Viktig folkerøysting
Fylkestinget i Finnmark vedtok før påske å halda folkerøysting om samanslåing av Finnmark og Troms fylkeskommunar. Folkerøystinga skal vera 14. mai, med høve til førehandsrøysting frå 7. mai.
Bra! Fylkesstyret i Finnmark har gjort eit klokt og viktig vedtak. Så synd at ikkje fleire fylke har gjort det same. Østfold, til dømes, som skal inn i den merkelege konstruksjonen Viken og koma i same fylke som Haugastøl og Kongsberg.
Ei meiningsmåling som NRK fekk laga, syner at 86 prosent i Finnmark er mot tvangssamanslåing av dei to fylka Finnmark og Troms. 10 prosent er for. I Troms er 73 prosent mot samanslåing, 21 prosent for.
Dessutan vil 72 prosent i Finnmark halda fram kampen mot samanslåinga sjølv om samanslåinga er vedteken av Stortinget. 50 prosent vil det same i Troms. Dette er tydeleg tale og syner at vedtaket til Stortinget har svært liten støtte lokalt.
Og det er lett å skjøna. Finnmark og Troms har kvar for seg sterke identitetar knytte til seg. Dessutan veit nok finnmarkingane med seg sjølve at på sikt vil dei tapa på ei samanslåing. Når det nye storfylket er på plass, vil mykje over tid verta sentralisert mot Tromsø. Noko anna vil vera svært overraskande.
Regjeringa og kommunal- og moderniseringsminister Monica Mæland står så langt på sitt: «Jeg er kjent med den sterke motstanden i Finnmark og at de nå planlegger en folkeavstemning. En folkeavstemning vil ikke bringe noen nye momenter inn i saken. Stortinget kjente også godt til denne motstanden begge gangene sammenslåingen ble behandlet», seier ho i ein e-post til Dag og Tid.
Men skulle fleirtalet i Finnmark røysta mot samanslåinga, vil Stortinget tena på å snu i denne saka. Det ville vore eit godt døme på eit smidig og lydhøyrt demokrati der staten høyrer på folket. I Noreg, der demokratiet står sterkt, kan vi nettopp tillata oss slike snuoperasjonar. Statsmakta vert ikkje svekt av den grunn. Snarare tvert om, det vil heller auka truverdet til regjering og storting.
Svein Gjerdåker
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Fleire artiklar
Familien Nerdrum ved garden i Stavern.
Foto: Agnete Brun / NRK
Ikkje alt er politikk
Politiseringa av Nerdrum-familien er påfallande i lys av kor upolitisk Nerdrum eigentleg er.
Torje Hommedal Knausgård tek mastergrad i fransk ved Universitetet i Oslo. Lea Marie Krona gjer det same i tysk. Dei har få å sitje i kollokviegruppe med.
Foto: Sigurd Arnekleiv Bækkelund
Framandspråka forsvinn
Tilgangen på framandspråk er større enn nokon gong. Likevel er det stadig færre som vil studere dei.
Teikning: May Linn Clement
Forgard i nord
Kan USA kome til å ta over Grønland med makt?
Rune Slagstad på veg inn til Finansdepartementet i november i fjor.
Foto: Dag og Tid
Fylgjene av konkurransestaten
Rune Slagstad syner korleis venstresida lenge har gløymt røtene og prinsippa sine. Der andre held seg til vande spor, gjenetablerer han vona om at vi kan finne ut av kva som er viktigast å diskutere.
Jean-Marie Le Pen døydde 7. januar, 96 år gamal.
Foto: Stephane Mahe / Reuters / NTB
Ein politisk krigar har falle
Jean-Marie Le Pen (1928–2025) vart ein nybrotsmann for all høgrepopulisme i dag.