Dei gamle fylka som valkrinsar
Kor mange valdistrikt skal vi ha no etter den nye regionreforma? Skal valdistrikta framleis fylgja den gamle fylkesinndelinga med 19 fylke, eller skal dei reduserast til 11, som er talet på dei nye regionane?
Rapporten frå Vallovutvalet som regjeringa sette ned, kjem fyrst 27. mai, men Aftenposten kunne denne veka fortelja at fleirtalet i utvalet går inn for å halda på dei gamle fylka som valdistrikt. Av representantane frå dei politiske partia i utvalet var det ifylgje Aftenposten Frp, Høgre, KrF, Sp og Raudt som støtta fleirtalet. Representantane frå Venstre, MDG, Ap og SV vil altså ha berre 11 valkrinsar.
Det er særs gledeleg at fleirtalet landa på den gamle ordninga. At Høgre støttar den gamle ordninga, må tyda på at det enno er ein rest av konservatisme att i partiet. Venstre, derimot, svekkjer på nytt Venstre som distriktsparti.
For det er for å sikra ein rettvis representasjon også frå distrikta at vi må halda på dei gamle valkrinsane. Valkrinsinndelinga er noko anna enn regioninndelinga. Valkrisane skal mellom anna syta for at vi får ei samansetjing av Stortinget som er geografisk representativ.
Har ein 19 krinsar – i motsetnad til 11 – garanterer det i seg sjølv at det kjem representantar frå til dømes Sogn og Fjordane, Finnmark eller Aust-Agder – som i dag er dei minste valkrinsane.
Hadde representantane frå Arbeidarpartiet og SV vunne fram, måtte nominasjonsmøta i dei ulike partia ha sikra denne fordelinga sjølve. Det ville nok skjedd no i byrjinga etter samanslåinga, men på sikt har vi ingen garanti for det. Det kjenner vi att frå mange av dei gamle kommunesamanslåingane, der den vesle kommunen som slo seg saman med den store, snart miste representantar i kommunestyret.
Det er å vona at desse partia overprøver representantane sine i utvalet, som fylkesmann Knut Storberget frå Ap, og er med på å sikra innstillinga frå fleirtalet.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.