Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Fridomen

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

Illustrasjon: Kristin B. Bruun

2330
20170908
2330
20170908

EPISTEL

Etter at landet hadde vorte okkupert, kjende folket på saknet etter fridom. Ein hær vart samla, og dei gjekk til åtak på okkupanten. Hæren drap soldatar og øydela krigsinstallasjonar. Men til slutt vart opprørsleiaren fanga og teken inn til avhøyr:

– Kvifor krigar du mot oss? Vi er komne for å berga dykk frå myrkret. Vi gjennomfører reformer i landet ditt: Vi grunnla det første postvesenet, oppretta myntverk, fekk bygd møller til å mala korn og pumpa vatn, innførte renovasjon i byane, installerte gatelys, bygde vegar og kanalar, byrja å byggja eit sjukehus for fattige, fekk trykt dei første bøkene på arabisk. Vi grunnla òg ein vitskapleg publikasjon og ei dagsavis, opna handelskontor og etablerte eit folkeregister.

Opprørsleiaren svara:

– Men den største og viktigaste verdien for folket og landet er fridomen. Denne har de teke frå oss. De har kvelt suvereniteten vår.

– Eg vil ikkje avretta ein mann som gjer ein heltedåd for fridomen til folket sitt, sa okkupanten.

– Eg vil ikkje at historia skal fortelja at eg avretta ein som forsvarte sitt eige land. Difor vil eg tilgje deg mot at du betalar ei erstatning: Du har drepe soldatane mine og skada installasjonane til hæren. Du må betala ti tusen gullstykke for dette.

– Eg har ikkje ein slik sum, men folket mitt, som eg har kjempa for, vil gje meg pengane, sa opprørsleiaren.

Opprørsleiaren fekk handjarn på seg. Kvar dag vart han leidd til basaren av fengselsvakter for å prata med rike kjøpmenn og forretningsfolk. Han hadde håp om at dei ville setja pris på fridomskampen hans, og at dei ville samla inn beløpet for å setja han fri. Men dei egoistiske og pengegriske innbyggjarane han hadde ofra livet sitt for, gav ingen respons. Tvert om skulda dei han for å vera grunnen til at byen deira var øydelagd og den økonomiske situasjonen dårleg.

Opprørsleiaren kom attende til okkupanten og sa til han:

– Eg fekk ingen respons frå folket mitt, dessverre. Eg kan ikkje betala erstatning til deg.

– Då har eg ikkje anna val enn å avretta deg. Ikkje fordi du drap soldatane våre og organiserte motstand mot oss, og ikkje fordi du ikkje skaffa erstatningssummen, men fordi du risikerte livet ditt for eit feigt, egoistisk folk som elskar pengar og karriere meir enn fridom.

Walid al-Kubaisi er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis