Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Kunnskap

Verda blir skapt

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Den britiske vitskapsmannen Charles Robert Darwin gav opp å finne eit svar på  urspørsmålet.

Foto: AP / NTB

3294
20201016
3294
20201016

Å ordne og forstå verda har vore eit prosjekt for menneska i alle tider. For å kunne orientere oss i verda har vi laga tankerammer, der vi har sett inn ting vi heilt sikkert veit og stoler på.

Hendingar tek tid. Alle hendingar har eit startpunkt og ei avslutning: eit liv, ei regnbøye, ein krig, eit fjernsynsprogram. Når hendinga har brukt opp si tilmålte tid, er ho over. Dette er kvardagskunnskap.

Og alt som hender, har ei årsak, ei forklaring. Vår avanserte vitskap jagar ustoppeleg slike forklaringar.

Men korleis starta verda, vår tildelte tilhaldsstad? Når vart det heile sett i gang? Av nokon? Av kven?

Gjennom alle tider har menneska slite med dette, å forstå historia til dei fysiske rammene om livet.

Ei svært vanleg løysing på desse spørsmåla var å skape gudar som fekk forklaringsevne og forklaringsmakt.

Historia er full av skapingssoger og skapingsgudar. Mykje er likt i skapingssogene. Verda vart i desse sogene skapt i eit mørkt kaos.

Og jordi var aud og øydi, og myrker låg yver det store djupet, fortel Moseboka.

Jord var ikkje, opphimmel ikkje, var Ginnungagap, men gras var ikkje, seier Voluspå.

Odin og gudebrørne hans drap urjotnen Yme og laga verda av kroppen hans. Mange gudar var med i skapinga, som dei var det i den greske skapingssoga.

Allah er den islamske skaparguden, som skapte mannen av leire og jord.

Gudane er historiske aktørar historia har fare ille med. Heile gudefamiliar er hamna på den historiske skraphaugen, som dei greske, dei romerske og dei norrøne. Andre, som vår Jahve, har tapt makt og posisjon. For dei fleste er han ikkje lenger den allmektige guden han ein gong var.

Gjennom eit par tusenår har vitskapen bygt opp kunnskap og forklaringsevne. Mange gåter har funne si løysing. Kjennskapen til– og forståinga for – verda rundt oss aukar stendig. Gudane har mindre og mindre å forklare.

Men noko stod att, urspørsmålet: Korleis kom det heile i gang?

Dei fleste lèt spørsmålet liggje, som uløyseleg.

Charles Darwin er av dei store i vitskapens historie. Ved si utviklingslære gjorde han skapinga til ein kontinuerleg prosess. Endringar i naturen skjedde heile tida. Men mot urspørsmålet gav han opp: Mysteriet rundt alle tings byrjing er uløyseleg for oss, og i det minste eg må slå meg til ro med å vere agnostikar.

Siste hundreåret har vitskapen gitt oss ei ny skapingssoge, historia om det store smellet. Einsteins relativitetsteori sa at universet utvida seg, og analysar av lyset frå stjernene viste at det var slik. Då må universet ein gong ha vore ein svært tett og varm materiemasse, som så har eksplodert, før bitane har fare ut i rommet og skapt universet. Den rådande læra er at dette skjedde for 13,7 milliardar år sidan. Då vart universet skapt.

Dette har kosmologar og astronomar funne ut ved skarpe observasjonar, skarpe teoriar og skarp matematikk.

Men vi andre er hekta av. Her hjelper det ikkje å stille med ein brukbar, gammaldags realartium.

Svarlause spørsmål driv omkring. Kva var før det store smellet? Denne tette og varme materiemassen, kvar kom han ifrå? Og kva utvidar universet seg inn i?

Uløyseleg, sa Darwin. Vesle vitet, det strekk ikkje til, sa Ivar Aasen.

Så må også vi, sitjande på det høgaste kunnskapsfjellet historia har sett, vedgå at ikkje alle spørsmål har svar.

Andreas Skartveit

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eystein Hanssen då han talte på LOs representantskapsmøte i 2020, første gong Forfatterforbundet var med som eige LO-forbund.

Foto: Vidar Ruud / NTB

KommentarSamfunn

Forfatterforbundet på ranstokt

Kanskje skulle Forfatterforbundet ha noko å vise til før dei speler ut grådigskapen sin. Som ei byrjing kunne dei offentleggjere medlemslista.

Jan H. Landro

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis