JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

Dominerande generasjon

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Viktor Kortsjnoj set seg ned mot ein ung Garri Kasparov under ein simultan i 1975.

2133
20211008
2133
20211008

Kva er den ideelle alderen for menneskeleg kreativitet? Då eg voks opp, sa russarane at 35 år var perfekt. Anatolij Karpov var verdsmeister i sin beste alder, 33 år gamal i 1984. Men så miste han året etter VM-tittelen til Garri Kasparov (22), som heldt tittelen fram til 2000, då Vladimir Kramnik (25) vart ny meister. Den ideelle alderen i sjakk var no 25, meinte ein – og talet vil stadig gå nedover, særleg av di datamaskinane gjer at dei unge får den naudsynte røynsla mykje snøggare og enklare enn før.

Men vi tok feil på ny. Dei åtte beste spelarane i verda i dag har ein snittalder på 30,9 år. Det er òg alderen til Magnus Carlsen, som fyller 31 år den 30. november i år.

Ein annan tanke er at ein generasjon kan dominera så mykje at han kveler neste generasjon. Det klassiske dømet i sjakken er Sovjet-generasjonen fødd før krigen: Verdsmeistrane Petrosjan (f. 1929), Tal (f. 1936) og Spasskij (f. 1937) hadde selskap av eit dusin sovjetiske verdsklassespelarar frå det same tiåret. I spissen for ikkje-verdsmeistrane stod Viktor Kortsjnoj (f. 1931), den mest fanatiske sjakkspelaren verda har sett.

Det overraskande er nemleg at Sovjet ikkje fekk fram absolutte toppspelarar fødde på 1940-talet. Den einaste stjerna frå den tida var amerikanaren Bobby Fischer (f. 1943), som trekte seg ut or sjakken som fersk verdsmeister i 1972. Så då Karpov (f. 1951) vart ny meister i 1975, måtte han dei neste seks åra konkurrera i skandaløse VM-kampar mot den tjue år eldre avhopparen Kortsjnoj.

Carlsen-generasjonen er den sterkaste i historia. VM-utfordrarane Sergej Karjakin (2016) og Jan Nepomnjasjtsjij (i haust frå 26. november) er som nordmannen fødde i 1990. Det franske reknemonsteret Maxime Vachier-Lagrave og vår eigen Jon Ludvig Hammer er òg frå same årgang. Fabiano Caruana, Ding Liren og Wesley So er berre eit par år yngre. Denne gjengen har øydelagt for 20–25-åringane. Ingen av spelarane i dei tidlege 20-åra i sjakken i dag var i nærleiken av å gjenta bragda til Carlsen, Kasparov og Tal, som alle vart verdsmeister i byrjinga av tjueåra.

Atle Grønn

Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Skulpturen «Moren» av Tracey Emin utanfor Munchmuseet i Oslo.

Foto: Anne-Line Aaslund

KunstFeature

«Moren» og søstrene hennar

Kor original er den ni meter høge skulpturen «Moren», som er plassert utanfor Munchmuseet? Før avdukinga 4. juni 2022 hadde kunstnaren Tracey Emin alt produsert og stilt ut nær identiske skulpturar på tre meter.

ÅshildEliassen

Trygve Seim og Frode Haltli har samarbeidd musikalsk i 20 år.

Foto: Hubert P. Klotzeck / ECM Records

MusikkMeldingar
Lars Mossefinn

Praten flyt lett

Samtalen mellom Seim og Haltli er eksistensielt viktig.

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis