Afghanistan må fylgjast opp
Den viktigaste hendinga i norsk utanrikspolitikk i 2021 var at vi trekte oss ut av Afghanistan. Det var eit stort politisk nederlag, men likevel naudsynt. USA, Nato og Noregs krigføring i landet førte ingen stad og var eit feilgrep. Men etter å ha vore i Afghanistan og kriga i 20 år har vi no sjølvsagt eit medansvar for den alvorlege situasjonen som no er i landet, med ekstrem fattigdom og mange som flyktar.
For å kunne bidra etter beste evne med naudhjelp og bistand må vi godta at Afghanistan no er styrt av Taliban. Difor bør vi vera til stades i landet og ikkje berre gje bistand gjennom frivillige og internasjonale organisasjonar. Direkte kontakt med Taliban-regimet er naudsynt for kunne bidra mest mogeleg positivt.
Ei interessant utvikling, som Cecilie Hellestveit er inne på i ein kommentar i dagens avis, er at Organisasjonen for islamsk samarbeid (OIC) med 57 medlemsland og ein av dei største mellomstatlege organisasjonane i verda, no har stilt krav til Taliban om å etterleva internasjonale traktatar om menneskerettar.
Mange av desse medlemslanda, som Iran, Saudi-Arabia, Syria og Qatar, har ikkje truverd når det gjeld oppfølging av dei same pliktene i eige land. Og OIC-erklæringa om menneskerettar er spegla av kva plass islam skal ha i samfunnet.
Men likevel, fordi det er islamske land som stiller visse krav til Taliban, har dette interesse. For krava kan ikkje avvisast av Taliban som vestleg kulturimperialisme. Det gjev dessutan von om at dei islamske landa sjølve tek eit større ansvar for ei positiv utvikling i Afghanistan. Truleg har dei betre sjansar for å lukkast på eitt eller anna vis enn det USA, Nato og Noreg hadde. Og nokre av OIC-landa har meir enn nok pengar til å kunne bidra med bistand.
Afghanistan kjem til å halda fram som del av eit viktig geopolitisk område. Men Afghanistan-politikken dei siste 20 åra har synt oss at FNs politikk om humanitære intervensjonar er mykje meir problematisk enn det forkjemparane, blant anna Noreg, har skjøna.
Svein Gjerdåker
Dag og Tid ønskjer alle ei god jul og eit godt år i vente.
Neste avis kjem fredag 7. januar.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Morten Søberg er direktør for samfunnskontakt i SpareBank 1 og har skrive fleire essaysamlingar om økonomi, politikk og skriftkultur.
Foto: Spartacus
Fall og vekst i Sør-Atlanteren
Morten Søberg er best når han ser vidare enn pengestellet.
I heimen sin på Norneshaugane ved Sogndal har Idar Mo forfatta eit hundretal innlegg om norsk samferdslepolitikk, dei fleste om uforstanden i satsinga på jernbanen.
Foto: Per Anders Todal
Talknusaren og den store avsporinga
For Idar Mo i Sogndal er ikkje buss for tog noko å sukke over. Det er framtida.
Tanya Nedasjkivska i Butsja i Ukraina sørger over ektemannen, som var mellom dei mange myrda sivilistane som russiske invasjonsstyrkar på retrett lèt etter seg langs gatene i 2022.
Foto: Rodrigo Abd / AP / NTB
«Utan den militære støtta ville Ukraina i dag vore okkupert av Russland.»
Kart: Anders Skoglund, Norsk Polarinstitutt
Arvingane til Amundsen
Om lag 200 menneske vitjar Sørpolen kvart år. Denne sesongen sette fire nordmenn av garde på ski. Ikkje alle kom fram.
Hübner (t.v.) mot verdsmeister Karpov i 1979.
Foto: Rob Croes / Anefo
Doktor utan fjas
Den mest akademiske sjakkspelaren i historia døydde sundag 5. januar, 76 år gamal.