JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå matfatetKunnskap

Slaktetid

Så er det offisielt: Kvalitetssjekken på slakteria er ikkje anna enn eit volummål.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Det går mykje kjøt gjennom anlegga til Nortura i desse dagar. Men kva veit dei eigentleg om kvaliteten på det?

Foto: Gorm Kallestad / NTB

4119
20240913
4119
20240913

Medan eg skriv dette, har sauebøndene i bygda mi travle dagar: Gamle gardar vert gått over, nye gjerde sette opp, kikkertar pussa, sambandsradioar lada, gjestesenger reidde opp, betasupper kokte og platekaker baka. I løpet av helga skal nemleg eit par tusen sauer og lam finnast i Holmedalsfjella og hentast heim – til eit kort opphald på garden før det ber rett på slakteriet for mange av dei.

Veka etter sanking går fyrste sending av lam til Norturas slakteri i Førde. Der er dei vel førebudde, vil eg tru: I løpet av eit år slaktar dei kring 110.000 sauer og lam, ifylgje statistikk frå Animalia. Om vi ser for oss at brorparten av det – lat oss seie 90 prosent – skjer i løpet av tre haustmånader, vert det 1100 slakt om dagen. Det svarar til 45 slakt i timen om dei har døgndrift.

Då seier det seg sjølv at slaktelinja må vere effektiv. Avliving, flåing og utvomming må gå som det skal. Men her er det òg ein annan ting som må skje: Slaktet må klassifiserast, slik at bonden får rett pris for vara ho leverer. Dette vert kalla kvalitetskontroll. Men er det eigentleg det det er?

Frå E til P

Slakt vert klassifiserte etter to målestokkar: Den eine er for feitt, og her er målet er å hamne midt på treet – både for mykje og for lite feitt på skrotten gjev trekk i utbetalinga. Den andre er for kjøtfylde – og her er det mest mogleg som gjev best utbetaling.

Kjøtfylden vert bestemt etter ein internasjonal EUROP-skala med pluss og minus. E+ er mest kjøtfylde og gjev best utbetaling, så går det nedover til U, R, O og til P-, som er minst kjøtfylde og gjev dårlegast utbetaling. Skilnaden er stor: Kiloprisen for eit slakt vurdert til P- kan vere under det halve av kiloprisen på eit E+-slakt.

Fram til i år har kjøtfylden vorte målt visuelt av ein kjøtklassifisør. Det finst kring 100 sertifiserte klassifisørar i Noreg som er trena i å vurdere slakt etter kroppsformer og linjer på slakt.

No er den tida over. Frå i år vert denne jobben erstatta av ein laser, og vurderinga av kjøtfylde erstatta av ein formel: Vekta på dyret og eit lasermål av lengda på ryggen putta inn i formelen vekt/(lengde3).

K-faktoren, vert det kalla. K-faktoren skal fjerne dei subjektive vurderingane som kunne gje uønskte variasjonar i klassifiseringa.

Og det er jo bra, er det ikkje? Jau, kanskje. Men problemet er at den såkalla kvalitetskontrollen aldri har vore nokon kvalitetskontroll. Det ein har målt, er jo mengde kjøt, ikkje kvaliteten på det.

Tilpass systemet, takk

Desse kvalitetane som ein kunne målt – eller bygd prisstigen sin kring – er til dømes om lamma kjem rett frå fjellet, om dei har gått på heimebeite av gras eller fått kraftfôr før slakting. Ein kunne sett på marmorering i kjøtet, og ein kunne til og med ha målt nivået av dei næringsstoffa ein er ute etter – som til dømes dei sunne omega 3-feittsyrene. Då ville ein målt og verdsett skilnader i kvalitet.

I staden tek ein no systemet endå eit steg i den andre retninga: «Vi bruker lengdemålet indirekte ved å gjøre det om til et volummål», skriv systemansvarleg Animalia i ein foredragspresentasjon frå januar i år.

Og der har vi det, svart på kvitt: Kvalitetskontrollen er ikkje til for å måle kvalitet. Han er til for å måle volum. Mengde. Kvantitet.

Når vi kjenner effektivitetskrava småfeslakteria står overfor, kan det stå fram som eit naturgjeve krav. Og kvalitetskontrollen er ikkje aleine: «Nokre vektgrenser fører til store prishopp. Difor er det viktig å treffe desse vektgrensene så godt som mogleg når ein plukkslaktar», står det i skrivet Nortura har sendt ut til medlemmane sine om vilkår for lammesesongen 2024. Som om det er grensene som er naturgjevne, og bøndene og sauene som må tilpasse seg dei.

Burde det ikkje ha vore omvendt? Ja, er det ikkje omvendt? At det er teknologi og økonomi vi kan styre, og at det er det som skjer i beitelandskapet som er styrt av naturlover? Neste gong Nortura og resten av sauenæringa gjer systemendringar, vonar eg det er for å tilpasse seg naturen, ikkje for å be naturen tilpasse seg dei.

Siri Helle

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis