Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Leiar

Småleg frå regjeringa

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
1655
20171103
1655
20171103

Regjeringas framlegg til kutt i støtta til ei rekkje små norske friviljuge organisasjonar er svært uheldig for dei mange som har glede av arbeidet desse organisasjonane utfører. Vi talar ikkje her om dei store organisasjonane, som Raudekrossen eller Kirkens Nødhjelp, men små organisasjonar som med lite pengar klarer å få til mykje.

Det er merkeleg at Høgre går inn for desse budsjettmessige uvesentlege innsparingane i statsbudsjettet, for vektlegging av friviljug arbeid er ein del av det ideologiske grunnsynet til partiet.

Det same gjeld for Frp, som i prinsipprogrammet skriv at «frivillige organisasjoner er en viktig del samfunnet og bidrar til mangfold gjennom personleg engasjement. Velferdssamfunnet er avhengig av innsatsen til frivillige organisasjoner for å kunne løse fleire samfunnsoppgaver».

At Frp vil kutta støtta til organisasjonar med tilknyting til landbruket – som 4H og Norges Bygdekvinnelag – er vel ikkje uventa. Men kvifor kuttar dei i støtta til Norsk forbund for utviklingshemma og tilskota til krisesentera for kvinner? No må Venstre og KrF nytta tid og krefter på å lyfta desse postane tilbake til utgangspunktet. Vi har sett det same spelet om pressestøtta dei siste åra.

Dette er eit openbert taktisk spel frå regjeringa si side. Venstre og KrF får nokre budsjettsigrar på denne måten, men i det store biletet er det tale om småpengar. Forhandlingane mellom regjeringa og stortinget burde derimot dreia seg om dei store pengane – om viktige vegval framover. Ikkje om å henta tilbake smålege kutt til Jussbuss, som gjev viktig gratis rettshjelp til folk som ikkje har råd til det.

Svein Gjerdåker

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis