Sjakklitterære fotnotar
Romanen som Dag Solstad skreiv om Armand V kom ut i 2006.
Foto: Baard Henriksen
Då eg kom til fotnoten om realfagstudenten Paul Buer, ein sentral biperson i Armand V. Fotnoter til en uutgravd roman (2006) av Dag Solstad, var det umogleg ikkje å tenkja på studentsjakkmiljøet på Blindern. Kunne Paul Buer vera sjakkspelar? Paul er barndomsven av Armand, ein talefør filolog. «Når Paul satt blant Armand og hans studievenner, greide [han] ikke få fram et eneste ord. De eneste gangene han sa noe, var når en av de andre filologene ville være hyggelig mot ham, og da hadde han svart: ‘matematikk (senere geofysikk)’ og ‘ja, det er jeg helt enig i’.»
Jentene ved kantinebordet til Armand imponerte verbalt: «Det er i grunnen ikke så rart, sa Paul Buer til seg selv. Husk at det er jo dette de studerer, det de gjør er jo å lære å uttrykke seg, til og med på forskjellige språk.»
Ein dag stakk Paul innom sjakkrommet i underetasjen på Frederikke. Der sat Tor Erik Paulsen frå kollokviegruppa hans. Paulsen inviterte Paul til eit parti: «Forlegenheten som Paul Buer da merket, [førte] ham, med Tor Erik Paulsen som ledsager, til den krets av realister som han kom til å sitte sammen med, og tilbringe mye av fritida si sammen med i årene som fulgte.»
Det var ein arbeidsam og skuleflink gjeng. Dei fleste var reserverte, men det var òg eit par muntrasjonsråd som sytte for at samtalen aldri hadde noko alvor over seg. Det var noko både muntert og trist over realistane. Den mest talentfulle akademikaren var Jan Brosten. Brosten sa ikkje mykje, men når han fyrst tok ordet, gjorde det inntrykk.
Brosten og Buer spela mykje sjakk på Sogn studentby. Brosten spela med intuisjon, ifylgje Solstad: «Først når motstanderen, dvs. Paul, ikke hadde noen mulighet til å unngå det som måtte komme, sjakk matt, ble planen synlig også for Paul.»
Den tredje og siste sjakkreferansen i desse fotnotane kjem på Studenterhytta i Nordmarka. Studentane (òg kvinnelege) ligg i kvar sin sovepose i mørkeret når Brosten plutseleg kjem med ein replikk til ein diskusjon om den menneskelege hjernen versus datamaskinar: «‘En intuitiv verdensmester i sjakk vil aldri være slått på forhånd av selv den mest fullkomne datamaskin’, sa Jan Brosten dypt nede i sin sovepose. Mange ventet spent på hva den femte mannsstemmen ville svare på dette, men da han omsider svarte, var det for å si seg enig med Jan Brosten. Dette førte til en kort stund med stille ettertanke, hvor alle og enhver, i sitt stille sinn, uttrykte sin store takknemlighet overfor menneskets intuitive intelligens, som ikke under noe vilkår har tapt på forhånd.»
Atle Grønn
Atle Grønn er internasjonal meister i sjakk.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.