JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Samfunn

Norske tilstandar

– Me har altfor lenge nekta for at gjengkriminalitet har vore eit problem i Noreg, meiner Einar Haakaas.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Politiet i Oslo sentrum etter ei mogleg knivstikking.

Foto: Tor Erik Schrøder / NTB

7334
20240809

Samtalen

Einar Haakaas, journalist og forfattar

Aktuell: Gjengkriminalitet i Oslo

7334
20240809

Samtalen

Einar Haakaas, journalist og forfattar

Aktuell: Gjengkriminalitet i Oslo

sofie@dagogtid.no

Natt til laurdag vart to personar utsette for vald og knivstikking i Oslo. Fire gutar under 18 år er sikta for åtaket. Ein av dei er under den kriminelle lågalderen. Ifølgje rapporten «Barne- og ungdomskriminalitet i Oslo 2023» er det ein auke i den registrerte kriminaliteten blant 10–15-åringar.

– Du skreiv i 2018 boka Advarsel. Svenske tilstander i Norge. Kva fortel denne utviklinga deg?

– Eg ser eit bilete der ein har same grunnleggjande situasjon som i Sverige, at barn blir brukte av kriminelle nettverk. Situasjonen har eskalert i Noreg, men er verre i Sverige, der det er mykje bruk av våpen. Problemet er ikkje nytt, men har blitt meir synleg. Barn heilt nede i 11–12-årsalderen har lenge blitt brukte i Noreg til å selje narkotika på gata. Likskapane mellom Noreg og Sverige har vore der lenge, men er no meir synlege.

– Me får inntrykk av at det er meir vald no enn før?

– Det er litt tilfeldig, utviklinga i Noreg lever sitt eige liv, uavhengig av Sverige. Kontakten til Sverige har alltid vore der mellom gjengane. Young Bloods har til dømes lenge hatt kontakt med nettverk i Göteborg. Likevel, det er mykje merksemd kring gjengane og gjengleiarane i Sverige, og når desse difor trekkjer over grensene, aukar aktiviteten også i Noreg. Men det er vanskeleg å seie sikkert kvifor det har auka i Noreg. Dette har jo fått lov til å utvikle seg over tid, og aktørane, ungdomane, ser at det dei gjer, ikkje får konsekvensar. Eg har sjølv sett korleis dei herjar med folk i Storgata. Ofte blir ikkje tjuveri melde til politiet, så mørketala er nok store. Den auka valden kan også vere ein konsekvens av at fleire gjengleiarar er fengsla. Dette har ført til ein anarkistisk situasjon. Inntektene til dei kriminelle har blitt ustabile. Me snakkar her om barn som har få sperrer. Dei har vent seg til ein måte å leve på som er spesiell, som er utanfor lover og reglar.

– Korleis hamna me her, meiner du?

– Me har altfor lenge nekta for at det har vore eit problem i Noreg. Politikarane har lukka augo for dette og trøysta seg med at det er verre i Sverige. Noko av årsaka er også den politiske situasjonen i Noreg. Me har vore redde for å gi ei røyst til ytre høgre.

– Viser du til innvandringsdebatten?

– Mellom anna det, ja. Me har berøringsangst på same måte som me har sett i Sverige i mange år. Me fortrengjer heile problematikken.

– Det er ein sterk påstand å seie at politikarane har lukka augo for dette?

– For fem år sidan debatterte eg temaet på Arendalsveka. Der deltok toppar i justis, politiet og fagforeininga deira. Dei nekta alle for at me har noko som liknar svenske tilstandar i Noreg. Det er berre ei unnskyldning for å ikkje gjere noko, meiner eg.

Foto: Kagge forlag

– Fryktar du at me kan sjå svenske tilstandar i Noreg?

– Tja, det kriminelle mønsteret er likt. Noreg er ikkje Sverige, og ein viktig ulikskap er måten me bur på. I Sverige har du fått utsette område der kriminaliteten har kunna vekse og gro. Dette har ført til at det er stader politiet ikkje tør å gå inn i. I Noreg er det eit meir integrert busetjingsmønster. Men me kjem ikkje utanom diskusjonen om parallellsamfunn. Folk som lever i ei anna verd i Noreg, utviklar eigne verdiar, og desse ungdomane blir ofte ståande i spagat mellom det norske samfunnet og opphavslandet, som har sine eigne normer. Klansamfunnet står sterkt i andre kulturar, og denne måten å forstå samfunnet på ser me att i innvandrarsamfunn. Klanen blir viktigare enn statsapparatet, og då blir det enklare å utnytte denne ungdomen.

– Men mange av desse er jo ikkje sjølv innvandrarar, men barn eller barnebarn av innvandrarar.

– Ja, det er ikkje bra. Det er andregenerasjonsinnvandrarar som er mest utsette. Viss den generasjonen klarar seg bra, er utviklinga vidare positiv. Det er viktig at me ser ein samanheng med sosial tvang og vald og kriminalitet. Det er jo ein samanheng som er litt vond å sjå, men debatten er viktig å ta. Nett no er det akutt med desse ungdomane som flyg rundt og viftar med kniv og potensielt kan skade andre. Trass i at det er uklare tal på dette området, meiner eg det faktisk er eit integreringsproblem.

– Ola Svenneby, leiaren i Unge Høgre, presenterte ei liste over tiltak mot ungdomskriminalitet som stod på trykk i Klassekampen onsdag. Mellom anna vil han vurdere bruk av fotlenkje på ungdomskriminelle som har forbod mot å vere i Oslo sentrum, la eit krisepoliti patruljere gatene og vurdere å sanksjonere foreldra til gjengangarar blant dei unge kriminelle, til dømes ved å fjerne barnetrygda. Han vil også senke den kriminelle lågalderen frå 15 til 13 år. Er det ein god idé?

– Eg er redd politikarane skal overgå kvarandre. Noko av det same ser me i Sverige. Dei innser, tilsynelatande plutseleg, kor ille det er, og så tippar det heilt over. Der har dei snakka om å setje inn hæren. Når det gjeld å senke den kriminelle lågalderen, meiner eg det ikkje er ei løysing. Det vil berre gjere situasjonen verre. Dei kjem rett inn i ein kriminell skule og blir omgitt av menneske som er kriminelle. Det er kanskje det verste som kan skje desse ungdomane. Me må byggje opp velfungerande alternativ. Barnevernet fungerer ikkje godt nok, fleire av ungdomane går ut og inn av desse institusjonane. Det er rett og slett ikkje tilrettelagt godt nok for denne typen ungdom.

– Eg vil tru tiltaka til Svenneby vil føre til synlege resultat, som jo er det me treng no?

– Tiltaka til Svenneby er korttenkte, for dette er barn frå familiar som allereie slit, så tiltaka vil gjere vondt verre. Kuttar ein barnetrygda, må barna skaffe pengane på andre måtar. Eg er sikker på at slik situasjonen er framover, kjem det fleire slike punkt som er tekne ut av lufta. Det kan bli ganske ille. Det er det som skjer når det har kokt lenge nok, det koker over. Då kjem desse ekstreme tiltaka.

– Men me kan jo argumentere for at det er ein akutt situasjon. Treng ein ikkje då strakstiltak?

– Den akuttsituasjonen har vore der lenge. No er han merkbar, sjølv på Aker Brygge.

– Kva meiner du me bør gjere då?

– For det første treng me ei realitetsorientering. Innsjå at me har eit problem, ikkje nekte for det. Deretter setje i verk tiltak i tråd med korleis situasjonen er. Tiltak må kome fort, og burde ha kome for lenge sidan. No startar debatten, men problemet med den er at politikarane, som eg har nemnt, i stor grad overgår kvarandre i ekstreme tiltak. I Romerike fengsel (Ungdomsenhet Øst) har dei eit tilbod der ungdomane kan vere verna og samstundes bli haldne unna. Eg trur me treng fleire slike institusjonar.

– Fengsel er jo tiltak for dei som allereie har drive med kriminalitet. Kva førebyggjande tiltak ser du føre deg kan fungere?

– Strakstiltak frå politiet er naudsynt. På same tid meiner eg det nokre gonger blir for mykje fokus på dei kriminelle ungdomane i staden for å sjå på dei kriminelle nettverka bak. Nokre styrer og profitterer på desse unge. Det er mykje viktigare å fjerne desse nettverka enn å setje utnytta barn i fengsel.

– Er det trygt i Oslo, slik du ser det?

– Ja, det er nokolunde trygt i Oslo. Men me ser jo at det skjer einskildtilfelle, og dei tilfella er alvorlege nok til at me bør ta affære.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ivo de Figueiredo.

Ivo de Figueiredo.

Foto: Agnete Brun

BokMeldingar

Få kjenner Munch betre

Ivo de Figueiredos tobindsbiografi om Edvard Munch er nyansert og underhaldande.

Henrik Martin Dahlsbakken

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis