Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

FN pressa på Gaza

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
2001
20240202
2001
20240202

Land etter land, blant dei Tyskland, USA og Storbritannia, har no vedteke å setja på vent den økonomiske støtta til FNs hjelpeorganisasjon for palestinske flyktningar i Midtausten. Grunnen er at 12 lokalt tilsette i FN-organisasjonen er tekne for medverknad til terroren i Israel 7. oktober. To av dei er no døde, dei andre skal vera oppsagde og vert vonleg straffeforfylgde.

I tillegg siterer Wall Street Journal denne veka israelske etterretningsrapportar på at 1200 FN-tilsette på Gaza har tilknyting til Hamas eller Islamsk jihad. I så fall talar vi om 10 prosent av dei 12.000 FN-tilsette på Gaza. Om Israel her overdriv, driv krigspropaganda eller kva Israel meiner med Hamas-tilknyting, er ikkje vi i stand til å vurdera.

Det er likevel ikkje uventa at også FN-tilsette på Gaza har tilknyting til Hamas. Dei 12.000 FN-tilsette på Gaza-stripa er stor sett lokalt tilsette palestinarar. Hamas har ikkje berre drive krig og terror mot Israel. Hamas har hatt makta og ein dominerande posisjon på Gaza i snart 20 år, med ei eller anna form for involvering i det meste som har føregått der. Som skulane, helsestellet og kulturlivet.

Då står ein sjølvsagt i fare for at også lokalt FN-tilsette lèt seg trekkja med i ulike Hamas-aktivitetar, inkludert dei væpna gruppene. Det islamistiske Hamas har vore ei ulukke for palestinarane, Midtausten og verda, men lokalt på Gaza har dei klart å stå fram òg som ein velferdsorganisasjon – og ikkje berre som ei islamistisk kamporganisasjon.

Men sidan FN har reagert tydeleg, sagt opp dei tolv mistenkte, vore klare på at dei tek saka på alvor og vil forfylgja henne, må vi lita på det og halda fram støtta til FN på Gaza. I praksis har vi ikkje noko val. Det krigsråka folket på Gaza kan ikkje no etter månader med katastrofal israelsk bombing, lite hjelp utanfrå og innesperra som dei er, i tillegg oppleva at FN vert ytterlegare svekt på Gaza. Og kva er alternativa til FN-hjelpa på Gaza på kort sikt? I praksis ingen.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Fleire artiklar

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

Forfattar og siviløkonom Martin Bech Holte har vore både forskar i samfunnsøkonomi og leiar i næringslivet.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Når rikdom blir eit problem

Martin Bech Holte kjem med ein diskutabel analyse og friske fråspark i Landet som ble for rikt.

Gjermund BakkeliHaga

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis