Fritt Ord-avisa
Dag og Tid har fått Fritt Ords Pris for 2017. Dag og Tid er den fyrste avisa som får prisen. Det er ei stor ære. Takk til styret i Fritt Ord for tilliten.
Takk også til alle som har gjort dette mogleg. Både noverande og tidlegare journalistar, redaktørar og faste skribentar. Og administrasjonen, saman med noverande og tidlegare styre, som har gjort det økonomisk mogeleg å få ut avisa år etter år.
Grunngjevinga til Fritt Ord-styret er rosande. Det skal alle som har hatt med avisa å gjera, ta til seg. Dette er ein pris til den kollektive dugnaden. For utgjevinga av avisa har opp gjennom åra nettopp vore som ein dugnad med stor innsats frå mange.
Prisen gjev oss auka autoritet, men viktigast er det at han forpliktar oss til å syna oss prisen verdig. Aviser er ferskvarer, og vi er ikkje betre enn førre avis.
Men det er ikkje noko hokuspokus å laga ei god avis. Det viktigaste er at ein held seg med dyktige folk, som har breitt kunnskapsnivå og som kan skriva godt og levande. Avisa må ikkje vera føreseieleg, og ho må sleppa til ulike synspunkt. Dessutan – og dette er grunnlaget for det heile – må ein syta for orden i den økonomiske drifta.
Dag og Tid vart skipa i ei tid då partiaviser prega det redaksjonelle innhaldet. Dag og Tid skulle derimot gje uttrykk for si eiga sunne og fornuftige meining og vera ei fri vekeavis på nynorsk.
Det har avisa klart. Og vi skal halda fram med å vera maktkritiske, gje rom for ulike røyster og utfordra dei dominerande tenkjemåtane som pregar det norske offentlege ordskiftet.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.
Dag og Tid har fått Fritt Ords Pris for 2017. Dag og Tid er den fyrste avisa som får prisen. Det er ei stor ære. Takk til styret i Fritt Ord for tilliten.
Takk også til alle som har gjort dette mogleg. Både noverande og tidlegare journalistar, redaktørar og faste skribentar. Og administrasjonen, saman med noverande og tidlegare styre, som har gjort det økonomisk mogeleg å få ut avisa år etter år.
Grunngjevinga til Fritt Ord-styret er rosande. Det skal alle som har hatt med avisa å gjera, ta til seg. Dette er ein pris til den kollektive dugnaden. For utgjevinga av avisa har opp gjennom åra nettopp vore som ein dugnad med stor innsats frå mange.
Prisen gjev oss auka autoritet, men viktigast er det at han forpliktar oss til å syna oss prisen verdig. Aviser er ferskvarer, og vi er ikkje betre enn førre avis.
Men det er ikkje noko hokuspokus å laga ei god avis. Det viktigaste er at ein held seg med dyktige folk, som har breitt kunnskapsnivå og som kan skriva godt og levande. Avisa må ikkje vera føreseieleg, og ho må sleppa til ulike synspunkt. Dessutan – og dette er grunnlaget for det heile – må ein syta for orden i den økonomiske drifta.
Dag og Tid vart skipa i ei tid då partiaviser prega det redaksjonelle innhaldet. Dag og Tid skulle derimot gje uttrykk for si eiga sunne og fornuftige meining og vera ei fri vekeavis på nynorsk.
Det har avisa klart. Og vi skal halda fram med å vera maktkritiske, gje rom for ulike røyster og utfordra dei dominerande tenkjemåtane som pregar det norske offentlege ordskiftet.
Svein Gjerdåker
Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.