Kampen om Sanninga
Fri vilje er ingen «hemnroman», men ein tankevekkjande freistnad på å rette opp att familieæra.
Helga Hjorth har skrive ein roman for å gje ein annan versjon av familiekonflikten.
Foto: Sturlason
KOMMENTAR
Dette må vere eineståande i norsk litteraturhistorie: at ein person som kjenner seg krenkt av ein roman skriven av søstera, tek skrivekurs og debuterer som romanforfattar for å kunne svare med same mynt. Men kva oppnår Helga Hjorth eigentleg med «motromanen» sin?
Når kampen om Sanninga blir utkjempa i romanform, opplever eg det som litt absurd. Romanen er jo per definisjon dikting, og serverer i beste fall litterær sanning. Då blir spørsmålet kva for ein av dei to romanane som er mest røyndomsnær. Det svaret vil vi aldri få. Og kor interessant ville det vere for andre enn dei direkte involverte? Ved hjelp av Helga Hjorths Fri vilje kan vi berre konstatere at det finst fleire versjonar av sanninga, og det visste vi frå før. Ein supplerande versjon av ein djuptgåande familiekonflikt er det ingen som tener på.
Møter seg sjølv i døra
Det finst mange måtar å «svare» ein nøkkelroman på. Dei fleste vel å halde kjeft, og gjer truleg klokast i det. Somme skriv kronikk i Aftenposten, andre går til namsretten, andre igjen lagar radiodokumentar eller får ein kommentator i Aftenposten til å gjere jobben for seg. Og er ikkje det nok, lyt ein gripe til pennen sjølv og skrive ein «motroman» – om ein då har evnene til det. Og det har juristen Helga Hjorth.
Men då møter ho òg seg sjølv i døra. Dei omsyna ho kritiserer søstera for ikkje å ha tatt, tar ho ikkje alltid sjølv heller. Kan ein røynd jurist oversjå det faktumet at etiske dilemma ho vil drøfte, også gjeld for henne? Det som står att, er nettopp etikken, og han blir ikkje så mykje klarare av denne boka.
Likevel vil eg ikkje vere med på at Fri vilje er ein «hemnroman». Til det kunne han vore langt meir infam. Med tanke på kva som står i Vigdis Hjorths Arv og miljø – «sanning» eller ikkje – blir ein slik karakteristikk feil. Helga Hjorth er i sin fulle rett til å skrive slik ho gjer, og spesielt ufin er ho faktisk ikkje. At debutanten ikkje skriv like godt som søstera, er som ein kunne vente.
Godt komponert
Men det er på ingen måte eit hjelpelaust debutarbeid Kagge Forlag har sleppt fram. Romanen er velskriven og godt komponert, tematikken er hyperaktuell, men dialogen tidvis noko stiv. Den største veikskapen er likevel at forfattaren ikkje synest ha noko eige litterært prosjekt ut over å «svare» søstera. Då er det fare for at ein del lesarar misser interessa før dei er komne til side 306.
Det går fram av boka at forfattaren og familien har kjent seg utleverte i fleire av romanane til Vigdis Hjorth. Men påstanden om at far hennar hadde valdteke henne då ho var lita, skapte eit dilemma i familien. Drøftingane om korleis dei skulle handsame dette, ser eg som det viktigaste og mest interessante i heile teksten.
Familien ønskjer å ta til motmæle i pressa. Men både vener og fagfolk rår frå det. Dermed står dei i ein klassisk Catch 22-situasjon. Ved å svare offentleg gjer dei berre alt verre. Unnlèt dei å seie ifrå, blir påstanden ståande uimotsagt. Slik må ein kjenne seg rettslaus. Dette gjeld ikkje berre «røyndomslitteraturen», men truleg oftare det ein kan bli utsett for i presse og kringkasting. At familien vil ha fram det dei meiner er sanninga, er forståeleg. Men med denne boka har forfattaren opna eit sår som truleg var i ferd med å lukke seg. Og Fri vilje «beviser» sjølvsagt ikkje noko som helst.
Tett på «røyndommen»
Om ikkje framstillinga av Vigdis Hjorth er direkte infam, blir ho skildra som ein kynisk forfattar som utnyttar andre for å skaffe seg stoff – og deretter utleverer kjeldene rått. Overspent og litt for fantasirik, skal ho visst òg vere.
Først og fremst er det Helga Hjorth skriv, ei stadfesting av at boka som i haust kan få Nordisk Råds litteraturpris, ligg mykje tettare på «røyndommen» enn forfattaren har vilja vedgå. Ein av personane i Fri vilje seier om Arv og miljø: «Det er ikke noen roman … det er et jævla referat.» Søstera avslører også at Vigdis Hjorth har brukt lange passasjar frå autentiske brev, men utelate setningar som ikkje støtta saka hennar.
Likevel: Fri vilje burde vere pensum for forfattarar av «røyndomslitteratur», for boka gjer det tydeleg at det alltid finst menneske på den andre sida av skrivebordet.
JAN H. LANDRO
Jan H. Landro er journalist og fast skribent i Dag og Tid.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Kan ein røynd jurist oversjå det faktumet at etiske dilemma ho vil drøfte, også gjeld for henne?
Fleire artiklar
Det kjæraste eg har? Min ser ikkje slik ut, men eg er ganske glad i han, ja.
Foto via Wikimedia Commons
Smørbutten min får du nok aldri
Ei flygande badstove skal få ny heim, sit det nokon inni alt?
Foto: Maren Bø
Badstovene tek av
Det er interessant korleis badstove inne kan vere så ut, mens badstove ute er så in.
Morgonfrisk fersking
«Ein kan kjenna seg frisk og sterk, vera åndsfrisk eller endåtil frisk som ein fisk, friskna til, verta frisk att frå sjukdomen og heilt friskmeld.»
150-årsjubilant: den austerrikske komponisten Arnold Schönberg (1874–1951).
Fredshymne
Kammerchor Stuttgart tolkar Schönbergs «illusjon for blandakor» truverdig.
Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.
Foto: Sebastian Dalseide
Beckett-klassikar av godt merke
Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.