JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Mjølkeproduksjon

Vert ein kvotefri mjølkeproduksjon ein produksjon på meir kraftfôr?

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Robotmjølk: 62,9 prosent av norske kyr vert no mjølka av ein robot.

Foto: Terje Bendiksby / NTB

4184
20240607
4184
20240607

Eg må innrømme at eg ikkje såg det komme: at Tine og Landbruksdirektoratet skulle late kumjølkbønder produsere så mykje mjølk dei vil i 2024.

Ikkje fordi eg ikkje var klar over at vi produserer for lite mjølk for tida. For Tine byrja 2024 med eit brak då NRK 12. januar sleppte nyhendet om at meierisamvirket hadde byrja å blande tysk mjølkepulver i yoghurten sin.

Nei, overraskinga kom av kor viktig kvoteordninga er – altså regelverket som heilt ned på gardsnivå avgrensar kor mykje mjølk kvar bonde kan produsere. Ordninga er laga for å sørgje for at det til kvar tid vert produsert høvelege mengder mjølk. Vert det overproduksjon, må bonden betale for det – slik han fram til no har måtta betale for å produsere fleire mjølkeliter enn han har kvote til: 4,90 kroner per liter har straffa vore. Men førre fredag fjerna Landbruksdirektoratet denne straffa, etter førespurnad frå marknadsregulatoren Tine.

Avgrensingar

Kvifor vågar dei dette? Ei årsak er nok at det er avgrensa kor mykje ein klarer å auke mjølkeproduksjonen på kort sikt. Frå ein kalv vert fødd, går det to år før han er ku som produserer mjølk: Ei kvige må vere eit år gamal før ho er utvaksen nok til sjølv å ta kalv, så går ho drektig i ni månader før ein ny kalv – og med det mjølka – dukkar opp.

«Om kyrne mjølkar stadig meir, mjølkar dei i alle høve meir på norsk gras.»

Og sjølv om ein bonde skulle vere så heldig å ha tilgang på fleire kyr, må bonden ha plass til dei i fjøset – og det må vere plass på mjølketanken til den ekstra mjølka kyrne produserer. I tillegg må kyrne ha noko å ete: Bonden må ha både mark å slå og høve til å oppbevare det ekstra fôret før han kan ta fleire kyr under vengene sine. Det gjeld òg om han satsar på å hente meir mjølk ut av dei kyrne som alt er i produksjon: Å fôre meir næringstett kan gje meir mjølk per ku.

Dette siste punktet er kanskje det mest spanande. Kva kjem til å skje med fôrsetelen til kua no når ho lever under fri produksjon? 2024-graset har alt byrja å vekse – mange stader er det alt slått ein fyrste gong – her er det avgrensa kva endringar bonden kan gjere.

Stikk i strid med kva ein kanskje skulle tru, hjelper det ikkje på mjølkemengda å sleppe kyr ut på beite. Snarare tvert om – fôret kyr får i fjøset, er så spesialisert og energitett at det er lite naturen kan stille opp med, og mjølkemengda har det med å gå ned når dyr matar seg sjølve på beite.

Eit fôrmiddel svarar likevel på alle desse utfordringane: kraftfôret. Kjem mjølkefrisleppet til å føre til at bruken av kraftfôr – basert på bortimot 50 prosent importerte råvarer – i Noreg går opp?

Alt det gode graset

Lat oss sjå korleis det står til fyrst. Som kjelde brukar vi i all hovudsak statistikksamlinga frå Kukontrollen 2023. Kukontrollen er informasjonssystemet til storfenæringa og inkluderer 97,7 prosent av norske kyr.

Tala som vert presenterte her, syner mange triste trendar for oss som er glade i norsk matproduksjon – sidan tusenårsskiftet er talet på mjølkebesetningar i Noreg desimert frå 20.493 bruk i år 2000 til 6499 i 2023, og talet på mjølkekyr er redusert med ein tredjedel frå drygt 300.000 til drygt 200.000. Men oversikta over kva kyrne produserer på, er hakket meir hyggeleg lesnad:

Oversikt over kor mykje kraftfôr det går med per produserte kilo mjølk, kom med på statistikken i 2011. Sidan den gong har kraftfôrbruken lege stabilt på mellom 29 og 31 kilo kraftfôr per 100 kilo mjølk – medan avdråtten per ku har auka frå 7303 kilo i 2011 til 7955 kilo i 2023 (dette talet er òg, truleg som fylgje av uvêret Hans, lågare enn føregåande år – toppen var i 2020 med 8020 kilo mjølk per årsku).

Med andre ord: Om kyrne mjølkar stadig meir, mjølkar dei iallfall meir på norsk, lokalprodusert gras og ikkje på langreist kraftfôr dyrka på jord som gjerne burde vore brukt til å produsere menneskemat.

Så lenge det varer. Å få opp mjølkeproduksjonen er naudsynt, men å gjere det på ein måte som fyrst og fremst gagnar dei kraftfôrviljuge, er eit kortsiktig tiltak. Lat oss håpe dei langsiktige planane for fleire kyr – helst i fleire fjøs – dukkar opp like raskt.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Kate Winslet spelar tittelrolla i ei sann historie om den banebrytande fotografen Lee Miller, som forlét eit glamorøst liv som modell for å dokumentera andre verdskrigen.

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar

Det andre blikket

Den formeltru filmen om fotografen Lee Miller gjev eit velkome blikk på krig og kjønn.

Håkon Tveit

Finansminister Trygve Slagsvold Vedum (Sp) på pressekonferanse etter framlegginga av statsbudsjettet måndag. For dei som er opptekne av klima, var ikkje budsjettet godt nytt.

Foto: Fredrik Varfjell / NTB

Samfunn
Per Anders Todal

Kapitulasjon i klimapolitikken

Regjeringa veit ikkje om statsbudsjettet bidreg til å redusere eller å auke klimagassutsleppa. Derimot er det klart at det nasjonale klimamålet for 2030 ikkje blir nådd.

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Etter nokre år er det ikkje like heitt mellom Maria (Helga Guren) og Sigmund (Oddgeir Thune).

Foto: Filmweb.no

FilmMeldingar
Brit Aksnes

«Regissør og manusforfattar Lilja Ingolfsdottir står for den mest klaustrofobiske filmen på lange tider – og ein av dei beste.»

Foto: Agnete Brun

LitteraturKultur
Jan H. Landro

Med den monumentale boka Sjøfareren Erika Fatland gitt oss eit uvant, og skremmande, perspektiv på europeisk kolonialisme.

Raudkolibrien veg 3,5 gram og må dagleg ete halvannan til tre gonger si eiga vekt under vanlege kår. Han hekkar i Alaska og overvintrar i Mexico. Trekkruta strekkjer seg over 6000 kilometer.

KunnskapFeature

«Har du sett nøye på korleis småfuglar – sporvar, finkar, songarar eller trastar – rører seg i lufta?»

Naïd Mubalegh

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis