JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

SpråkKunnskap

Plomma i egget

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2359
20210611
2359
20210611

«Den som et skjoreegg, vert sladren av seg», seier ordtaket. Nokre vert sladrevorne jamvel om dei held seg til egg frå høns. Dei hiv innpå eggerøre, eggedosis, hardkoka og lauskoka egg, speilegg, eggekrem og eggelikør og slarvar i veg. Kan henda unner dei seg nokre marsipanegg og litt smågodt frå eit påskeegg attpå.

Egg er utan tvil eit gamalt arveord. Det er ikkje i ætt med egg (‘kvesst kant; rygg’), men elles veit me lite om opphavet. I dei germanske måla støyter me på former som egg (norrønt, norsk, islandsk, færøysk), æg (dansk), ägg (svensk), aai (frisisk) og Ei (tysk). Engelsk egg kjem frå nordisk. I daglegtalen vert egg som oftast nytta om hønseegg, og me har ei rad nemningar for dei ymse delane av egget. Det ytste laget vert gjerne kalla eggeskal eller eggeskurn. So har me eggekviten, og i midten finn me det kjære barnet med mange namn, som eggerauden, eggegulen, gulegget og eggeplomma (eig. «eggeblomme», jf. dansk æggeblomme, «have det som blommen i et æg»). Her finst òg ein haug med egg som er annleis på skap, til dømes froskeegg.

Sidan me får (eller snarare tek) egga til høna, kan me skjemtande kalla henne eggdonor. Kan me seia det same om gauken? Som me veit, legg han egg i reiret åt andre fuglar. Kvar hoe legg egg som liknar egga til ein særskild vertsart, til dømes heipiplerke eller røyrsongar. Dei lærde kallar det eggmimikry (‘eggetterlikning’). Me skulle radt tru at gauken hermed har lagt gullegget og kan sosa ikring og ha det som plomma i egget, men nei, det er strevsamt å finna høvelege reir til rett tid og leggja egget der utan å verta oppdaga.

Når folk drøfter vanskelege spørsmål, til dømes kven som kom fyrst av høna og egget, hender det at den urøynde tek den røynde i skule. Biletleg sagt: «Egget vil læra høna å verpa.» Me kan seia at den urøynde då «legg eit egg» (‘gjer ein tabbe’), men uttrykket kan òg tyda ‘få ein ljos idé’ og ‘fjerta, fisa’. So har me «klar som eit egg». Kvifor seier me det? I ein artikkel på nett drøfter Språkrådet ymse teoriar, men svaret deira er: «Vi vet ikke.» Ei anna gåte er «ro ned egget». Viser egget til hovudet, eller er uttrykket kopla til dei av oss som har eggstokkar og eggleiarar? Her kunne me vel hatt bruk for eit columbi egg – ei endefram, men genial løysing.

Kristin Fridtun

Kristin Fridtun er filolog og forfattar.
E-post: kristin.fridtun@gmail.com

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Sigrun Slapgard er forfattar og journalist og har skrive ei rekkje kritikarroste biografiar og dokumentarbøker, særleg om sterke kvinnelagnader.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Frikjend av Slapgard

Alle var på fornamn med statsministerektefellen Werna Gerhardsen på 1950-talet. Også KGB.

ArildBye

Tekniske problem mellom Carlsen og Niemann.

Foto: Chess.com

Kunnskap
Atle Grønn

Skandaleduellen

«Før Speed Chess Championship var eg 'gira'. Dette var så spanande som moderne sjakk kan vera.»

Kor mykje skal den enkelte forelder ha å seie over barnet? Spørsmålet er til vurdering når barnelova skal oppdaterast.

Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

PolitikkSamfunn
Christiane Jordheim Larsen

Flytterett eller vetorett?

Skal mor eller far kunne ta med seg barna og flytte langt bort etter eit samlivsbrot? Barne- og familiedepartementet vil gjere det vanskelegare for fleire, men møter motstand.

Den norske komponisten Sigurd Lie (1871–1904).

MusikkMeldingar
Sjur Haga Bringeland

Klår kulokk

Der er både norsk og tysk nasjonalromantikk i Sigurd Lies romansar.

Tordis Ørjasæter er 97 år gamal og reflekterer rundt det å bli eldre, om litteratur, og dagane som går, og tida som har gått.

Foto: Mari Parelius Wammer / Cappelen Damm

LitteraturKultur

Å gå på vatnet i ein blå draum

– Alt er så sterkt no som døden er så nær. Og eg drøymer så mykje og så intenst, ei natt drøymde eg at eg gjekk på vatnet!

Hilde Vesaas

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis