JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Er ikkje distribusjon og sal av mat samfunnskritisk infrastruktur?

Regulering er noko vi har i kjeften. Lat oss også få det på papir.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Daglege brød: Coop tek kontroll over eigen brødproduksjon. Kven vinn og kven taper på det, skal tru?

Foto: Terje Pedersen / NTB

4250
20240830
4250
20240830

Nett no er det opprør i sunnfjordregionen. Nei, vi protesterer ikkje på at det har regna 26 dagar i strekk – sjølv om vi burde gjere det òg – vi bryr oss om brøda våre. Saka er at det såkalla samvirkeføretaket Coop har sagt opp avtalen dei har hatt med det lokale bakeriet Naustdal Dampbakeri. Frå nyttår vil det Coop-eigde bergensbakeriet Goman levere kjøtvekta av brød til Coop i heile vestlandsområdet.

Dette har fått sunnfjordingane opp av godstolane – utan å ete fyrst: Det har vore protestaksjon i Førde med over 100 deltakarar, og 27. august melde Firda at over 100 personar har meldt seg ut av Coop Nordvest. Coop innrømmer at dei kanskje hadde undervurdert reaksjonane, men held fast på at levering frå sjølveigde Goman vil gje både betre og billegare brød til både nordfjordingar, sunnfjordingar og sogningar.

Død for éin

Om lag samstundes som Firda melder at Naustdal Dampbakeri må permittere og seie opp tilsette, melder avisa Dagligvarehandelen om kjempevekst for Klæbu bakeri. Bakeriet – som har spesialisert seg på glutenfri bakst – har dei siste to åra hatt fast listing hjå Coop over heile landet, noko som har ført til at dei har kunna auke produksjonen monaleg. No går 60 prosent av produksjonen deira til nettopp Coop.

Og det er jo flott – så lenge det varer. For på same måte som det ikkje er noko i vegen for at Coop går frå Naustdal Dampbakeri til sitt eige Goman-bakeri, er det ikkje noko i vegen for at Coop i framtida også byrjar å bake sine eigne glutenfrie bakevarer. Om så skjer, mister Klæbu bakeri over halvparten av kundegrunnlaget sitt over natta.

Vi skal ikkje ta lukka frå dei glutenfrie bakarane, som heilt sikker gjer ein knakande god jobb. Det er nok av døme på små verksemder som lever godt på å vere inne på listene til ei eller fleire av dei store daglegvarekjedene.

Nei, spørsmålet er om dei tre store, mektige skal få halde fram å skalte og valte med matprodusentane som dei vil eller ikkje.

Sjå på telenettet

I det siste har det vore ein god del oppstyr etter at Konkurransetilsynet gav Norgesgruppen, Reitan og Coop ei bot på 4,9 milliardar kroner for det dei meiner er ulovleg prissamarbeid gjennom prisjegerverksemd. Det er ein start, kan vi seie. Men problema med maktkonsentrasjonen går så mykje djupare – og tiltaka må, med det, vere så mykje strengare.

Lat oss sjå korleis det vert gjort i ein annan samfunnskritisk bransje: Telenor – og andre aktørar i tele- og breibandsbransjen – er pålagde at andre aktørar skal «fritt kunne leie seg inn på deres nett». Dette er regulert i lov om elektronisk kommunikasjon, og det vert pålagt «tilbyder med sterk markedsstilling». Det er for både å sikre konkurranse og for å gje eit tilbod til alle, men òg å unngå at det må gravast ned og byggast ut unødvendig infrastruktur kringom i landet.

Kunne vi overføre noko av denne tankegangen til daglegvarebransjen? Det kunne gjerast på ulike nivå: frå at aktørar med ei sterk stilling i marknaden ville måtte opne butikkane sine for tilsvarande varer med kortare reiseveg enn andre varer – til at eit konsern måtte gjere tilgjengeleg infrastruktur som grossisttenester og ledig butikklokale for konkurrentar med svakare stilling i marknaden.

Ja, eg veit det. Det framstår heilt galematias. Men kvifor det, eigentleg? Er det kanskje nett difor vi må byrje å lufte slike tankar? For er ikkje distribusjon og sal av mat like samfunnskritisk infrastruktur som distribusjon og sal av teletenester?

I dag er det slik at å vere fast på lista til ei daglegvarekjede, gjev nesten garantert omsetnad – medan det å verte kasta ut gjev nesten garantert kroken på døra. Slik vert det når tre kjeder har halvparten og to kvartpartar av ein marknad: å miste ein kunde vert det same som å ikkje kunne halde fram produksjonen som før.

Ingen matvareprodusent har nokon naturgjeven rett til å overleve. Men mat er ei anna type vare enn rulleskøyter og brudekjolar – mellom anna fordi vi ikkje kan kjøpe mat brukt. Alle som bur i Noreg, er hundre prosent avhengige av ein matbutikk for å overleve. Det bør tilseie at den bransjen bør regulerast monaleg sterkare enn han er i dag. 

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis