Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

BokMeldingar

Praktisk talt, teoretisk sett

Tidsånda er framifrå observert frå utsida av innsida.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Kjersti Rorgemoen har skrive tre bøker etter debuten i 2009.

Foto: Helge Hansen

3598
20200619
3598
20200619

Roman

Kjersti Rorgemoen:

Eit praktisk menneske

Kolon Forlag

Somme er flokkdyr med evne til å briljera i sosiale samanhengar, andre er det ikkje. Ein person i sistnemnde kategori er Liv Indrebø, ja, namnet åleine karakteriserer henne, i det minste slik ho ser seg sjølv. Ho er å treffa i den nye boka til Kjersti Rorgemoen, Eit praktisk menneske, der me får vita at Liv har ein jobb på eit bygdemuseum ein stad i det indre av Sør-Noreg, men ho har også kjøpt seg eit småbruk utanfor allfarveg og urørt av moderne fasilitetar. Her tek ho resolutt til med riving og vøling, ho gjer det aleine, og tykkjer dette praktiske arbeidet er meir gjevande enn museumsjobben.

Skarp observatør

Liv tenkjer meir enn ho pratar, det skal ikkje mykje til, men ho tenkjer dessutan godt, og refleksjonane om samtida og verda i dag ligg på eit høgt nivå. Ho er ein skarp observatør, det får me tru ho har etter forfattaren, som teiknar hastige, men overtydande portrett av personane Liv lyt eller vil ha kontakt med. Ho har ein kjærast, Svein, og slik Liv presenterer seg i boka, er dette litt av eit mirakel, for ho nemner seg sjølv som ein person andre nok vil karakterisera som mutt.

Ho er i grunnen karismatisk som ein fiskebolle saman med andre, men på innsida har ho eit imponerande og tiltrekkjande intellekt. Ho observerer inngåande slike fenomen som dei fleste av oss aldri stiller spørsmål ved, om eller til: «Ho budde her ein stad, i dette komfortable og konforme nettverket av kjedelege hus, bundne saman av kommunale vassårer og kloakkrøyr og sosial kontroll og uendeleg samanlikning. Det var ei gåtefullt kunstig livsform. Kvifor skulle ein klumpe seg saman på denne måten når den mest markante kvaliteten ved distriktet var god plass?»

Vanskeleg språk

Det kjem eit fylgje med amerikanske pensjonistar til museet, det vert arrangert jonsokfest, det skjer i det heile ein god del som Liv tek del i, men ho er likevel alltid på utsida, som observatør av seg sjølv og andre. Ein interessant figur i synsfeltet hennar er den framdriftsoptimistiske bygdeentreprenøren Knut Bøle, den diametrale motsetninga hennar. Han tek seg til rette, han ser planeten som eit lager av ressursar som kan nyttast utan konsekvensar av noko slag.

Det lagar seg slik at Liv får sitje på med han i ATV-en hans – han, rettare sagt – på leit etter dei amerikanske pensjonistane. Når ho tenkjer attende på køyreturen, reflekterer ho på eit vis som syner at ho ikkje berre er eit praktisk menneske som kan nytte verkty til restaurasjon av eit småbruk, men ein interessant intellektuell: «Ved å kjenne doningens veltilpassa og kraftfulle eigenskapar på kroppen var det som om eg liksom kunne ane ein flik av forståing for kvifor den einskildmenneskelege fridomsabstraksjonen kunne finne sin materialisasjon i slike motoriserte køyretøy.»

Dette vanskelege språket, med lange ord, karakteriserer Liv. Tankespråket har karakter av doktoravhandlingar der Liv finn seg sjølv inne i, men i utkanten av, den tidsånda ho nok både er fråstøytt og tiltrekt av. Ho tykkjer om det praktiske, men møter det med teoretiske argument.

Romanen sluttar brått i ein kort periode som skrik etter framhald, eller konjunksjonen og, men kanskje Rorgemoen veit at OG står for sjølvmål på engelsk. Kor som er: I denne romanen er det ikkje spel mot mål av noko slag, men mest ein indre kamp. Og der vinn Rorgemoen på poeng. Gode poeng!

Odd W. Surén

Odd W. Surén er forfattar og fast bokmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Romanen sluttar brått i ein kort periode som skrik etter framhald.

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis