JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

De Lange

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Faksimile av Norsk Sjakkblad, nr. 1 1983.

Teikning: Svein G. Myreng.

2400
20210924
2400
20210924

Det er eit hav av historier om Daan de Lange (1915–1988). Som då han ein gong «miste dronninga». De Lange konfronterte den hårete motstandaren, som reiste seg opp og konstaterte at dronninga hadde fest seg i skjegget hans.

Det fyrste sjakkbladet eg fekk i posten som ung gut, var Norsk Sjakkblad nr. 1 1983. Eg las bladet ti–tolv gonger med glupsk appetitt, kva anna kunne ein gjera på den tida? Framsida, ei karikaturteikning av den gamle og for meg ukjende mannen Daan de Lange, sleppte aldri tak i meg.

I sumar intervjua eg historie­forteljaren Erling Kristiansen (84), sjølv noregsmeister frå 1972. Kristiansen er ikkje i tvil om at de Lange var Noregs beste spelar på slutten av 1950-talet. I heimlandet Nederland hadde han spela fotball profesjonelt for Ajax, men ein skade fekk han til i staden å satsa på sjakken. De Lange var inspirert av den rike sjakkulturen i landet og verdsmeisteren Max Euwe frå Amsterdam. De Lange var òg på musikkonservatoriet i hovudstaden, men vart kasta ut av di han dreiv for mykje med jazz.

Under den tyske okkupasjonen flykta de Lange til England og byrja underhalda amerikanske troppar med songar som «We’ll Meet Again». Då han gifte seg og kom til Noreg i 1954, hamna han fyrst i Stavanger, der han ifølgje Kristiansen vann 10–0 mot noregsmeisteren av året, Einar Haave. De Lange drog vidare til Hamar, der han spela piano på Hotel Astoria livet ut. Då han endeleg fekk spela i noregsmeisterskapen i 1960, vann han suverent, to poeng føre nestemann.

I 1966 var både de Lange og Kristiansen på det norske landslaget i sjakk-OL i Havanna. Cubansk TV laga eit TV-program om den norsk-nederlandske sjakkmusikaren. I ballsalen på spelarhotellet sat de Lange ved flygelet då sjakkinteresserte Fidel Castro passerte. «Kan du spela cubansk musikk for oss?» dikterte revolusjonens menn. Nokre år tidlegare skal de Lange òg ha spela for den cubanske eksdiktatoren Batista.

Våren 1988, 72 år gamal, heldt de Lange framleis norsk elitenivå på sjakkbrettet. Han vekte oppsikt med sterkt spel på Gausdal Høyfjellshotell, men før siste runde mot nett Kristiansen sa han: «Eg orkar ikkje meir. Kva som enn skjer, om du byr remis, vil eg ta imot.»

Kristiansen hamna i ei dårleg stilling, baud remis og køyrde de Lange heim til Hamar. Få veker seinare døydde den mest internasjonale personlegdomen i norsk sjakk.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis