JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Ned i gjørma

Når skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen

It seems that you don't have a PDF plugin for this browser. Click here to download the PDF file.

6125
20170908
6125
20170908

I ei offentleg Facebook-ytring 3. september 2017 skreiv styreleiar i Norsk PEN, William Nygaard, at «blant våre rikspolitikere er det nok Sylvi Listhaug som ligger tettest på en autoritær og rasististisk (sic!) fascisme i norsk politikk i dag». Nygaard innleia posten med å seie at han «bryter et tabu om fascisme og advarer for egen regning», altså mot Listhaug som tett på fascisme og rasisme.

Dette er sterke ord. Det finst mest ikkje meir fordømmande omgrep enn fascisme og rasisme. For å finne ei liknande skulding mot ein norsk statsråd må ein vel attende til Georg Johannesen, som på 1950-talet kalla utanriksminister Halvard Lange «den vellykka Vidkun Quisling».

Nygaards retorikk er særleg sterk fordi han sjølv burde vere klår over at det ikkje er dekning for han etter vanlege definisjonar av fascisme og rasisme. Hos Listhaug finn ein ikkje tilslutning til det antidemokratiske fascistiske førarprinsippet, og heller ikkje til ideane i den klassiske rasismen om at visse folkegrupper er biologisk overlegne.

bera skit med hanskar

I oppfølgingsintervju i Dagsavisen og Verdens Gang måndag 4. september hevda Nygaard at han ikkje hadde karakterisert Listhaug som fascist. Dette meiner eg er å snike seg unna. Reint formelt har Nygaard berre sagt at Listhaug står nærare fascismen og rasismen enn nokon annan politikar i landet. Men så dum kan han ikkje vere at han ikkje veit korleis ei slik utsegn vert oppfatta ute i folkedjupet han elles er så oppteke av at ein ikkje må spele på. I praksis knyter han Listhaug til fascisme og rasisme. Når han relativiserer dette med talemåtar som «tettest på», og etterpå seier at han ikkje har kalla henne noko stygt, vert det som å bere skiten med hanskar, og etterpå seie at ein ikkje har tatt i han av di hanskane var imellom.

I intervjua forklarer han omgrepa fascisme og rasisme med at Listhaugs «retorikk» stimulerer undertonar av fascisme og rasisme i befolkninga. Det vil seie at Listhaug snakkar om innvandringsspørsmål på ein slik måte at sjølve den språklege stilen set folkegrupper opp mot kvarandre og fører til dårleg handsaming av minoritetar og framvokster av fascisme. Men hovudgrunngjevinga hans for kvifor han meiner at ho lyt knytast til rasisme og fascisme, er «at Listhaug ved sin grunnholdning betrakter flyktninger og innvandrere som en risiko i stedet for som en ressurs i vårt samfunn på flere nivåer».

Dette er alvorlege skuldingar som òg mange andre har retta mot Listhaug. Men sjølv om Nygaard skulle ha rett i at Listhaugs stil skapar motsetnader, vil ikkje det seie at Listhaug som person kan knytast til fascisme eller rasisme i den meininga vi til vanleg oppfattar desse omgrepa. Det Nygaard skildrar, er framandfrykt. Han meiner at framandfrykta ligg under som ei grunnhaldning hos Listhaug. Dette er òg ei alvorleg skulding, men ikkje nok til å knyte Listhaug til uhyggelege retningar som fascisme og rasisme.patriot frå 1950-talet

I verdisaker som familie, ekteskap og surrogati er Listhaug verdikonservativ, og står KrF nær. Ho står fram mykje meir som ein heilt vanleg norsk patriot frå 1950-talet enn som ein Benito Mussolini frå 1930-talet. I synet på nasjon, innvandring, islam og fleirkultur er ho perfekt som innvandringshindringminister, men mindre skikka til å vera integreringsminister.

På grunn av dei sterke nasjonale draga i politikken hennar, med snakk om norske verdiar og vern om norsk velferd, kritikk av radikal islam og stram innvandringsretorikk, fell ho lett inn i rolla som talerøyr for populistiske straumar.

Dimed risikerer dei som ikkje likar politikken hennar, å sjå henne som populistisk stereotyp.

Det inneber ein fare for at norsk politikk som er lite polarisert, kan verte smitta av den mykje krassare internasjonale striden mellom populistar og liberalarar, der populistane omtalar liberalarane som landssvikarar, medan liberalarane ser på populistane som nazistar.

Dette er kommentarfeltas erobring av den offentlege samtalen, og dei lyt drivast attende. Når skitkastinga vert stoverein òg for dei som går i smoking, går politikken over i rein revirkamp.

dagsordenen

Dei som ikkje likar Listhaug og meiner at ho har ein utoleleg stil, må forstå at å knyte henne til rasismen og fascismen, er det same som å seie at skepsis til høg innvandring på kort tid, er rasisme og fascisme. Korleis skal det vere mogeleg å føre eit sakleg ordskifte viss spørsmålet om når innvandringa går frå å vere ressurs til å verte risiko, ikkje kan settast på dagsorden utan at dei som er meir opptekne av risiko enn ressurs, skal skjellast ut som rasistar? Er det fascisme å tru at høg innvandring frå lågkostland til eit Noreg utan høvelege arbeidsplassar for slik innvandring, ikkje er ein økonomisk ressurs, men ein risiko for velferdsordningar og for gruppekonfliktar, fordi det skapar økonomiske og kulturelle parallellsamfunn? Er det fascisme å meine at ei slik utvikling i dagens verd aukar terrorfaren i Noreg òg? Korleis tenkjer Nygaard seg at eit ordskifte om grensene for innvandring skal gå føre seg dersom den eine parten i saka vert definert som fascist og rasist?

Ein hovudgrunn til at vi heilt sidan 1990-talet, og lenge før Listhaug var påtenkt som minister, har hatt eit forgifta innvandringsordskifte, er ikkje minst at akademikarar med verdikonservativ skepsis til høg innvandring har halde seg unna, mykje på grunn av den typen utskjelling som Nygaard nå går i spissen for.

Nygaard trur sikkert at han med åtaket sitt på Listhaug forsvarar liberale verdiar. Men når så giftige omgrep som fascisme og rasisme vert nytta utan dekning, vert dei devaluerte til skjellsord i ein politisk skyttargravskrig der grensa mellom sanning og lygn er like porøs som EUs yttergrenser. Dette fremjar ikkje liberale verdiar, men driv menneske ut frå dei opplyste delane av det offentlege rommet.

Kaj Skagen er forfattar og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Korleis tenkjer Nygaard seg at eit ordskifte om

grensene for innvandring skal gå føre seg

dersom den eine parten i saka vert definert som fascist og rasist?

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis