Å lese etter trua
Kanskje leitar Tom Egil Hverven fyrst og fremst etter den protestantiske trua i sin litterære samtale med fleire forfattarar.
Sakprosa
Tom Egil Hverven:
Å lese etter troen. Forsøk om norsk litteratur på 2000-tallet
Gyldendal
Å lese etter troen er den tvitydige tittelen på Tom Egil Hvervens nye bok, med undertittelen Forsøk om norsk litteratur på 2000-tallet. Hverven les forfattarar som Paal-Helge Haugen, Ingrid Storholmen, Olaug Nilssen, Laura Djupvik, Jon Fosse, Karl Ove Knausgård, Svein Ellingsen og Dag Solstad. Han les etter spor av kristen tru, og han les etter at trua er avvikla som eit felles kulturelt prosjekt.
Samstundes er boka mykje meir enn ein analyse av tru i norsk litteratur. Å lese etter troen framstår som eit litterært vitnesbyrd. Vitnesbyrdet er ein sjanger Hverven kjenner godt frå si tid blant kristenfolket, der «den lavkirkelige tradisjonen og litteraturen møtes i noe kroppslig, eksistensielt», som han skriv.
Alt frå fyrste side vert vi klare over at det er den kroppslege erfaringa som står i sentrum. Hverven er så ærleg og oppriktig at det vert sårt og attkjenneleg. Det er freistande å tenkje at det å lese definerer det å vere menneske, for Hverven. Det betyr ikkje at det må vere slik for alle, men for somme er lesing der sjela vert forma. Det krev ein varleik og ein seriøsitet i livet å opne seg slik.
Bibellesing
Kva er Hvervens prosjekt, og kva kjem ut av det? Hverven les frå ein ståstad der hans eiga tru ikkje lenger er det ho var. Ein gong studerte han teologi og freista å tapetsere veggene på hybelen sin med bibelsider. Han ville, nær sagt, ta bustad i Guds ord. Sidan gjekk han over til litteraturstudium og mista trua på den pietistiske personlege kristendomsforma.
Til overgangen høyrer at han kylte bibelen i veggen slik at permen losna. Prosjektet hans handlar likevel om Bibelen. Hverven freistar å redde bibelteksten – og trua – frå den fastlåste tolkinga kyrkja har. Han vil at Bibelen skal lesast med friske auge, som ein open tekst full av paradoks. Det er her litteraturen vert redninga.
Vitnesbyrdsjangeren startar gjerne som nedbryting av falsk tryggleik for deretter å byggje noko nytt på fast grunn. Slik er også Hvervens tekst bygd opp. Han les litteratur der den tradisjonelle trua er broten ned, som hos Haugen og Fosse. Dinest er det den reine Paulus, der radikalitet og paradoks står att, som vert den nakne klippegrunnen, før noko nytt kan artikulerast gjennom Knausgårds bibelbruk og Ellingsens salmar og gjennom paradoks som hos Solstad.
Hvervens prosjekt medverkar til ei viktig litterær samtale vi kjenner frå til dømes Knausgård og Solstad. Tidvis er eg begeistra, og tidvis er det vanskeleg å følgje tankane i boka. Ho krev mykje av lesarane. Det er mange ansatsar som ikkje vert følgde opp, og konklusjonen, til dømes, bringar inn heilt nye tekstar som ikkje har vore kommenterte tidlegare i boka. Men dersom ein les boka som «forsøk» og ei samtale, kan det vere verdt å bere over med nye assosiasjonar og manglande stringens.
Moderne livsrøynsle
Det er mykje ein kan fundere vidare på. Her vel eg meg eitt tema, nemleg å lese «etter trua» hos Jon Fosse. Fosse skildrar ei moderne livsrøynsle. Som Hverven braut han med den tradisjonelle vekkingstrua. Men i motsetnad til Hverven fann han vegen tilbake til gudsforholdet, i den katolske kyrkja. For Hverven, som kallar seg sjølv «post-lutheraner», er det «noe dypt fremmed ved Asle [hovudpersonen i Septologien], en norsk kunstner som griper til latin i det han frivillig legger seg under katolisismens åk».
Hverven skjønar heller ikkje dette med nærværet av dei døde, som er heilt sentralt i Fosses litteratur. Og det er særleg her, i forholdet til døden og dei døde, Hvervens tekst vert eit vitnesbyrd om ei tru marinert i ein protestantisk kultur. Eg trur det kan lukke for ei djupare forståing av Fosse, men det gjev samstundes vidare perspektiv på kva det vil seie «å lese etter troen» hos Hverven.
Lat meg forklare. Døden og dei døde var ikkje eit sentralt læretema under reformasjonen. Likevel vart eit nytt forhold til døden og dei døde eit kjenneteikn ved den protestantiske kulturen som voks fram etterpå, og som har prega oss til i dag. Her vart eit klart brot mellom dei levande og dei døde særs viktig. Forenkla forklart var brotet ein konsekvens av den nye lutherske forståinga av nettopp tru. No vart trua forstått som «trusvisse», og då kunne ein avskaffe skjærseld og forbøn for dei døde, helgenforbøn og samstundes også heile den økonomiske strukturen bak den katolske kyrkja med avlat og messestipend. Ingenting av dette var naudsynt lenger. Følgjene var omfattande i kulturen.
Brotet med dei døde handla også om endring av sjølve tankestrukturen, til dømes korleis vi opplever fellesskap og tid – tema som er viktige både for Fosse og for Hverven. Der den katolske kulturen var sentrert rundt nærværet av dei døde, vart den protestantiske kulturen basert på fråværet av dei døde, eit fråvær Hverven også insisterer på. Slik vart grunnleggjande oppfatningar i vår moderne kultur fastlagde: at døden er endeleg og fortida fråverande.
Historikaren Craig Koslofsky seier det slik: «Det er ikkje tida som går, som skaper fortida, men særskilde haldningar til døden og dei døde som etablerer fortida i den moderne forståinga av minne.»
Undring
Hos Hverven kjem denne moderne forståinga fram i undringa over dei døde sin plass i litteraturen til Fosse. I same moment undrar han seg også over at folk i Noreg no har byrja å vende seg til dei døde i minneord. «Hvis man mener at døde mennesker har forlatt denne verden, er ’gått ut av tida’, som man sier, er det vel fåfengt å henvende seg til dem?»
Denne skepsisen bestemmer til sist konklusjonen på heile prosjektet til Hverven, der dei siste to sidene i boka handlar om gravferdsritualet i Den norske kyrkja: «Av jord er du komen, og til jord skal du bli.» Her vert poenget at sjølv om postlutherske Hverven trur at livet er endeleg og døden er slutten, kan litteraturen – på paradoksalt vis – opne der døden lukkar. Her syner han til tredje ledd i gravferdsritualet: «og av jord skal du igjen oppstå», som litteratur.
Eit grunnprinsipp
Men nettopp det, at døden betyr absolutt fråvær, og at døden lukkar, er ein grunnpremiss frå den protestantiske kulturen. Fosses litteratur peikar vidare. Han er basert på ei anna forståing av tilværet, av fråvær og nærvær, av ei anna haldning til dei døde og difor også ei anna haldning til kva tid er for noko – og det er heilt sentralt i hans verk.
Å lese etter troen får dermed endå eit aspekt. Kanskje handlar det fyrst og fremst om å lese etter den protestantiske trua. For også fenomenet tru vart bestemt av den protestantiske røyndomen. Reformasjonens prosjekt var å byte ut «kjærleik» (forstått som «gjerningar») med «tru» som det sentrale i gudsforholdet. Men med tida vart trua abstrakt. I den lutherske ortodoksien vart ho eit læreinnhald og i pietismen eit personleg vitnesbyrd. Det er denne historisk bestemde førestillinga om tru som forvitrar med avviklinga av den protestantiske kulturen. Kva som kjem etter, vert interessant å sjå, og nett litteraturen er ein god stad å leite.
Eivor Andersen Oftestad
Eivor Andersen Oftestad er førsteamanuensis ved Institutt for humanistiske fag ved Høgskulen i Innlandet og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Hvervens prosjekt bidreg til ei viktig litterær samtale vi kjenner frå til dømes Knausgård og Solstad.
Fleire artiklar
Foto via Wikipedia Commons
«Ørjasæter var fyrst god ven med diktarbroren sin frå Gudbrandsdalen, men så fekk han høyre ting om Aukrust som skar han 'gjenom hjarte som eit tvieggja sverd'.»
Han heitte John Guillot, men skifta namn til Johnnie Allan og blei pub-rockar.
Arkivet: For tida framstår ikkje USA som det lova landet, men hausten for 50 år sidan var Elvis Presley på hitlistene i USA og England med «Promised Land»
Mogleg trasé for jarnbane mellom Narvik eller Bjørnfjell til Tromsø.
«Tanken om å realisera tog til Tromsø gjennom Sverige er på ingen måte ny.»
Daniel Sommer, Johannes Lundberg og Arve Henriksen.
Foto: Kristin Lidell
Fint nordisk samarbeid
Her er det ikkje spor av langhalm.
Polakkane er skumle bridgespelarar. Her frå avslutningsseremonien under World Bridge Games i Buenos Aires nyleg.
Foto: Poli Zolto / World Bridge Federation
Dąbrowskis masurka
For to veker sidan vann Polen gull i det som uformelt blir kalla bridgens olympiade, i Buenos Aires.