NRKs gratisavis
Medietilsynet har nyleg kome med ein rapport om NRKs innverknad på mediemangfaldet. Rapporten konkluderer med at NRK på nettet ikkje «ser ut til å medføre vesentlige konkurransebegrensninger i markedene som er analysert».
Men det er vanskeleg å skjøna at det ikkje skal ha vesentlege konsekvensar for konkurransen at Noregs desidert største mediehus legg ut alt stoffet dei lagar, gratis på nettet, medan andre må ta betalt for det same.
Ta Ytring-spalta til NRK-nett, til dømes, der dei publiserer kronikk etter kronikk. Tidlegare var dette stoffet reservert for avisene. Ingen «vesentlige konkurransebegrensninger»? Merkeleg. Eller dei mange og lange reportasjesakene som NRK legg ut på nettsida si. Til dømes denne veka om ein uskuldig valdtektsdømd mann. Ei lang sak som ville vore ei god lesesak over fleire sider i ei avis. Ingen «vesentlige konkurransebegrensninger»? Kan det stå til truande?
NRK skulle opphavleg laga god radio og godt fjernsyn. Men med NRK-plakaten i 2007 fekk NRK utvida fullmakter til å sikra «attraktive tilbod» på dei nye medieplattformene. Den sjansen har NRK gripe med liv og lyst. Resultatet har vore ei storsatsing på nettet dei siste ti åra.
Det er freistande å la NRK halda fram satsinga på gratisavisa – for dei lagar Noregs beste allmenne nettavis. Og kvaliteten på mange av dei andre nettsidene er dårleg. Men nettsatsinga til NRK har gått for langt, og følgjene kan vera alvorlegare enn det Medietilsynet trur.
For Dag og Tid og mange nisjeaviser har det lite å seia. Kanskje er NRKs nettsatsing snarare positiv for slike aviser, sidan nettavisa til NRK er gratis og mange difor kan unna seg ei nisjeavis i tillegg. Men samla sett svekkjer truleg NRK mediemangfaldet og inntektene til mange norske aviser. Dessutan gjev NRK lesarane inntrykk av at god journalistikk er gratis på nettet. Men god journalistikk kostar, og han må betalast av nokon.
Dette bør Kulturdepartementet ta alvorleg i arbeidet med ein ny mediepolitikk. Landslaget for Lokalaviser og Mediebedriftenes Landsforening bør no gå grundig gjennom rapportane som konklusjonen er tufta på, drøfta dei på fagleg grunnlag og føreslå konkrete tiltak for å sikra mangfald og kvalitet i norsk presse.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.