JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

«For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

Foto: Vibeke Ekeland Grønn

2429
20240510
2429
20240510

For nokre månader sidan fekk eg eit anonymt tips i posthylla på jobben. Det handla på ein måte om sjakk, og eg reknar med at tipsaren er Dag og Tid-lesar. Men det var noko merkeleg med tipset – teksten var på fransk! Kunne det vera frå ein av fransklærarane mine frå byrjinga av 1990-talet då eg sjølv var student?

Det heile var så sært at eg ikkje tenkte meir på saka. Men ein dag låg tipset der i synsfeltet mitt på kontorpulten, og eg byrja lesa. Eg byrja sjekka på nettet. Eg vart hekta.

Hovudpersonen er Jean-Philippe Toussaint (f. 1957), ein franskspråkleg belgiar. Han fekk eit stort namn med romanen og filmen Baderommet på 1980-talet og skal ha inspirert mellom andre Erlend Loe. Men for meg var det meir interessant at den fyrste romanen hans, Échecs (dobbelttyding «sjakk» og «fiaskoar»), vart refusert og aldri publisert. Eg fann manuskriptet på nettet og byrja lesa. Det handlar om ein bisarr VM-kamp der vinnaren vert kåra etter 10.000 parti. Det vert mykje venting (på Godot og anna).

I 1984–85 spela Karpov og Kasparov ein «uendeleg» VM-kamp som vart broten av etter 48 parti og fem månader, medan sjakkromanen til Toussaint låg i ein skuff. Så hoppar vi fram til koronaepidemien. Den no kjende forfattaren og filmskaparen, som til vanleg reiser frå festival til festival og promoterer seg sjølv, veit ikkje kva han skal gjera med ein tom kalender.

Han byrjar tenkja på sjakkfiaskoen frå unge år. Og han finn fram til Stefan Zweigs udøyelege Schachnovelle. For å halda seg i aktivitet byrjar han omsetja Zweig til fransk. Eit par timar kvar dag. «Eg er ikkje så god i tysk, men eg snakkar sjakk flytande», seier Toussaint. Resten av tida skriv han dagbok, 64 kapittel. Boka handlar om omsetjing, skrivekunst – men mest av alt om livet, minne som berre kjem til forfattaren, som hos Proust.

I 2023 gav Toussaint ut to bøker: memoardagboka L’échiquier («Sjakkbrettet») og omsetjinga Échecs. Som eit ekko av den fyrste, refuserte romanen gav han Zweigs kortroman den same tittelen han sjølv nytta 40 år tidlegare.

Eg har lese L’échiquier («Sjakkbrettet»), og sjeldan har eg kjent meg så heime i ei bok. Dette er sært, men eg elskar det. Inspirert av Toussaint fann eg fram til ei tysk utgåve av Schachnovelle. Tysken min er ikkje all verda, men eg held meg flytande gjennom sjakken.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Rita Paramalingam er fødd i 1993 i Oslo og er jurist. Ho debuterte i 2017 og kjem no med sin andre roman.

Foto: Marthe Haarstad

Meldingar

Den vanskelege sameksistensen

Rita Paramalingam skriv overtydande om sosial dysfunksjonalitet.

Odd W. Surén

Teikning: May Linn Clement

BokMeldingar
Olav H. Hauge

Olav H. Hauge-dagbøkene

15. mars 1938: «Sume er so redde for å ta frå andre, eller rettare vera ved at dei låner; dei prøver på død og liv vera originale.»

Det er seks år sidan Norma Winstone gav ut førre album.

Foto: Michael Putland / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Hand-i-hanske-duo

Norma Winstone er ein tekstforfattar av rang.

Erling Indreeide har mellom anna skrive fleire diktsamlingar, musikk- drama og essay.

Foto: Julie Engvik

BokMeldingar
Sindre Ekrheim

Noko for seg sjølv og noko for kvarandre

Erling Indreeide har skrive ei bok som eig ei uvanleg sterk poetisk tankekraft.

Svenske soldatar øver på grensa mellom Noreg og Finland under Nordic Response i 2024.

Foto: Heiko Junge / NTB

Ordskifte

«Det dreier seg om å ha eit truverdig forsvar som held fiendar borte.»

Tor OlavHauge

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis