Den merkelege verda
til idrettsforbundet
Dei siste avsløringane i VG om pengebruken i Norges idrettsforbund er øydeleggjande for truverdet og autoriteten til organisasjonen. Over 10 millionar kroner til konsulentselskapet First House, over 300.000 til lagbygging internt i NIF-styret, 1,8 millionar over fire år til fotballspelaren Jan Åge Fjørtoft for nettverksarbeid – og kuriøst nok 12.500 kr til langrennslauparen Bjørn Dæhlie for at han stilte opp på TV 2 for å tala varmt om eit OL i Oslo.
I årsmeldinga til Norges idrettsforbund for 2016 står det at forbundet er «en frivillig og medlemsbasert organisasjon» der legitimiteten til styret «er tuftet på det som skjer hver eneste dag i alle idrettslag over hele landet».
Nettopp. Difor er det merkeleg at Idrettsstyret ikkje har teke dette inn over seg, og ikkje har late den nøkterne kulturen i det friviljuge lagsarbeidet vera retningsgjevande for Idrettsstyrets eiga drift og eigen praksis. Berre på den måten kan styret motivera dei mange lokale medlemene og eldsjelene til dagleg dugnadsinnsats. Dette er enkel organisasjonspsykologi.
Hadde medlemene i styret late kulturen i den lokale idretten vere styrande også sentralt, hadde dei ikkje kome i uføret dei er i no. For det er ikkje i møta med dei lokale idrettslaga oppover Hallingdalen eller Østerdalen at pengane har sete laust. Det er fyrst og fremst i iveren etter å løfta fram toppidretten at mykje av den kritikkverdige pengebruken har skjedd.
Norges idrettsforbund skal ta seg av både breiddeidretten og toppidretten. Forbundet burde halda seg meir til breiddeidretten. Pengekulturen i den mest gjennomkommersialiserte og globaliserte delen av toppidretten – med enorme pengesummar i omlaup – kan vanskeleg sameinast med ein medlemsbasert friviljug organisasjon som fyrst og fremt er avhengig av ein stor dugnadsinnsats.
Svein Gjerdåker
Dag og Tid ynskjer lesarane ei god julehelg.
Neste avis kjem 29. desember.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.