Svarttrasten om vinteren
Vaksen svarttrasthann i svart med knallgult nebb.
Foto: Sveinung Lindaas
Seinhaustes og tidleg vinter – svarttrastsongen er borte frå Noreg ei stund. Ein del individ har reist sørover, eit fleirtal til Dei britiske øyane og resten mot Danmark, Nederland, Tyskland eller Frankrike. Dei som ikkje har drege, er her og overvintrar i Noreg, så langt nord som i Troms. Då syng dei som oftast ikkje.
Men i år opplevde eg ein uventa svarttrastsolo i Botanisk hage i Oslo 29. desember. Fuglen song for full hals under perlemorskyer, rett før dei skulle verte viska bort av natta. Tru om det milde vêret i førjulstida og romjula, eller dei kunstige lysa i byen, hadde vekt songen ut av vinterdvalen? Tidleg marsmånad plar vere tidspunktet for dei fyrste heilhjarta songane hos denne arten.
Sjølv når songen er borte, inneheld vinterrepertoaret mange lydar. Desse er til stades om sommaren òg, men dei fleste druknar i alt det lydlege som går føre seg då. Sjølv når han er utan song, misser ikkje svarttrasten den kraftfulle stemma si: Han er framleis i stand til å ytre det eksplosive alarmropet, som kan bryte vinterstilla som ein hysterisk latter medan fuglen lettar og flyg vekk frå det han oppfattar som ein fare.
Slik som fluktlina går lyden oppover, crescendo, og varslar andre om ein mogleg trugsel. Så finst det mange andre lydar. Den mest lågmælte er skikkeleg låg, og så ulik songen som det går an å førestille seg: ei syltynn plystring, som eit menneskeøyre best kan fange om vinteren, når alt er så mykje stillare. Lyden vert ofte ytra i flukt eller før fuglen lettar.
«I hjernen til songfuglar døyr det kvar haust mange nerveceller som er viktige for songen.»
Svarttrasten har i uminnelege tider bergteke menneske med songen sin. I eit par hundreår har han oppsøkt byparkar, bakgardar og hagar. Han svarar til og med på forsøk på å kome i kontakt, utan å vere så kresen alltid: Eg opplevde det ein dag i heimbyen Blois, då ein fugl song frå djupet av ein busk. Eg tok til å plystre dei same strofene som han på mitt noko sjaglande vis, fekk svar, og vi heldt på i fleire minuttar.
Med slikt tett samliv har vi nokre dyktige svarttrastomsetjarar blant oss. På nettsida til The Sussex Wildlife Trust presenterer forfattaren av den flotte artikkelen om svarttrasten, James Duncan, seks ulike lydar med tyding, til dømes: Kjem det ein rovfugl frå himmelen? Skal ein opprette kontakt med ein annan svarttrast i flukt? Han presiserer at på grunn av kompleksiteten i lydsystemet er ikkje desse eksempela uttømmande, og viser til eit utval av det ein kan høyre. Det er også ganske sikkert at vi ikkje er ferdige med å tolke dette repertoaret, og at fråsegna gjeld fugleartar flest. Her gjev det meining å tale om språk.
Men kvifor syng ikkje svarttrasten om vinteren? Det kan verke sjølvsagt, men grev ein litt, vert ikkje svara så korte. Hovudforklaringa går på at han ikkje treng syngje då, og at han dermed sparer energi ved ikkje å gjere det.
Grunnen til at han ikkje treng det, er at det ikkje er så viktig å forsvare eit revir på den tida av året – territoriet har alt vorte etablert tidlegare, og svarttrastar vert uansett meir sosiale om vinteren. Ein kan også seie at svarttrasten ikkje bør syngje, av di tid og energi bør gå i matsøk og varmeregulering.
Ei anna forklaring, som ikkje utelukkar dei fyrste, men utfaldar seg på eit anna plan, er at svarttrasten ikkje syng om vinteren av di han ikkje kan gjere det då. I hjernen til songfuglar døyr det kvar haust mange nerveceller som er viktige for songen – daglengda tel blant dei fremste faktorane som påverkar denne massedauden.
Om våren skjer det motsette: talet på nerveceller som er viktige for song, aukar kraftig. I tråd med desse endringane syng fuglar meir eller mindre. Eit anna viktig element er den sosiale konteksten. I kva grad ein fugl som svarttrasten ikkje kan, treng, bør eller har lyst til å syngje om vinteren, er eit ope spørsmål, av di arten ikkje har vorte brukt i hjernestudiar spesifikt. Der er kanarifuglar, sebrafinkar, nokre spurve- og meiseartar stjernene, og vi er nøydde til å spekulere på grunnlag av det dei har lært oss, når vi skal prøve å forstå kva som går føre seg hjå andre artar.
Hoe med brun, subtilt spraglete fjørdrakt.
Foto: Sveinung Lindaas
Eit anna vinterspørsmål er kvifor nokre svarttrastar trekkjer og andre ikkje. Igjen, og trass i at desse fuglane er så alminnelege, er ikkje svaret opplagt. Også når det gjeld åtferd, syner svarttrast eit breitt repertoar og fleksibilitet. Det har lenge vorte føreslått at det å trekkje gjev fordelar i form av redusert energiforbruk i varmare strok, samanlikna med eit tilvære lenger nord. Men, som åtferdsøkologen Nils Linek på tyske Max-Planck-Institut nyleg sa i eit intervju i The New York Times, ingen har (kunna) teste om det stemmer. Han og andre forskarar gjorde det nyleg, ved å utruste 118 tyske svarttrastar med «smarte fitnessklokker», spissen av loggarteknologi for fuglar.
Nokre trekte til Sør-Europa eller Nord-Afrika, andre vart verande i Tyskland – der om lag 25 prosent av svarttrastane er trekkfuglar, medan resten er standfuglar. Forskarane greidde å gjenfange 83 av dei. Fitnessklokkene målte kroppstemperatur og hjarterytme kvar halvtime – det sistnemnde for å estimere energiforbruket.
Resultata vart publiserte i det vitskaplege tidsskriftet Nature i september: Individa som trekte, fekk redusert puls og kroppstemperatur i forkant av reisa, samanlikna med dei som ikkje drog. Men då dei var framme i overvintringsområdet, hadde dei igjen like høg puls som dei som heldt seg i kaldare og mørkare Tyskland: Alle brukte like mykje energi i løpet av vinteren, sjølv om dei som trekte, brukte langt mindre på akkurat termoregulering. Kva denne energien gjekk i, er neste spørsmål, som vi kan grunde på medan vi ventar på våren.
Naïd Mubalegh
Naïd Mubalegh har bakgrunn i evolusjonsbiologi og arbeider som forskar, omsetjar og lærar.
naid.mubalegh@gmail.com
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.