JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

Meldingar

Balansekunst

Aimee Manns niande album står ikkje tilbake for dei tidlegare platene hennar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Songpoeten Aimee Mann skildrar mindre lukkelege stunder.

2623
20170331
2623
20170331

Rock

Aimee Mann:

Mental Illness

SuperEgo/Border

Aimee Mann, ein påliteleg songpoet når det kjem til å skildre livets mindre lukkelege stunder, er tilbake med Mental Illness, eit knippe nye songar som vil leve opp til forventningane til dei kresne lyttarane hennar. Lyttarane har nemleg vorte vande med høg kvalitet, ikkje minst med omsyn til tekstane til Mann. Karakteristikken frå Nick Hornby i The New Yorker for nokre år sidan held seg godt: «simple, direct, sweet, resonant», skreiv han, og meinte at mange av romanane han fekk i fanget, ikkje heldt same litterære nivå som songane til Mann.

Dramatisk ironi

I ein Mann-song heiter det ikkje «du elskar meg ikkje lenger», innsikta må ramme hardare enn det, som i: «du har aldri elska meg» («You Never Loved Me»). Mennesket som kjenner seg litt for ovanpå, får melding om at «det hadde vel vore topp om livet gjekk som planlagt, hadde det ikkje?» Men niks, snart snur det seg, du veit det berre ikkje enno («Patient Zero»). Mann er god på etterpåklokskap og dramatisk ironi, utan at songane hennar nokon gong får baske seg i skadefryd.

Eg er neppe åleine om å ha komme over Aimee Mann for første gong då songen «Save Me» dukka opp i den magiske sluttsekvensen i Paul Thomas Andersons Magnolia (2000), eit storverk som visstnok alt i utgangspunktet skal ha vore inspirert av songane hennar – Anderson skreiv fleire verseliner inn i dialogen i filmen.

Folkrockinspirert

Mental Illness er Manns niande studioalbum, og det har gått fem år sidan førre utgiving, Charmer (2012). I intervju har ho nemnt folkrockplater frå 1960- og 1970-talet som inspirasjonskjelder, og gjengen ho har med seg, har verkeleg hjelpt henne å treffe det uttrykket ho var ute etter. Mannskapet rommar Jonathan Coulton på akustiske gitarar og kor, Jay Bellerose på trommer, Jamie Edwards på piano og Ted Leo på kor. Co-låtskrivar John Roderick og produsent Paul Bryan står bak dei fine strykearrangementa.

Mental Illness ville kanskje ha vore ein overraskande konfronterande tittel frå mange artistar, men ikkje frå Mann, som kalla eit av sine tidlegare album for Fucking Smilers (2008). Negativiteten er ikkje fienden til denne dama. Andre får ta seg av jo-jo-jo-jovialiteten. Det kan som kjent finnast mykje trøyst i ein song som kallar ein spade for ein spade. Mann kallar ein spade for ein spade utan å verte verken sentimental, klagande, full av patos eller lettvint sarkastisk. Det dreier seg med andre ord om balansekunst.

Øyvind Vågnes

Øyvind Vågnes er forfattar og fast musikkskribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

I ei sterk scene skildrar Marc Brew korleis mor hans måtte dusje han etter ulykka, som om han var ein liten gut igjen.

Foto: Lars Opstad / CODA Oslo International Dance Festival

ReportasjeFeature

Du trur det ikkje når du ser han, at han reiser verda rundt med dansen sin. Marc Brew sit i rullestol.

Marita Liabø

Det var ein fiskar som oppdaga kvalflokken denne fredagsmorgonen, og så gjekk alarmen. Det blei bestemt at han skulle takast inn til Hvannasund. Der venta om lag hundre menneske som var varsla gjennom ei lukka gruppe på Facebook.

Alle foto: Hallgeir Opedal

ReportasjeFeature

Grinda kjem!

I dag har eg vore med på å drepe 220 grindkvalar. Ja, mogleg det var 230, eg mista teljinga.

Hallgeir Opedal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis