JavaScript is disabled in your web browser or browser is too old to support JavaScript. Today almost all web pages contain JavaScript, a scripting programming language that runs on visitor's web browser. It makes web pages functional for specific purposes and if disabled for some reason, the content or the functionality of the web page can be limited or unavailable.

Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Litteraturfest der store har gått føre

I Grimstad gjer dei seg litterær nytte av både Hamsun og Ibsen, begge med ei fortid i byen.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.

Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.

Foto: Hans Antonsen

Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.

Jan Gunnar Røise som Terje Vigen.

Foto: Hans Antonsen

6693
20240816
6693
20240816

LITTERATURFESTIVAL

Stiftelsen Ibsen og Hamsun Grimstad:

Ibsen- og Hamsun­dagene

Grimstad 7.–10. august 2024

Ibsen- og Hamsun-dagene i Grimstad har noko som knapt nokon annan litteraturfestival kan skilte med: historisk krav på både Henrik Ibsen – seks unge lærlingår i byens apotek – og Knut Hamsun, med adresse Nørholm i 34 år. I tillegg har byen ein unik arena for litterære samtaler og «bokbad». I festivalsamanheng er ikkje Apotekergaarden berre ein populær serveringsstad, men framfor alt eit hus med ein svært spesiell bakgard, der 300 publikummarar kan samlast i friluft, men med dekning over hovudet i form av presenningar spente opp som tak.    

Her vaglar folk seg med mat og (mest) drikke, kring små og større bord, og i ulike høgder, likevel slik at alle kan få med seg det som skjer på den vesle scena. Med full klaff er det òg råd å oppleve ulike naturelement, som vindkast så kraftige at ein ser kor arrangørane krympar seg i frykt for kva som kan skje med presenningane, og ei heftig regnskur som hamrar rytmisk på det improviserte taket.

Bakgarden til Apothekergaarden er arena for Ibsen- og Hamsundagene.

Foto: Mari Nymoen

Publikumsappell

Dette er scena for ein festival som no i august gjekk av stabelen for 25. år på rad. Ein festival som ikkje har gløymt dei to gigantane som er opphavet, men som i dag også er ein møtestad for aktuell litteratur og debatt. Ein festival som i ein stadig tøffare konkurranse maktar å trekkje til seg dei gode og «sikre» namna med brei publikumsappell.

Men som også finn rom for yngre røyster som enno ikkje har nådd opp i eliteklassen. Ein festival som tek vare på det intime og byr på det vennleg sørlandske. Ein festival som styrer unna det heseblesande og ikkje byr på konkurrerande innslag som gjer valet vanskeleg. Under Mari Nymoens dyktige leiing noko som i kvalitet og omfang med rette kan kalle seg Sørlandets litteraturfestival. Samla besøk låg på noko over 3000 menneske.

Tida då ekspertane samla seg i Grimstad for å drøfte fagdetaljar frå Ibsen-litteraturen, er for lengst forbi. Men både Ibsen og Hamsun står årleg på festivalprogrammet, dels i form av byvandringar i deira fotefar, dels i form av det faste Ibsen-foredraget og det tilsvarande Hamsun-foredraget. Så har Ibsen sitt museum i byen, og no ligg alt til rette for at det kjem eit Hamsun-museum i det gamle Grimstad sjukehus, der han sat i arrest i 1945.

Eit høgdepunkt

Årets Ibsen-foredrag blei ein showprega dialog mellom kunstmålar Öde Nerdrum og filosofiprofessor Einar Duenger Bøhn. Saman har dei lese Ibsen frå A til Å, prøvd å plassere forfattarskapen i vår tid og laga 24 bloggepisodar om kva tolkingar lesinga har opna for.

Dei har fått mykje kjeft frå ekspertane, og somme «funn» kan verke litt aparte, men noko respektlaust ligg det nær å konkludere med at også blinde høner kan finne korn. Og så er det jo slik at konklusjonar ein er usamd i, kan utløyse givande refleksjonar hos ein som trur han veit betre.

Meir substans var det unekteleg i Hamsun-­foredraget. Torolf E. Kroglund, naturorientert og kunnskapsrik forfattar og tidlegare mangeårig leiar av festivalen, sette Hamsuns naturlyriske Pan inn i dagens miljøbilete. Lite tilfreds konstaterte han at restane av vill natur i denne romanen ikkje er å spore andre stader i forfattarskapen – og heller ikkje i norsk samtidslitteratur av i dag.

Kunstmålar Öde Nerdrum og filosofiprofessor Einar Duenger Bøhn hadde begge lese Ibsen frå A til Å.

Kroglund leverte spark og provoserande kommentarar i fleire retningar, både til ytre høgre og ytre venstre i miljørørsla, til det han kallar økofascistar, til økoskribentar med påfallande distanse til naturen dei skriv om, og alle oss som romantiserer naturen og lèt att augo for dei negative sidene. Eit foredrag til ettertanke.

For publikum var truleg møtet med Thomas Korsgaard eit høgdepunkt. Dette danske stjerneskotet har verkeleg ei historie å fortelje – og han fekk fortelje fritt. Ros til Vigdis Hjorth, som kan ta stor plass på scena, men her audmjukt lét sin unge kollega ha ordet. Kanskje blei det mindre litteratur enn biografi, men det trur eg ingen reagerte negativt på.

Vigdis Hjorth i samtale med Jan Kjærstad, som er aktuell med ein ny roman i haust.

Same Hjorth laga også ein god samtale med Jan Kjærstad om den nye, episke romanen hans, Valgdager, som kjem seinare i haust. Historia dekkjer om lag 60 års norsk historie, ein roman om pengar, politikk og livsval. Kjærstad sytte også for at eit anna fast punkt på programmet, eit åtte timars skrivekurs for skrivelystne mellom 12 og 90, var i dei beste hender.

Av dei yngre gav Tina Åmodt og Maria Navarro Skaranger publikum innblikk i skrivinga si. Begge har alt etablert seg og skriv seg framover i det litterære landskapet. Felles for dei er nærleiken til det sjølvopplevde.

Spesielt var også Anne Marit Jacobsen som i samspel med jazzpianisten og komponisten Helge Lien tolka dikt og songar av Jon Fosse. Stilla var total under presenningtaket, og applausen sterkare og meir langvarig enn for noko anna innslag. Ho har gjort Fosse til «sin», og vi som høyrer på, vil gjerne tru at han er «hennar».

Terje Vigen

Teaterdelen i programmet hadde denne gongen to ulike framsyningar, begge av aktørar frå regionen. Elevar i andre klasse ved dramalina på Dahlske videregåande skole i Grimstad hadde teke på seg å setje opp Fruen fra havet, av Ibsen. Det kom dei godt frå.

Agder Nye Teater frå Arendal gjesta med ei dramatisering av Édouard Louis’ omstridde roman Hvem drepte faren min? Langt på veg er stykket ein monolog, og Olav Waastad imponerte i den krevjande hovudrolla. Men kvifor måtte dei avslutte framsyninga med Maurice Ravels 14 minutt lange «Bolero» medan dei gjekk kring på scenegolvet i ulike konstellasjonar og rørsler?

Eit litterært høgdepunkt for mange, også slike som ikkje oppsøkjer sjølve litteraturfestivalen, er den årlege framføringa av «Terje Vigen» på avslutningsdagen. I årevis skjedde dette på ei lita øy ute i fjorden, men no er det samarbeidet brote. I år var Grooseneset åstad, der skodespelaren Jan Gunnar Røise, med musikalsk følgje av Stian Carstensen, med innleving tolka Ibsen-diktet som aldri vil døy. 

Det einaste minus eg kan tenkje meg ved ein elles framifrå festival, er at det ikkje er råd å knyte han direkte opp til Hamsuns Nørholm. Men garden er i privat eige, og då må ein sjølvsagt respektere viljen til etterslekta. Som ei ikkje dårleg erstatning kan besøkande på Grimstad bibliotek møte Ibsens og Hamsuns litterære figurar ved å vandre langs dei 33 skulpturane bilethoggar Nina Sundbye har laga.

Om framtida til festivalen seier Nymoen at det er viktigare å gi publikum kvalitet og variasjon, utfordringar og overraskingar enn å vekse. Det høyrest ut som ei klok prioritering.

Jan H. Landro

Jan H. Landro er forfattar, journalist og fast skribent i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Tyske langdistansetog har vorte 20 prosent mindre punktlege på ti år. No får dei ikkje lenger køyre inn i Sveits om dei er forseinka. Sveitsarane fryktar at tyske tog vil skape forseinkingar på eige jarnbanenett.

Foto via Wikimedia Commons

Samfunn

Den rustne kjempa

Tyskland treng strategiske investeringar, men både politikarar og veljarar har angst for risiko. No blir det nyval i Europas største økonomi.

Sigurd Arnekleiv Bækkelund

Marianne Nielsen i hovudrolla som Winnie. Gerald Pettersen spelar Willie.

Foto: Sebastian Dalseide

TeaterMeldingar
Jan H. Landro

Beckett-klassikar av godt merke

Glade dager byr på ein strålande skodespelarprestasjon av Marianne Nielsen.

Ingrid Storholmen har teke utgangspunkt i eit stort datamateriale om folkehelsa i Nord-Trøndelag.

Foto: Merete Haseth

BokMeldingar
Hilde Vesaas

Våren over mannalivet

Ingrid Storholmen gjer tørre helsedata om til levande liv i Bloddråpetall.

Takumi (Hitoshi Omika) og dottera Hana (Ryo Nishikawa) lever eit roleg liv på bygda, som no kan få ein «glampingplass».

Foto: Another World Entertainment

FilmMeldingar
Håkon Tveit

Djevelen i detaljane

By mot land er eit sentralt tema i endå ein framifrå film av Ryusuke Hamaguchi.

Ein brannmann arbeider i eit bustadområde i Odesa, som vart råka av ein sverm av russiske rakettar 17. november i år.

Foto: Bergingstenesta i Ukraina

KrigSamfunn

Putin og fullmånen

Trump har lova å få slutt på Russlands krigføring 21. januar. Spørsmålet er kor Musk og Orbán står då, og kor sint Putin er.

Andrej Kurkov

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis