Soya
Norsk mjølk og laks vil slite utan russisk gjødsel.
Brasils president Jair Bolsonaro og Russlands Vladimir Putin var særs gode vener 16. februar og er det truleg framleis.
Foto: Vyacheslav Prokofyev / Sputnik / Reuters / NTB
Den 4. februar gjekk det eit lasteskip frå kai i Russland. Skipet var lasta med kunstgjødsel produsert av russiske Acron. Det hadde ei temmeleg lang reise framfor seg: Gjødsla skal leverast til landbruksstormakta Brasil.
Brasil er etter kvart mest berykta her heime for å forsyne norsk jordbruk og ikkje minst havbruk med proteinrike soyabønner. Brasil står for om lag ein tredjepart av verdsproduksjonen av soyabønner, og Noreg handlar om lag ein halv milliard tonn i året.
Denne handelslinja har lenge vore kritisert av miljørørsler så vel som urfolkrørsler, sidan soyaproduksjonen grev seg inn i verdifulle biotopar som regnskog og savanne. Er det no tid for den store fredsrørsla å henge seg på kritikken?
Solidarisk med Putin
Det er i alle høve mykje som tyder på at Brasil, ved president Jair Bolsonaro, gjer det han kan for å halde seg inne med Putin og Russland – mellom anna for å halde sine eigne traktorhjul i gang. Brasils eksportlandbruk er nemleg langt frå sjølvforsynt, snarare tvert om, for dei importerer nærare 85 prosent av gjødsla dei nyttar. Russland står for 20 prosent og er truleg Brasils viktigaste gjødselleverandør.
Dette var nok på dagsorden då Bolsonaro vitja Putin 16. februar – i eit kritisert møte åtte dagar før den opne invasjonen. I møtet sa Bolsonaro at Brasil står «solidarisk med Russland». Den 27. februar erklærte han at Brasil var nøytralt i konflikten. Samstundes tek han gjerne imot gjødsel – og ynskjer eit russisk selskap velkomen til å kjøpe og drive ein ureafabrikk i soyadelstaten Mato Grosso do Sul innan kort tid. Den brasilianske miljøvernministeren Tereza Cristina Dias fremja førre veke eit forslag i FNs matvareorganisasjon FAO om å halde gjødsel utanfor sanksjonane mot Russland. «Global matinflasjon bør uroe alle land», sa ho i eit intervju.
Og det bør vi jo gje henne rett i. Det er mykje som uroar matvareproduksjonen i verda for tida – mellom anna dei høge gjødselprisane som gjer det usikkert om norske bønder i det heile får gjennomført våronna i år. Det gjer det vidare naudsynt å stille spørsmålet om det no verkeleg er denne våren vi skal fase ut soyabønner frå Brasil – råvara som framfor noko står for kvantiteten i norsk matproduksjon, både til lands og i merdane.
Det raske svaret på det spørsmålet er nei. Det litt lengre svaret er meir komplisert. Når vi ser kor mykje som står på spel for at Brasil skal få gjennomført våronna si, kven veit kor mange soyabønner det er å få kjøpt om seks månader – og til kva pris? Kan det vere at vi gjer oss ei teneste, om vi no, litt i forkant, gjer det vi kan for å trenge færrast mogleg av dei?
Krisepakkar no
Kva skal vi i så fall gjere? Lat oss sjå på kva norsk jordbruk gjorde sist dei var i krise. Tørkesommaren 2018 kan synast som ein drope i havet no, men var alvorleg nok då han stod på. Grasavlingane på Austlandet vart halverte, og bøndene vart tvinga til å tenke annleis for å fø dyra sine.
Beitebruken auka, og 2018 enda ikkje berre med minus på statistikken: Det er det einaste året på lange tider at jordbruksarealet i Noreg har vorte større. Når trongen var der, tok norske bønder alt dei hadde, i bruk. Dei slo små hjørneflekkar og køyrde dyra på attgrodde fjellbeite. Den gongen vart alt gjort i hui og hast, fordi vi ikkje visste at krisa var der før ein stod midt oppi henne. Denne gongen kan vi òg ha temmeleg dårleg tid, men det er framleis berre midt i mars.
Om næringa, og ikkje minst styresmaktene, hiv seg rundt no, er det mykje vi kan gjere for å gjere norsk matproduksjon betre rusta for ein ustabil verdsmarknadssesong: Får vi gjødsla mindre og kjøpt mindre næringstett kraftfôr, må vi hente næring andre stader. Stønadsordningar kan snarast kome på plass for å sette i stand gamle beite, både på fjellet og i bygdene. Kyrne må gjerne stå inne om natta og samle gjødsel der det høver, til dømes. Kunstgjødseltrong kan meldast inn, og gjødsel fordelast ut att mest mogleg rettvist. Kraftfôr kan lagast best mogleg ut frå dei råvarene ein har, ikkje dei ein skulle ynskje ein hadde.
Men tiltaka kan ikkje vente til jordbruksoppgjeret – ikkje minst fordi det ikkje trer i kraft før 2023. Vi treng handling mykje før. Helst alt i går, om det skal vere noko jordbruk att å berge neste sommar.
Siri Helle
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Russland er truleg Brasils viktigaste gjødselleverandør.
Fleire artiklar
Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».
Foto: Another World Entertainment
Djevelen i detaljane
By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.
Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.
Foto: Merete Haseth
Våren over mannalivet
Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.
Finaste finnbiffen med grøne erter, potet og tyting.
Foto: Dagfinn Nordbø
Finaste finnbiffen
«Seier eg at eg skal invitere på finnbiff, blir folk berre glade. Dei veit at dei skal få smake noko av det beste landet vårt har å by på av ingrediensar, med reinkjøt som helten.»
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.