JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Frå sjakkverdaKunnskap

Oss nerdar imellom

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Alle i sjakkverda elskar David Navara (36).

Foto: Krzysztof Szelag / Wikimedia Commons

2270
20211105
2270
20211105

Redaktøren av tidsskriftet New in Chess spurde om eg ville rapportera frå ei Carlsen-turnering, men eg bad om i staden å få skriva åtte–ti sider om ein obskur og ganske ukjend norsk sjakktrenar, Knut Jøran Helmers (1957–2021). Det var sjakknerden i meg som ville det slik.

For to veker sidan fekk eg ei uventa melding: «Dear IM Grønn. Your article on IM Helmers is very interesting. Have a good evening!» Eg hadde aldri prata med eller møtt avsendaren. Men eg visste godt kven han var, stormeister David Navara frå Tsjekkia. Kvar gong eg omtaler Navara i sjakkspalta, samanliknar eg han med fyrst Mysjkin – det absolutte gode mennesket i Idioten av Dostojevskij. Navara er den einaste i verdseliten som er genuint hyggjeleg og høfleg under alle omstende. Han er den einaste som reiser seg og bukkar både før og etter eit parti mot Carlsen eller Caruana.

Meldinga frå Navara fekk meg til å ta fram sjølvbiografien hans, My Chess World (2020). Kona mi kasta eit blikk på boka: «Der har du ein nerd. Eg likar han», sa ho. Det er 600 sider med sjakknerding, side opp og side ned med sjakkvariantar frå dette tsjekkiske reknemonsteret. Ein nederlandsk ikkje-sjakkspelande journalist spør han i boka om det er mange nerdar i sjakken. «Eg veit ikkje kva det ordet tyder», svarer Navara.

Det utanomsjakkfaglege høgdepunktet i boka er ein episode under ei turnering i Polen. Navara tek ein spasertur før partiet og går seg vill på ei søppelfylling. Ein mann stikk hovudet ut av ein svart bil og trugar stormeisteren med ein pistol. Navara spring for livet, men bilen kjem etter. Navara trur han skal døy, men så viser det seg at mannen er politi og jaktar på ein forbrytar. Er Navara brotsmannen? Politimannen er i stuss og tek han med til politistasjonen. Problemet til den lærde er at han pratar mange språk, mellom anna polsk, så det er ikkje truverdig når han presenterer seg som ein tsjekkisk sjakkstormeister.

Til slutt spør politiet om Navara kan seia noko på tsjekkisk. Den lærde formulerer ei enkel setning på morsmålet, nemleg «Eg spelar sjakk» (tsjekkisk: Hraju šachy). Men idet han opnar munnen, kjem dei tsjekkiske orda ut med «polsk» grammatikk: «Eg spelar i sjakk» (polsk: Gram w szachy).

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis