Kven øydela Haiti?
Statsminister i Haiti Ariel Henry gjekk denne veka av, motvillig, etter ny og valdeleg oppreist.
Foto: Bing Guan
I 1994, for 30 år sidan, berga Bill Clinton med våpenmakt frå US Marines i Operation Uphold Democracy presten og presidenten Jean-Bertrand Aristide, den fyrste folkevalde presidenten på Haiti. Til så lenge.
I 2004, for 20 år sidan, blei den same Aristide fjerna, «kidnappa», som han sa, av US Marines under kommando av dåverande president George W. Bush.
Tryggingsrådet i FN, der Frankrike er fast medlem, sa tre dagar før kuppet nei til ei bøn frå den regionale organisasjonen Caricom om fredsstyrkar til Haiti. Straks Aristide var sett på flyet mot eksilet sitt, sa tryggingsrådet ja til fredsstyrkar.
Verdsbanken og den interamerikanske utviklingsbanken hadde lagt stein til børa og bensin på bålet ved å halda attende 500 millionar dollar som Haiti alt hadde fått tilsegn om, svarande til halve statsbudsjettet på Haiti, medan USA og Canada hadde kutta bistanden etter at Aristide vann presidentvalet i 2001.
Motiva USA, Frankrike og Canada kan ha hatt for å freista bli kvitt nett denne presidenten, er omstridde. Aristide kravde 21 milliardar dollar attende til Haiti, ekvivalenten til summen som Haiti hadde måtta kjøpa seg fri frå slavelenkjene til kolonimakta Frankrike med. Den utpeikte etterfølgjaren, Gérard Latortue, fråfall kravet. Bush-regjeringa følgde vel naturen sin og sponsa den haitiske eliten og andre opponerande «kjeltringar i kortbukser og dress».
Denne veka gjekk også statsminister Ariel Henry av, motvillig, etter ny og valdeleg oppreist. Henry tok over då president Jovenel Moïse blei drepen i 2021, og avlyste valet som elles kunne kasta han, etter eit kjent mønster. Jean-Bertrand Aristide er unnataket som stadfester regelen.
Perfekt var vel ikkje han heller. Visste dei som fjerna president Aristide i 2004, kva dei gjorde? Om ikkje var dei like naive som den koalisjonen som ville verna Libya mot Gaddafi, og som sidan måtte venda seg vekk.
Som amerikanaren seier: Det du øydelegg, må du svara for. Orkanar og jordskjelv unnateke.
Johan K. Brox
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.