JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Dronning på skrå

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Avgjerande trekk: Går biskopen framover, kan dronninga slå han ut.

Foto: ein Internett-klassikar

2333
20230929
2333
20230929

Sjakkmetaforane er så vanlege, nærast klisjéfylte, i den politiske diskursen austover at ein vert heilt matt. Den mest klassiske rokaden kom frå Putin og Medvedev i 2008, då presidenten vart statsminister og statsministeren president. Det var berre eit spel, sjølvsagt, og kan henda skulle ein ha avskaffa rokaderegelen, slik verdsmeisteren Kramnik tek til orde for.

Då Prigozjin avbraut marsjen mot Moskva, sette han seg sjølv i trekktvang. Om han drog hit eller dit – til Belarus eller Afrika – vart han sjakkmatt. Kva trekk han enn valde, ville det kosta han livet. Det russisk-ukrainske «trekktvang» er favoritten min i sjangeren, dei slaviske språka nyttar det tyske ordet Zugzwang.

Putin spelar gambit (italiensk) med sitt eige folk. Russarane har forrekna seg, og no er dei patt. Spelet har vore ròte lenge. Som Kasparov sa alt for 15 år sidan: «I russiske val er reglane uklare og resultatet kjent (Putin vinn), medan i sjakken er reglane klare, og resultatet uvisst.» Eller som den siste opposisjonspolitikaren sa då han forlét landet: «Her sit ein roleg og vurderer ulike strategiar i siciliansk opning, og så tek motstandaren (Putin) sjakkbrettet i handa og slår ein i hovudet.»

Då er det betre å sjå på Noreg, der politikarane kan repetera poenga utan stans, sidan ingen skjønar at det er remis når båe partar har sagt det same tre gonger (sitat Finn Iunker). Forfattaren Iunker meinte vidare at det ikkje er politisk korrekt å seia om Vedum at han vert dronning om han kjem til den andre sida (i politikken eller livet). Men eg seier det kor som er.

Har eg noko nytt å melda? Ja, Støre er sjakkspelar. Han tok eit kurs i sjakklubben vår. Under eit parti ringde mobilen hans, og displayet synte «Nato-Jens». Ein kamerat av meg i finansverda meinte at Støre no burde ofra lauparen (Huitfeldt) for å vinna dronninga til motstandaren.

Eg spurde om han hadde noko å seia om Finnes, som mot alle odds ikkje tapte pengar på spelegalskapen. Då sa finansvenen min: «Anand». For slik går historia: Verdsmeister Anand har sagt at om han berre kunne få eit lite vink éin gong i kvart parti – i ei kritisk stilling – ville det vera nok til å gjera han uslåeleg, hundre ratingpoeng over Carlsen. Berre eit lite vink på skrå frå dronninga på høgre kant, altså …

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis