Ungdomsvald
Det har vore nok av åtvaringar om at valdskriminaliteten blant born og unge har auka.
Politiet ved Bogerud T-bane i Oslo etter ei knivstikking i 2020.
Foto: Jil Yngland / NTB
Regjeringa har oppretta ei «hurtigarbeidende ekspertgruppe som skal utrede tiltak som kan settes i verk overfor gruppen unge som begår gjentatt og alvorlig kriminalitet». Bra! Og på tide. For situasjonen vi no er i, har ikkje kome over natta. Det har vore nok av åtvaringar om at valdskriminaliteten blant born og unge har auka.
Born av innvandrarar er overrepresenterte blant dei som står bak valdskriminaliteten. Det er ikkje uventa sidan vi dei siste tiåra har hatt ei særs stor innvandring, samstundes som vi har teke for lett på dei utfordringane det skaper når mange kjem frå heilt andre kulturar enn vår eigen. Vi har enda opp med for mykje segregering. Særleg i Oslo, der mange skular i dag nærast er reine innvandrarskular.
Men her og no handlar det om strakstiltak for å hindra fleire offer for vilkårleg vald. Ifylgje politidirektør Marie Benedicte Bjørnland er det i Noreg i dag vel 200 born og ungdomar under 18 år som står bak mykje alvorleg valdskriminalitet. Det er mange nok, men må vera overkomeleg å få gjort noko med.
Fleire av dei er under 15 år. Vi må for all del unngå å senka den kriminelle lågalderen og plassera born under 15 år i fengsel, med liten sjanse for å skjerma dei mot vaksne kriminelle. Samstundes kan dei ikkje gå tilbake til gata dagen etter at dei er tekne for eit ran – som om ingenting har skjedd. Det er ein hån mot offera og mot tryggleiken til ålmenta.
Kva strakstiltak kan ein så nytta? Ideen til regjeringa om «nasjonale trygghetshus» er lovande. Eit bu- og rehabiliteringstilbod styrt av barnevernet der borna kan få ei «helhetlig oppfølging av helse, barnevern, politi og andre rundt barnet».
Men då må ein kunna kontrollera og forby mobilbruk og hindra dei i å forlata huset og området dei er i. Hugs at politidirektøren talar om born som utfører «svært alvorleg kriminalitet». Då må barnevernet kunna nytta strenge sanksjonar.
Eit anna framlegg som bør prøvast, er fotlenkje som avgrensar kvar dei kan gå og opphalda seg. Likeins tett éin-til-éin-oppfølging av unge kriminelle i kortare eller lengre periodar. Det hastar med tiltaka, og ein må vera førebudd på at det kjem til å kosta mykje pengar. Men det vert dyrare på sikt om ein ikkje handlar no.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Alexander L. Kielland (Espen Hana) stig ned frå sokkelen til sine to kvinner, Lisa (Malene Wadel i gult) og Beate (Marianne Holter i blått). I bakgrunnen ramnen (Matias Kuoppala) og Bjørnstjerne Bjørnson (Amund Harboe).
Foto: Grethe Nygaard / Rogaland Teater
Når Kielland stig ned frå sokkelen
Det er 175 år sidan forfattaren Alexander L. Kielland blei fødd. No vert han feira med eit biografisk portrett på teaterscena.
Tom Roger Aadland kan sjå tilbake på 20 år som artist.
Foto: Birte Magnussen
Ein mangslungen veg
Tom Roger Aadland er ein av landets aller mest solide låtskrivarar.
Johannes Engelsen Espedals «Brottsjø» (2023) er laga av eit gamalt stakittgjerde frå kyrkjegarden ved Hoff kyrkje på Toten.
Foto: Eva Furseth
Retrobølgje på Haustutstillinga
Haustutstillinga 2024 er ei spenstig og særs variert utstilling. Her er det ingen kunstnarar som trampar i takt.
Partileiinga etter landsmøtet i Sosialistisk Venstreparti 22. februar 1976: Frå venstre nestleiar Steinar Stjernø, ny formann Berge Furre, nestleiar Berit Ås, parlamentarisk leiar Reidar T. Larsen og partisekretær Rune Fredh. Plakat: Mot kapitalmakt.
Foto: Henrik Laurvik / NTB
Personleg rapport om SV
Boka Steinar Stjernø har skrive om SV, reiser indirekte mange spørsmål utan svar.
Ukrainsk personell bruker søkjelys når dei ser etter russiske dronar.
Foto: Gleb Garanich / Reuters / NTB
Pengar er makt
Krigen utløyser stadig nye kontroversar, som når kopeken får nytt namn, medan dei russiske droneåtaka forsterkar konflikten mellom Belarus og Russland.