Store sterke menn
Valet i Tyrkia førre helg er eit nytt døme på korleis tyranni kan byggjast og tryggjast med demokratiske verkemiddel, i dette tilfellet med ekte røystesetlar. Fleirtalet av tyrkiske veljarar ville faktisk ha Recep Tayyip Erdogan til president, med utvida fullmakter og i all æve, og dei fekk det.
Under radaren går noko liknande føre seg i vesle Nicaragua. Der har dei òg ein folkevald president, Daniel Ortega, som har vunne val etter val og fått endra grunnlova så han kan halda fram i jobben til han stuper. Då tek vel visepresidenten, kona hans, over.
Det finst mange andre døme på denne nye hybriden – folkevalt tyranni. Det oppstår når den sitjande presidenten får disponera alle statens ressursar og tilsette til eige bruk i valkampen. Skaffar han – det er alltid ein han – seg òg kontroll over dei viktigaste informasjonskanalane, kan presidenten styra nett kva veljarane får vita om han, og om opponentane. Russland er eit godt døme.
Det skal mykje til for å bli kvitt ein slik president når han fyrst har fått bita seg fast og møblert grunnlova, parlamentet, rettsvesenet, politiet og forsvaret etter eigne behov. Kan hende lèt det seg ikkje gjera på demokratisk vis.
Difor ser me no ein sped oppreist mot presidenten i Nicaragua, men Ortega veit meir enn dei fleste om slikt. Det var med oppreist han i si tid tok makta frå Somoza, den førre diktatoren i landet. Ortega vantar no rett nok gulrøtene som Venezuela tidlegare har forsynt han med, og står att med berre pisken.
Den sterke mannen har folket i ryggen nett så lenge han er sterk. Viser han veikskap, kan folket fort falla han i ryggen og fylka seg om ein meir lovande rival. Slik er det gamle Game of Thrones, og røynslene frå Libya, Syria og Irak har vist kva som hender når utanforståande vil blanda seg inn. Då blir alt berre verre, for alle veit no at den som må hjelpast i posisjon av framande makter, ikkje kan bli nokon bergingsmann.
Erdogan får gratulera seg sjølv. Me kan berre ønskja opposisjonen mot han, og mot alle såkalla landsfedrar på endelaus kontrakt, betre lukke neste gong.
Johan Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.