Bistand som problem
I Dag og Tid-serien «Noreg i verda» skriv Terje Tvedt denne veka om det norske freds- og bistandsarbeidet i Sør-Sudan. 15 milliardar bistandskroner har Noreg brukt i dette fattige landet, der Kirkens Nødhjelp og Norsk Folkehjelp var tungt inne som aktørar, og der Noreg var med i skipinga av den nye staten i 2011.
Den norske Sudan-politikken er eit nytt døme på korleis den norske staten og norske friviljuge bistandsorganisasjonar på grunnleggjande måte påverkar utviklinga i fattige land.
Diverre har norske styresmakter i altfor liten grad teke inn over seg korleis denne politikken har fungert, og kva føresetnader vi har for å nytta store pengesummar i fattige land.
Det er vanskeleg nok å få til ein god norsk distriktspolitikk. Kvifor er vi då så sikre på at vi skal kunne oppnå fred og utvikling i konfliktfylte, fattige land som har ein heilt annan kultur og historisk bakgrunn?
Tanken bak er god, men i praksis er denne type utanrikspolitikk svært problematisk. Med alle pengane våre snur vi opp ned på lokalsamfunn. Vi undergrev ofte lokalbasert eksisterande økonomisk verksemd, og – i tilfellet Sudan – endrar òg på sjølve statsmakta.
Korleis ville det gått, og korleis ville vi reagert, om Kina hadde brukt milliardar av kroner på alle mogelege tiltak som dei meinte var støtteverdige i vårt eige land?
Norsk bistandspolitikk vart etablert i ei tid då ein var overtydd om at bistand verkar. No veit vi at det ikkje er så enkelt. Etter tiår der verda har endra seg radikalt, der Kina og India er vorte viktige i verdsøkonomien, og der land i Afrika har ein årleg økonomisk vekst på mellom fem og ti prosent, er det på tide å diskutera heile bistandsmodellen på nytt. Noreg skal framleis arbeida for ei meir rettvis verd, og vi skal gjera alt vi kan for å prøva å hjelpa fattige land til betre styresett og økonomisk utvikling. Men vi treng ein grundig debatt om korleis ein slik politikk skal utformast. Då er det viktig at vi lærer av tidlegare feil.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.