JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Eple

Prosentar kan vere ei større utfordring enn oksygennivå for norske vintereple.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
No held norske eple seg ferske heilt til våren. Men klarer dei konkurransen?

Foto: Frank May / NTB

4055
20220107
4055
20220107

Eit eple. Raudt, men ikkje knallraudt – spettete, farga av litt ujamn tilgang på sol. Søtt, men ikkje berre søtt – langt derifrå, eit norske eple er syrleg, men likevel langt ifrå surt, slik dei grøne Argentina-epla er. Balansert, kan vi seie. Og sprøtt. Knasande sprøtt og saftig, slik at fruktsafta reint faktisk kan sprute ut og gjere deg våt i andletet.

Slik hugsar vi norske eple, som ferskvare, og difor har vi vant oss til at norske eple berre er å få tak i på hausten, om lag fram til jul, og at vi må klare oss med import resten av året.

Heilt fram til no. For no lanserer Telefrukt, Nyt Norge og Opplysningskontoret for Frukt og Grønt vintereple: Ein ny lagringsmetode som erstattar oksygen med nitrogen, gjer at vi kan kjøpe norske aroma-, elstar- og rubinstep-eple i butikken fram til langt utpå våren.

Hurra og gode nyhende for så vel norske forbrukarar som norske eplebønder. Men norske eple har alt vore vinterlagra privat i mange år. Så lenge vi har dyrka eple her til lands, har vi hatt sortar som eignar seg for lagring. Kvifor har det tatt så lang tid å få dei ut i butikken?

Forbrukarmakta

Å senke oksygennivået på fruktlager er langt frå revolusjonerande. Nei, eg trur vi finn årsaka ein heilt anna stad: i tolltariffen.

For i same augneblink som julekalendrar vert magisk fylte opp med sjokolade og viskelêr, skjer det noko motsett magisk med tollen på eple: Han forsvinn. Medan det frå 1. mai til 30. november kvart år kostar 4,83 kroner å importere eit kilo eple, er det frå 1. desember gratis.

Då er det gjerne ikkje så rart at næringa vegrar seg litt: No konkurrerer dei med eitt med heile verda. Kan dei klare den konkurransen? Det vert spanande å sjå. Mange vil nok seie at det er vi, forbrukarane, som bestemmer nettopp det, for det er vi som kan nytte forbrukarmakta vår og kjøpe dei norske vinterepla.

No kostar dei 39,90 per kilo hjå Spar, 42,90 per kilo hjå Meny og 41,20 kroner på Oda.no. Det er rett nok ein god del dyrare enn importerte eple. Royal Gala frå New Zealand, til dømes, som kostar 26,90 hjå Spar, eller gule eple frå Austerrike til 28,90 hjå Coop, Meny sel endåtil polske First Price-eple til 8,90 per kilo, men det er jo berre prisen vi må betale for å ha matproduksjon i Noreg, er det ikkje? Er vi ikkje viljuge til å betale, så kan vi vel ha det så godt?

Ja, kan vi det? Eller fortener både vi og epleprodusentane betre prisar?

Prosentpåslaget

I veke 52 var importprisen på eple 10,33 kroner (First Price-epla hjå Meny vert altså selde med tap). Noteringsprisen på norske eple var 16,59 kroner same veke, alt ifylgje Grøntprodusentenes Samarbeidsråd.

Om vi går ut frå ein gjennomsnittleg utsalspris for importerte eple på 27 kroner og tilsvarande pris på 40 kroner for norske vintereple, ser vi at prisen på importvarene har auka 2,6 gonger, medan prisen på norske har auka 2,4 gonger. Reknar vi på denne måten, ser det altså ut som daglegvarekjedene tener mindre på å selje norske eple enn dei tener på importerte eple. Difor er det nett denne måten dei reknar på: Dei kjøper varer til innkjøpspris, og så legg dei på eit påslag i ein fast prosent: Uavhengig av om vara kosta 5 eller 500 kroner, legg dei på lat oss seie 25 prosent. For vara til fem kroner utgjer ikkje det meir enn 1 krone, medan vara som kjeda betalte 500 for, no kostar ein heil hundrelapp meir.

På same måte tener kjedene – i teorien, vi veit ikkje akkurat kva kvar enkelt kjede betaler for kvart enkelt eplekilo – 17 kroner på eit kilo import og 24 kroner på eit kilo levert av norske eplebønder.

Det er desse kronene bønder betaler rekningar med, og desse kronene du og eg fordeler utover matbudsjettet vårt. Og det er greitt nok, det, så lenge dei ikkje samstundes hevdar å gjere det dei kan for å støtte norsk matproduksjon. For om dei meinte noko med det, burde dei snarast legge på prisane sine i faste kroner og ikkje i prosent, som gjer det som er litt dyrare, endå dyrare.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

No konkurrerer dei med eitt med heile verda.

Fleire artiklar

Er Kina i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Samfunn

Kinesiske flagg på månen

Kinesarane har for første gong i historia henta prøver frå baksida av månen heim til jorda. Er landet i ferd med å utfordre posisjonen USA har som den største romnasjonen i verda?

Christiane Jordheim Larsen

Cassandra Jenkins sleit seg ut på turnear i kjølvatnet av det førre albumet ho gav ut.

Foto: Pooneh Ghana

MusikkMeldingar
Øyvind Vågnes

Blomar og kjæledyr

Cassandra Jenkins har laga ein verdig oppfølgjar til det kritikarroste albumet frå 2021.

Kristin Tveiten kjem frå Seljord og debuterte som romanforfattar i 2021.

Foto: Oda Berby

BokMeldingar
Hilde Vesaas

«Så stig da i meg, einsemd»

Kristin Tveitens soge er nesten uuthaldeleg trist og monoton.

Regissør Yorgos Lanthimos har laga ein fabel i tre delar om ein mann som prøver å ta kontroll over livet sitt.

Foto: Atsushi Nishijima / Disney

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Asosiale eksperiment

Ingen er snille når den galne grekaren Yorgos Lanthimos utforskar USA.

Teikning: May Linn Clement

EssaySamfunn

Trøbbel på heimebane

Tyskland har hatt eit godt fotball-EM, men landet er på veg inn i den verste krisa etter andre verdskrigen.

Morten A. Strøksnes

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis