JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Intellektuell boms

«Stormeister Kaufman skriv at Steve Brandwein er den personen som har prega han mest.»

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Teikning: May Linn Clement

Teikning: May Linn Clement

2296
20241011
2296
20241011

Kvar tok den intellektuelle sjakkspelaren vegen? Etter å ha lese to amerikanske sjakkmemoarar, Larry Kaufmans Chess Board Options (2021) og Jeremy Silmans Chess Odyssey (2022), trur eg at eg har funne han. Han heiter Steve Brandwein og er nesten ukjend. Det finst berre tre–fire turneringsparti med Brandwein frå byrjinga av 1960-talet, men han var i sjakklubben i San Francisco kvar dag i 47 år til han døydde i 2015. Før det spela han sjakk på austkysten, der han voks opp. Stormeister Kaufman skriv at Brandwein er den personen som har prega han mest, han var den som forma sjakkutviklinga til Kaufman. Brandwein kunne alt om opningsteori og var lynrask i sjakk, scrabble og alle andre spel.

Silman, den fremste lærebokforfattaren i amerikansk sjakk, seier noko liknande. Dei var saman i San Francisco, der dei dagleg vitja Hare Krishna-tempelet for å få ein gratis middag. «Eg kom, åt og drog», sa Brandwein. Så gjekk han vidare til biblioteket eller bokhandelen. Kvar einaste dag var han fleire timar i bokhandelen. Han las bøkene i butikken og vart ein attraksjon til inspirasjon for andre kundar. Bokhandlarane hadde aldri møtt ein lesehest som Brandwein.

Han var smålåten, men éin gong tok han ordet, som gjest på nasjonal TV under VM-kampen mellom Fischer og Spasskij i 1972. Brandwein ville ikkje kommentera trekka, men skjelte ut Nixon og Kissinger for Vietnam-krigen og vart kasta ut av studio.

I 1981, då Bobby Fischer gøymde seg for verda, budde verdsmeisteren saman med Brandwein hos ein felles sjakkven. Dei spela lynsjakk, men elles suverene Fischer, som slo alt og alle helst med 100 prosent score, vann berre sju av ti parti mot romkameraten, noko som gjorde amatøren Brandwein til ein av verdas beste lynspelarar. Han kunne lett ha vorte stormeister om han hadde ynskt, skriv Kaufman.

Steve Brandwein (1942–2015).

Steve Brandwein (1942–2015).

Foto: Richard Shorman, USChess

Silman kallar Brandwein for «den ultimate jødiske intellektuelle», ein som berre levde for kunnskap. Silman spurde ein gong kvifor han gav seg så tidleg med turneringssjakk, og kvifor han ikkje vart til dømes professor i historie. «Eg er ein boms, eg har alltid vore ein boms, og eg vil alltid vera ein boms», svara Brandwein.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Setten vindpark nordaust for Setskog i Akershus.

Foto: Geir Olsen / NTB

Ordskifte

«Eg trur ikkje 'folk flest' er klimaskeptikarar, dei er derimot sterkt imot tiltaka som vert sette inn.»

TrondSundby

Erik Bjerck Hagen er professor i allmenn litteraturvitskap ved Universitetet i Bergen.

Foto: Hedda Cecilie Hagen

BokMeldingar

Kielland i fyr og flamme

Erik Bjerck Hagen gjev oss eit gjensyn med heile romanuniverset til Alexander Kielland og klarer å visa fram kvalitetane.

Jan Inge Sørbø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis