Høgdehopparen og tjukkasen
Ikkje nok med at Fosbury endra heile høgdehoppsporten i 1968, han vann også OL-gull i Mexico City same år.
Foto: NTB scanpix
Sport før og no
Sport før og no
Frå sofaen må høgdehopp vere ein av dei sportane som ser aller vanskelagst ut. Kunsten å hoppe høgare enn si eiga lengd har teke lang tid å lære. I starten av 1800-talet sprang utøvarane rett mot lista, hoppa og landa i hukstilling. Å hoppe høgt med denne teknikken er ikkje lett. Saksehopp som kom litt seinare, med skrått tilløp og eit hopp som ei sidelengs saks over lista, gav meir høgde og opna også vegen for nye tekniske variantar. Googlar ein gamle høgdehopparar, finn ein mykje rart, før floppen til Dick Fosbury på 1960-talet ultimatiserte svevet over lista: tilløp i J-form, sats med ytste fot og svev med ryggen mot lista viste seg å vere ein effektiv metode, fordi så lite av kroppen trong vere over lista på same tid.
Ein annan stor skilnad då og no var underlaget. Til å gjere ein Fosbury-flopp treng ein mjukt underlag, aller helst ein ekte tjukkas, for å ikkje skade seg. Overgangen frå sand og sagflis til mjuk gummi, som også var heva slik at fallhøgda vart mindre, var med på å gi Fosbury og dei andre nye moglegheiter. Tjukkasen er no fast inventar i alle gymsalar, og gong på gong introduserer eg unge elevar for Fosbury-stilen. Mange vel framleis å sakse eller stupe over. Dei er meir vande med trampolinehopping og saltoar enn klassisk høgdehopping. Saksestilen er likevel ein god introduksjon til å lære å hoppe høgt, og ser ein på moderne sportar som parkour, blir det ennå saksa ein heil del.
Maren Bø
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Frå sofaen må høgdehopp vere ein av dei sportane som ser aller vanskelagst ut. Kunsten å hoppe høgare enn si eiga lengd har teke lang tid å lære. I starten av 1800-talet sprang utøvarane rett mot lista, hoppa og landa i hukstilling. Å hoppe høgt med denne teknikken er ikkje lett. Saksehopp som kom litt seinare, med skrått tilløp og eit hopp som ei sidelengs saks over lista, gav meir høgde og opna også vegen for nye tekniske variantar. Googlar ein gamle høgdehopparar, finn ein mykje rart, før floppen til Dick Fosbury på 1960-talet ultimatiserte svevet over lista: tilløp i J-form, sats med ytste fot og svev med ryggen mot lista viste seg å vere ein effektiv metode, fordi så lite av kroppen trong vere over lista på same tid.
Ein annan stor skilnad då og no var underlaget. Til å gjere ein Fosbury-flopp treng ein mjukt underlag, aller helst ein ekte tjukkas, for å ikkje skade seg. Overgangen frå sand og sagflis til mjuk gummi, som også var heva slik at fallhøgda vart mindre, var med på å gi Fosbury og dei andre nye moglegheiter. Tjukkasen er no fast inventar i alle gymsalar, og gong på gong introduserer eg unge elevar for Fosbury-stilen. Mange vel framleis å sakse eller stupe over. Dei er meir vande med trampolinehopping og saltoar enn klassisk høgdehopping. Saksestilen er likevel ein god introduksjon til å lære å hoppe høgt, og ser ein på moderne sportar som parkour, blir det ennå saksa ein heil del.
Maren Bø
Fleire artiklar
Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.
Foto: Anne-Line Aaslund
«Moren» og søstrene hennar
Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.
Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.
Foto: Sara Johannessen Meek / NTB
Flytterett eller vetorett?
Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.
Jasmine Trinca i hovudrolla som Maria Montessori, som med ein ny pedagogikk la grunnlaget for montessoriskular over heile verda.
Foto: Another World Entertainment
Traust revolusjon
Det er null nytt i filmen om nyskapingane til Maria Montessori.
Metodeskuggespel med filter
Yanyas tredje album er innovervendt og lite oppsiktsvekkjande.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.