Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Reinstrid i Norden

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Rengjerde i Jørenskaret.  Reinbeitekommisjonen av 1913 på synfaring.
Universitets Zoologiska Museum.

Rengjerde i Jørenskaret. Reinbeitekommisjonen av 1913 på synfaring. Universitets Zoologiska Museum.

Foto: B. Poppius, Helsingfors Universitets Zoologiska Museum.

4215
20170707
4215
20170707

På Nordkalotten bur det samar, i fleire land. Fleire av samane driv med reindrift, i fleire land. Reindrifta er avhengig av at reinen kan flytte seg, etter beite og vêr, som ved sommarflyttinga til kysten. Dette er det hundreår gammal tradisjon for, og samane ser på det som ein etablert rett. Samane var her først. For denne næringsdrifta er ikkje riksgrensene viktige. Lenge før riksgrensene var på plass, vandra svenske samar og svenske reinar kvar sommar til norskekysten, gjennom norsk land, før dei vandra tilbake om hausten.

For statane er riksgrensene viktige. Grensene definerer statens territorium. Ei grenselaus og grensefri næringsverksemd er dermed ikkje problemfri. Den norsk-russiske grensa vart stengd for reinsdriftssamar i 1826, den norsk-finske i 1852. Men den svensk-norske var altså open.

Den årlege svenske reinvandringa var regulert ved den såkalla Lappekodisillen frå 1751, ein del av den norsk-svenske grensetraktaten. Denne reinvandringa ville nordmennene ha slutt på.

Her var det minst to konfliktfrontar. Den eine fann stad i Noreg, mellom fastbuande bønder og samar. Den vandrande reinen gjorde skade på mark og grøde. Ein norsk tenestemann i Utanriksdepartementet avtente verneplikta i Bardu kring 1910, og kunne fortelje korleis reinen skapte «nakne, avkvistede trestammer» i den vesle skogen som var.

Det var formulert norsk politikk å gjere nordfylka norskare, meir busett av fastbuande bønder. Eitt middel var nydyrking. Bønder frå Østerdalen drog til Bardu og Målselv og dyrka opp jord. Framleis er målet der innblanda med østerdalsspråk.

Fornorskingspolitikken hadde ei tryggingspolitisk side. Fastbuande bønder var eit fastare politisk grep på landsdelen enn omvandrande samar, eit sterkare vern mot faren frå aust, Russland. Argumentet vart nytta i Karlstad-forhandlingane om unionsoppløysinga i 1905.

I den norske politikken var også ein god del av den rådande sosialdarwinistiske tenkinga bygd inn. Geologen og antropologen Andreas M. Hansen kritiserte forhandlingsviljen til regjeringa. Samane var «af en utvilsomt laverestaaende race, som taler et fremmed sprog». På toppen av alt vart det forhandla om rettane til «et annet lands undersåtter».

Svenskane sa tvert nei til å stoppe reinvandringa. At ho skulle halde fram, var «i Karlstad för evärdliga tider fastslagits», sa den svenske utariksministeren. Om Noreg einsidig tok seg til rette, sa han i 1909, «da er det ikke fredelige midler som vil avgjøre spørsmålet».

Å bruke våpen var nok ikkje aktuelt. Heller var det nok snakk om det den kjende svenske pressemannen Torgny Segerstedt kalla det «dårliga humørets politik» som den svenske Lindman-regjeringa førte mot Noreg.

Midt oppi dette tapte Noreg saka mot Sverige om fiskerigrensa i sør, om Grisebåane, som altså vart svenske. Det fraus reinsaka for ei tid.

Og det rulla og gjekk. Svenskane heldt fast på at nomadekulturen hadde «rätt at bestå jämsides den bofasta kulturen», eit argument nordmennene fnyste av. For det første hadde svenskane nyleg vedtatt ei ny jordlov som pressa Västerbotten-samane ut av området sitt og inn mot Noreg. For det andre hadde dei, også nyleg, bygt jernbanen frå Boden til riksgrensa, mot Narvik, og dermed øydelagt eit sentralt kalvingsområde for svenske reinar.

I 1913 oppsummerte Adresseavisa striden. «Hos oss ønsker man at faa lapperne civilisert, litt etter litt gjort til bofaste familier, hvad der ikke utelukker renskjøtsel. Dette, siger svenskerne, er umulig. Lapperne maa efter deres mening vedbli at være nomader. Der stikker adskillig lyrik i svenskerne, og de sværmer litt for denne naturens vilde blomst (...) og de har derfor fundet paa noget om ‘humanitære hensyn’, der gjør det nødvendig at svenske rener spiser de norske nybyggeres høi».

I 1972 fekk vi ein ny reinbeitekonvensjon, der Karlstad-konvensjonen vart oppheva. Svenske reinar kan framleis beite i Noreg, men området deira er blitt mykje mindre. Til gjengjeld har norske samar fått einerett til vinterbeite i visse svenske område. Freden har lagt seg. Såra frå 1905 er grodde. Sverige er ein god granne, både som hummarfiskar og reineigar.

Roald Berg skriv om dette i sitt band av verket om norsk utarikspolitikk.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

Håkon Tveit

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis