JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Attfunnen modernist

Medan ho levde, markerte Eva Bull Holte (1922–1993) seg som målar og grafikar. I dag er ho ukjend for dei fleste.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Eva Bull Holte: «Det lysner – The new forest», ca. 1971.

8364
20220909
8364
20220909

Utstilling

Haugar Kunst­museum, Tønsberg

Eva Bull Holte

21. mai–18. september

Trass i at ho jamleg stilte ut på større museum og galleri, også i utlandet, og endåtil er innlemma i samlingane til Nasjonalmuseet og Kode, fekk ho ikkje plass i forteljinga om den norske kunsthistoria. Dette er ein lagnad mange dyktige kunstnarar deler. Anerkjenning i samtida er slett ingen garanti for at ein vert hugsa av ettertida.

Eva Bull Holte har endåtil eit eige museum i Seljord, der ein kan sjå kunsten hennar i sommarsesongen. Verka i utstillinga ved Haugar Kunstmuseum er valde ut frå den omfattande samlinga til dette museet. Det er eit svært viktig arbeid slike små museum gjer. Trass i innsatsen som vert lagd ned her, er heller ikkje dette tilstrekkeleg.

Det som krevst, er at dei store og anerkjende musea trør til. Og no har Haugar Kunstmuseum løfta Holte fram. Dei har laga den største særutstillinga av henne som nokon gong har vore vist i eit større museum. Alle salane i første etasje er fylte med fargefunklande verk. Her får dei besøkande fin oversikt over ulike fasar i eit aktivt kunstnarliv, frå Holte for alvor tok til å stille ut i 1948 og framover i tid, heilt til 1992, året før ho døydde. Museet har også gitt ut ei bok om kunstnaren med fleire innsiktsfulle kunstfaglege tekstar.

Det er slett ikkje kvardagskost å få møte ei så stor utstilling av ein kunstnar ein knapt kjenner til, og aldri hadde sett originalverk av. Eg var svært nyfiken på korleis eg kom til å oppleve verka hennar. Eg visste at Holte måla i den seinmodernistiske stilen som var typisk for hennar tid, men hadde bilda tolt tida? Korleis står verka hennar seg i samanlikning med verka til dei mange andre kunstnarane frå same tid?

Tidlege arbeid

Utstillinga er vakkert montert med god lyssetjing, noko som er særleg viktig for kunst som i hovudsak handlar om fargeklangar.

I det første rommet heng tidlege verk. Her er landskapsmotiv frå Telemark, andre er måla i utlandet, særleg i Frankrike, Italia og Storbritannia. Måleria heng tett, dei er gjerne små i format og synleggjer trongen til å eksperimentere med stil og farge. Her kan vi følgje med i jakta etter eit eige kunstnarleg uttrykk.

Verka er vakre i koloritten; klåre og reine fargefelt vert lagde inntil kvarandre. Inspirasjonskjeldene er tydelege, særleg frå fransk modernisme. Holte hadde ei solid utdanning, ho studerte kunst i tolv år. Under krigen lærte ho keramikk ved Statens håndverks- og kunstindustriskole i Oslo, deretter måleri ved Kunstakademiet og til slutt, i fire år, måleri ved ein kunstskule i Paris.

Særleg interessant er «Figur ved vindu, selvportrett», måla i åra 1957–60. Her har ho skildra seg sjølv som skulpturell form. Den blåkledde figuren er rank og urørleg, med hendene falda og håret ordna i ei streng frisyre. Blikket vert trekt mot dei grønblå augeepla. Auga er utan pupillar, noko som er med på å understreke at sjølve forma er viktigare enn å skildre henne sjølv. Dette ubevegelege gjer figuren klassisk, ei evig og uforanderleg form, frosen fast i eit roleg og harmonisk no.

Medan kvinna er skildra med mjukt bogne linjer, er omgjevnadene harde og kantete. Den strenge komposisjonen får liv av den uredde fargebruken og penselføringa. Dei kraftige fargane er påførte lerretsflata med raske og heftige strøk. Gjennom vindauget er eit bylandskap stramt rissa opp. Perspektivbruken i bildet er bevisst gjort på ein måte som motarbeidar opplevinga av å sjå inn i eit tredimensjonalt rom.

Kvar gong vi forsøker sjå innover i bildet, vert vi kasta ut att. Såleis leikar kunstnaren med oss, her er det ikkje brukt sentralperspektiv for å skape romverknad, tvert om vert vi minte om at vi ser på den lerretsflata som måleriet er måla på. Interessa til kunstnaren ligg i å utforske fargen og komposisjonen, heller enn å skape ein røyndomsnær illusjon.

Eva Bull Holte: «Figur ved vindu, selvportrett», 1957-60.

