Noreg ut av krigen
USA har vedteke å trekkja resten av militærstyrkane som er att i Afghanistan, ut av landet innan 11. september. Utanriksministeren i USA, Antony Blinken, meiner at USA og Nato no har oppnådd målet dei har sett seg, og at tida er inne for å trekkja seg ut.
Blinken, som var ein av pådrivarane for Libya-krigen under Obama-regjeringa, eig knapt skamvit når han kan seia noko slikt. Å prøva å vri oppsummeringa av denne mislukka krigen på ein slik måte er uansvarleg og i strid med det som har hendt i Afghanistan dei siste 20 åra.
USA, Nato og Noreg skulle aldri gått til krig mot Afghanistan i 2001, men avgrensa seg til å bomba festningane, holene og skjulestaden til Osama bin Laden og Al Qaida i Tora Bora i Afghanistan.
Når USA no trekkjer seg ut, vil Noreg gjera det same. For som utanriksminister Ine Eriksen Søreide seier: «Norge gikk inn i Afghanistan sammen med våre allierte, og vi vil trekke oss ut sammen.»
Det siste er sjølvsagt, det fyrste var eit stort mistak. Men det vil norske styresmakter aldri vedgå. Det er i og for seg forståeleg, for fleire norske soldatar har mista livet i Afghanistan, og då sit slike vedgåingar langt inne. Men som nasjon kan ikkje vi slå oss til ro med det når vi har delteke i ein krig i 20 år.
Det har vore gjort freistnader på å evaluera Noregs innsats i Afghanistan – som det såkalla Godal-utvalet i 2016. Men det kom det lite ute av. I oppfølginga av rapporten i Stortinget kom dåverande utanriksminister Børge Brende med frasar som «kvinners rettigheter i Afghanistan er blitt styrket» og det «finnes planer for å bekjempe korrupsjonen».
Når Noreg no snart er ute, og folket i Afghanistan trass i 20 års krig og enorme bistandsmidlar framleis lever med undertrykking og krig, må vi få gjort ei skikkeleg og truverdig evaluering av Noregs 20 år lange deltaking i krigen.
Men den kjem ikkje regjeringa, same kva parti ho er sett saman av, til å ta initiativet til. Difor må andre gjera det. Kva om Chr. Michelsens Institutt, NUPI og Institutt for fredsforskning gjekk saman og tok eit slikt initiativ?
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.