Høgare skatt for oppdrettsnæringa
Denne veka skriv vi om den nye NOU-rapporten om framtidig skattlegging av den norske havbruksnæringa. Rapporten er velskriven og ein interessant innføringstekst i heile sakskomplekset.
Det er i dag 100 oppdrettsselskap som driv i næringa. Fire av desse selskapa står for 50 prosent av produksjonen, som i 2018 var på i alt 1,3 millionar tonn laks og aure.
Fyrstehandsverdien av denne produksjonen var på 67 milliardar kroner, bidraget til BNP var på 32 milliardar. For å setja det i perspektiv: Bidraget frå det vanlege «villfisket» var på 13 milliardar kroner. Lønsemda i oppdrettsnæringa, i røynda 600 anlegg, er òg høg, særs høg. Like eins aksjeverdiane.
Noko av grunnen til denne enorme innteninga er at næringa i praksis opererer innanfor eit eksklusivt, lukka system der nokre få selskap har nærast full kontroll over alle konsesjonane – konsesjonar som i røynda er utan tidsavgrensing og såleis altså evigvarande.
Men føresetnaden for heile næringa, og dei enorme inntektene, er utnytting av avgrensa felles naturressursar som staten har gjeve oppdrettarane disposisjonsrett til. I slike tilfelle, som i petroleumsnæringa, er det brei semje om at hovudinntekta frå verksemda skal gå tilbake til fellesskapen i form av det vi kallar grunnrente.
Ei slik grunnrente er no det einaste fornuftige å gjera krav på andsynes denne næringa, noko fleirtalet i NOU-utvalet føreslår. Diverre føreslår utvalet berre ei grunnrente på 40 prosent. Ho burde vore på nivå med petroleumsnæringa – altså 56 prosent, som er nivået i dag.
Og mesteparten av denne grunnrenta må gå til staten, ikkje til kommunane der produksjonsanlegga ligg. Nettopp av di inntektene er baserte på utnytting av ressursar som tilhøyrer heile fellesskapen, og av di konsesjonane er avgrensa og såleis eksklusive for dei kommunane som alt har fått oppdrettsanlegg. I tillegg er mange av dei negative sidene ved lakseoppdrett, som svekking av villaksstammene, eit tap for landet.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.