«Dommerne»

Dei andre portretta i utstillinga er ikkje fullt så interessante. I staden for desse arbeida skulle eg svært gjerne sett meir grafikk. I boka Haugar Kunstmuseum har gitt ut om Holte, har kunsthistorikaren Frida Forsgren framheva henne som pioner nasjonalt så vel som internasjonalt nettopp for utforskinga av grafiske teknikkar. Ho arbeidde med målariske kvalitetar innan trykketeknikkar og hadde utvikla ein særeigen teknikk med etsing av treplata som ho brukte til å trykke tresnitt med. Dette pionerarbeidet kunne eg godt tenkt meg å bli nærare kjend med, men her er det berre stilt ut nokre få frå grafiske blad, mellom anna det vesle tresnittet «Dommerne» frå 1948. Motivet er utført med enkle og effektive verkemiddel, med vekt på horisontale og vertikale linjer. Trykket er ei humoristisk skildring av tre underlege typar som granskar ei bok. Tittelen fører assosiasjonane til ein rettssal, men dette kan også vere ei visualisering av dei tre aldrane: ung, vaksen og gamal, eit velkjent motiv i kunsthistoria.

Landskap

Resten av utstillinga legg vekt på landskapa, som var Holtes hovudmotiv. Frå sekstitalet av finn ho fram til sin måte å arbeide på, ho deler opp landskapa i tydeleg åtskilde fargefelt. Ho forenklar landskapet på modernistens vis i flater. Fargebehandlinga er interessant, særleg sterkt er det som var måla på syttitalet.

Mange av verka er blitt til utandørs, framfor motivet. Ho køyrde gjerne moped med stor tilhengar der ho hadde måleutstyret sitt, for å kome til stader som fenga henne mest. Holte utvikla ein god evne til å formidle fargane i landskapet og få fram forskjellige stemningar. Vi ser att dei same landskapa gjennom ulike årstider, variasjonar i atmosfæriske tilhøve. Då endrar paletten seg og dannar heilt nye motiv.

Det store måleriet «Det lysner – The new forest» viser eit vidstrakt landskap med jorde som er delte inn i mindre teigar. Dei langstrekte horisontale stripene, som vert brotne av skrånande linjer, minner om eit hav med store rolege bølgjer. Formene vert innimellom brotne av lauvtre, stiliserte i forma. Ein vert litt i stuss over tittelen, her er vel ingen skog? Kan hende viser ho til dei grøne felta mot horisonten mot høgre? Eller er det ein slags kommentar, at her var det skog før, men han er borte no?

Måleriet bivrar i gylne brune og grøne tonar. Fargeflaka er måla lag på lag med tynne strøk. Såleis får ho fram rike og eigenarta fargetonar. Denne særprega kvaliteten er uråd å overføre til eit fotografi. Dette er måleri som først utfaldar seg i full prakt når du står framfor dei.

Landskapsmåleria hennar har store nonfigurative kvalitetar. Måten verka er konstruerte saman på, av geometriske former, er interessant i seg sjølv, også om ein ser vekk frå motivet. Med åra endrar ho palett og tilnærming, men ho vik aldri frå landskapet, slik mange andre seinmodernistar gjer. Ho slepper ikkje det figurative for å kaste seg ut i den reint abstrakte, nonfigurative komposisjonen som vert så viktig for samtidige kunstnarar som Irma Salo Jæger (f. 1928), Jakob Weidemann (1923–2001), Lars Tiller (1924–94) og Ludvig Eikaas (1920–2010).

Det er kanskje derfor ho vart gløymd, for ho ikkje tok steget fullt ut og såleis ikkje passa inn i forteljinga om det seinmodernistiske måleriet? Kunstverda kan vere nådelaus mot sine eigne. Særleg var denne tida streng, og dei som veik frå den smale stien, vart gjerne ekskluderte. Ein kan heller ikkje stikke under stol at ein overveldande prosent av kvinnelege kunstnarar vert marginaliserte til fordel for mannlege kollegaer.

Kven som er toneangjevande eller ikkje, kven som er aktuell for utstilling eller ei, har meir med trendar å gjere enn vi likar å tenke.

Eva Bull Holte: «Dommerne», tresnitt, 1948.

Eit godt møte

Det var fint å verte kjent med verka til Eva Bull Holte. Ho lukkast med å finne sin måte å gjere det på og fann fram til fargekomposisjonar som gjorde stort inntrykk på meg. Ho utgjer eit friskt supplement til kunsten som vi definerer desse tiåra med. Museet fortener honnør for jobben dei har gjort med å fremje kunsten til Holte.

Det ligg fleire slike kunstnarar og ventar, dyktige utøvarar som vart gløymde, og som ventar på å verte blåst støv av. Dette krev mykje arbeid, men når resultatet vert så godt som i denne utstillinga, er vinsten stor. For publikum er det spennande å få gløtte ned i nyleg opna skattekister. Dette arbeidet er med på å gjere musea meir spennande og aktuelle.

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Ei lauvtynn silisiumskive foredla til mikrobrikker på laboratoriet til Sintef i Forskingsparken i Oslo.

Foto: Sindre Deschington

ReportasjeFeature

Mikrobrikkene som formar framtida

Finst det ein snarveg til å forstå stormaktsspelet og teknologien bak dei viktige databrikkene? Ja, ein kan ta turen til Sintefs laboratorium på Blindern i Oslo.

Christiane Jordheim Larsen

Einar Økland heime i Valevåg.

Einar Økland heime i Valevåg.

Foto: Helge Skodvin

Kultur

Samlaren

Einar Økland vil helst høyra noko han ikkje har høyrt før – og så skriv han ein lyrisk tekst som han ikkje visste at han kunne skriva. Deretter held han fram med å samla.

Jan H. Landro

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis