Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SjakkKunnskap

To lektorar, mange nobelprisar

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katta-digresjon: I 1995 fann lektor Oskar Garstein ein skatt i boksamlinga til Katta: ein russisk grammatikk frå 1741, skriven på tysk av ukjende Frederik Haugen. Garstein (med boka til Haugen) var religionslæraren min. Han var både dr.theol. og dr.philos. Til venstre sit Alf B. Glad og til høgre Ivar Magnus Ravnum.   Foto: Rolf M. Aagaard / Glads private arkiv

2173
20210514
2173
20210514

«Hadde du Glad eller Ravnum?» Det er eit spørsmål eg har stilt og svara på eit tital gonger. Dei to filologane på Oslo katedralskole var ein institusjon, dei var sentrale i alle hjørna i «russisktriangelet» i Oslo under den kalde krigen: Universitetet, Forsvaret og Katta.

På Forsvarets russiskkurs nr. 5 gjekk Alf B. Glad, Per Egil Hegge og andre heldige «kursantar» (ordet finst ikkje i norske ordbøker, men er vanleg russisksjargong) fødde rundt 1940. Fire år seinare, i 1963, var Glad hjelpelærar på russiskkurs nr. 7 med mellom andre kursant Einar Førde. Ivar Magnus Ravnum (1939–2010) var òg på kurs 7, sjølv om han var for gamal og fekk tilnamnet «starik» («gamlefar»).

Det same året, altså i 1963, starta unge Glad opp russiskundervisning på Oslo katedralskole. Hit kom Ravnum i 1968, og dei to fekk ansvaret for annakvart russiskkull. Dei heldt òg førelesingar på universitetet, og Glad var seinare sensoren min på Blindern. Men på Katta hadde eg Ravnum.

Lektorane delte ein kjærleik til språk og formidling – i og utanfor klasserommet. Glad sette om klassikarar som Turgenjev (Fedre og sønner), Tsjekhov og i vår tid den kviterussiske nobelprisvinnaren Svetlana Aleksijevitsj. Ravnum tok for seg dei tre nobelprisvinnarane Sakharov (fred!), Pasternak og Solzjenitsyn (mursteinen GULag-arkipelet i samarbeid med Hegge og Odd Lund).

Ravnum var som ein russisk bjørn. Han spytta ikkje i glaset på klasseturen vår til Leningrad. Han gjekk innom Narvesen og spaserte inn på Katta med Le Monde og Komsomolskaja Pravda under armen. Det fyrste kvarteret fekk vi ei oppdatering frå Kreml. Etter timen skreiv han vidare på ein kronikk til Akersgata eller ei bok om russisk litteratur og kultur. Det beste minnet er frå russisktimen 23. oktober 1987: «Journalistane ventar på meg utanfor. I går fekk Joseph Brodsky Nobelprisen i litteratur.» Ravnum var den norske omsetjaren av eksilpoeten Brodsky, med til saman seks bøker.

Tysklærar Glad – i dag aktiv pensjonist – sette om nobelprisvinnaren Elfride Jelinek. Fransklærar Ravnum sette om Simone de Beauvoir.

Atle Grønn

Atle Grønn skriv frå sjakkverda
og ei anna verd.

atle.gronn@ilos.uio.no

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis