har du høyrt om kalium? Kalium finst i absolutt alle celler i kroppen vår og held styr på at mellom anna musklane, nervane og hjartet fungerer som dei skal.

«Det største fortrinnet bananen har, er gjerne den praktiske innpakninga.»

Og det er massevis av kalium i bananar. I det minste er det det vi vert fortalde: Når eg googlar «kjelde til kalium», er banan og avokado dei treffa eg får opp fyrst. Men har du sett – når eg søker på banan i Matvaretabellen, får eg opp at han inneheld 330 mg kalium per 100 gram. Poteta, derimot, gjev meg heile 522 mg kalium dersom eg kokar ho med skalet på.

Tropisk trøbbel

No er det ikkje like lett – eller like godt – å ta med seg ei kokt potet i farten. Det største fortrinnet bananen har, er gjerne den praktiske innpakninga: Ho kan ligge i skalet sitt i veska og gå rett i munnen utan meir mikkmakk. Sidan ho vert produsert på den andre sida av kloden, ser vi heller ikkje særleg mykje til konsekvensane av ho.

Det skal vi gjere noko med. For kva for ein produksjon er det eigentleg vi har gjort oss såpass avhengige av?

Bananar må dyrkast innanfor eit felt som går 30 grader nord og sør for ekvator. Det inkluderer store delar av Afrika, Mellom-Amerika og sørlege delar av Asia. Den totale bananproduksjonen i verda er på ein stad kring 100 millionar tonn – tala varierer etter kjeldene – og over 150 land i verda produserer bananar.

Størst er likevel India – og størst i India, er regionen Maharastra vest i India. I tillegg til bananar dyrkar dei sukkerrøyr og kveite – men livet er tøft: Berre i løpet av det førre halvåret har over 1200 bønder i Maharastra tatt livet av seg.

Og det er ikkje noka ny historie. Vi har høyrt om sjølvmord blant indiske bønder i mange år, og om nokre historier er overdrivne, inneheld dei ei grufull sanning: I møte med stadig meir ekstremt vêr er indiske bønder hjelpelause.

For nokre år sidan var problema i stor grad tørke. No er det ekstremnedbør: stormar, regn- og haglbyer kjem fleire gongar i månaden og øydelegg avlingar og riv opp tre.

Sopp og narko

Også på Filippinane – regionen bananen truleg kjem frå opphavleg – opplever dei dyrkingsproblem: soppsjukdommen Banana Fusarium Wilt Tropical Race 4 (TR4). Soppen angrip røtene til bananpalmane og blokkerer væsketransporten slik at plantene døyr. Han bur i og flyttar seg gjennom jorda, slik at han spreier seg både gjennom reiskapar, skosolar, køyretøy og flytting av plantemateriale og gjennom vatn. Den sovande forma av TR4 kan overleve i jord i mange tiår.

Om lag 80 prosent av bananproduksjonen i verda femnar i dag om bananvariantar som er sårbare for TR4. Han har alt spreidd seg frå Filippinane til Mellom-Amerika – eit område som på ingen måte treng meir banantrøbbel.

Dei slit nemleg alt med uønskte element i banankassane sine. Nærare bestemt narkotika: Kartella har oppdaga at små bananfarmar ikkje har høve til å ha særleg avanserte tryggingssystem. Og vips, inn kjem det små og større brune og kvite plastpakningar mellom bananane.

Slå saman alt dette, og du har ei næring som slit med å levere på etterspurnaden. Noreg kjem nok til å klare å kare til seg bananar i mange år enno, men kanskje gjer vi likevel lurt i å halde dører og munnar opne for andre fruktige mellommåltid.

Om eit eple ikkje inneheld like mykje kalium som ein banan, ligg det minst like godt i veska – med monaleg mindre transport bakom seg. Kaliuminntaket kan vi like kortreist sikre oss til middag.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis