Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

KunstMeldingar

Debutantane løftar haustutstillinga

Ho sprikar friskt i alle retningar, og det er vel ein av grunnane til at denne utstillinga framleis er så populær.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Amalie Skarpeid, «Boredom», 2021, olje på lin, 80 x 56 cm.

Alle foto: Norske Billedkunstnere/ Vegard Kleven

9008
20221007
9008
20221007

Utstilling

Kunstnernes Hus, Oslo:

Høstutstillingen 2022 – Statens 135. kunstutstilling

10. september–16. oktober 2022

I år var det 2350 søkarar til den 135. juryerte haustutstillinga. Alle kan søke, så lenge ein er norsk kunstnar eller utanlandsk kunstnar som bur i Noreg. Av dei 100 som kom gjennom nålauget, var heile 60 debutantar.

Rett nok er mange av førstegongsutstillarane solide kunstnarar med veletablert karriere, men innimellom finn ein heilt ferske namn, og fleire imponerer stort. Amalie Skarpeid (f. 1999 i Bærum) er ei av desse. Ho har treft noko med måleriet «Boredom» (2021). Ein ungdom sit samansokken i skinnstolen, det er rett før ho glir heilt ut av bildet. Jenta har det pandemitrøytte fjeset vi har sett så mykje av. Ho er nesten usynleg, ansiktsfargen går i eitt med veggen. Urørleg og taus vert ho lett å oversjå i den grå hettegenseren som er knytt tett oppunder haka. Det er først når vi ser nærare etter, at vi oppdagar lighteren ho puslar så stillferdig med. I venstrehanda held ho opp ein hårtust, det verkar som om ho vurderer kor nært ho kan føre håret før elden fatnar.

Er dette ei sjølvdestruktiv handling, eller er det gjort i tanketom keisemd? Måleriet er pensla opp med enkle og sikre strøk. Dei slanke og velforma hendene hennar vert lyste opp i elden frå lighteren, noko som skaper ein vakker effekt. Skarpeid har lukkast godt med ein lågmælt bruk av verkemiddel, det er ikkje ofte ein finn eit så godt uttrykt situasjonsbilde av ein ungdom.

Fotoverket «She Hunts 1» (2017) står i sterk kontrast til kvinna i «Boredom». Her står ei ung kvinne breibeint i haustfarga natur med blodraude hender. Dei oppsperra auga er festa på noko som skjer utanfor bilderamma, som vi ikkje veit kva er. Verket er eigentleg del av ein stor fotoserie der Ingerid Jordal (f. 1982 i Odda) følgjer eit jaktlag.

Med serien undersøker Jordal kva det vil seie å vere kvinneleg jeger, dette er eit felt som framleis har overraskande sementerte kjønnsroller. Det er interessant å sjå korleis «She Hunts 1» endrar karakter når det vert teke ut av fotoserien og står åleine, slik det er vist i haustutstillinga. Dette er forresten også eit debutverk. No er det slett ikkje like eintydig snakk om dokumentasjon av ei elgjakt. Verket får noko meir urovekkande ved seg, og vi kan lese mange historier inn i det. For tida kan heile fotoserien sjåast ved Norsk Skogmuseum i Elverum.

Martina Heinz, «Black Broccoli», 2021, teikning av fargeblyant og fineliner på papir.

Godt handverk

Haustutstillinga 2022 er ei høgst fragmentert utstilling, nett slik ho skal vere. Her sprikar det friskt i alle retningar, og det er vel ein av grunnane til at ho framleis er så populær. Berre sjå på den underlege installasjonen «Tomater i låda» av debutanten Hanna Pherson (f. 1993 i Sverige). Dette vesle verket består ganske enkelt av støypte tomatar i ei plastkasse. Dei mjuke formene er litt ekle, litt lekre og trass det sparsame formatet uråd å gå rett forbi.

Det er artig å sjå kor mange av verka som har solide formale kvalitetar, som den umåteleg vakre teikninga «Black Broccoli» av Martina Heinz (f. 1981 i Tyskland), også debutant. Med tynne, bogne strekar skildrar ho korleis dei struttande, spisse kålbukettane dannar regelbundne fraktalmønster. Dei stramme formene vert dekte av tynne, mjukt knudrete blad. Verket har ein fin, stoffleg kvalitet. Såleis løftar ho fram og opphøgjer ein kvardagsleg grønsak og gjer han til noko anna.

Eit anna formsikkert verk er skulpturen «Harald V» (2022) av Frode Mikal Lillesund (f. 1974 i Haugesund). Kongen lener haka ned, som for å sjå ned på manuset han les frå. Dette er ein uhøgtidleg positur å velje for ein konge. Samstundes er det ei fin og lågmælt heidring av ein konge som held varme og inkluderande talar.

Miljø

Slik tendensen har vore lenge, handlar fleire verk om miljø. Torunn Myrann (f. 1953 i Sauherad i Telemark – d. 2021 i Skien) debuterer posthumt og er representert med ein mektig svane som bruser med fjøra. Svanen er oppfinnsamt samansett av ein kvit hagestol, sett saman med ei mengd rask kunstnaren har funne i fjøresteinane.

Verket føyer seg inn i eit langt kunstnarskap med fokus på miljøvern. Myrann laga fleire slike fuglar – sterke påminningar om korleis alt vi slenger frå oss, vert kasta attende.

Torunn Myrann, «Svane», 2020, skulptur av plaststol, fender, flådd handball, flådd fotball, kjøtemballasje i plast, europall, plast, rypefjør, trosse, ståltråd, messingtråd og kaffifilterhaldar.

Politiske verk

Det er også overraskande mange politiske verk i år. I «The Tea Party» (2020) av Lena Trydal (f. 1994 i Kristiansand) kosar ein halvnaken Putin seg på landtur saman med Trump, Kim Jong-un og Mohammed bin Salman. Verket treng vel inga forklaring. Trydal debuterer i haustutstillinga, men har alt etablert seg som ein imponerande uredd målar, med fleire satiriske og samfunnskritiske verk i porteføljen.

Ho fekk mykje merksemd for måleriet av kongefamilien i opningsutstillinga Jeg kaller det kunst i det nye Nasjonalmuseet, der kong Harald poserte i helsetrøye saman med resten av familien. Utan å vere for krass klarer ho å løfte opp tema for diskusjon.

Markus Moestue (f. 1982 i Porsgrunn), derimot, legg ikkje fingrane imellom. Han debuterer i haustutstillinga med eit kritisk turistkart over Oslo. Her kan du rive av eit gratis kart og oppsøke dei typiske og velkjende attraksjonane i byen med nye auge. I møte med Nobels Fredssenter viser han til at det er ein myte at Noreg er ein fredselskande nasjon, vi som har skitna til fingrane i fleire krigar og driv lukrativ eksport av våpen.

Ved Oslo tinghus har han kritisert korleis statsministeren nekta å ta imot Dalai Lama, og korleis regjeringa ikkje har støtta Wikileaks-grunnleggaren Julian Assange. Og slik held rundturen fram. På leikent vis lukkast han med å oppmode til å vere mindre sjølvgod og tenke meir kritisk.

Damian Michael Heinisch (f. 1968 i Polen) viser tre trikolorfotografi frå Ukraina. Dei er del av serien Under a Blue Sky frå 2021. Verka viser eit utpint landskap frå Donbas i den austlege delen av Ukraina. Terrenget er herja med på fleire vis, som resultat av både intens gruvedrift og den langvarige konflikten med Russland.

Området spelar også ei rolle i slektshistoria til kunstnaren. Det var i Donbas-distriktet farfar hans døydde då han vart deportert til ein arbeidsleir under andre verdskrigen. Verka er så fulle av tyding, dei formidlar lag på lag av intenst brutale historier, så smertefulle at det er vanskeleg å feste blikket på dei.

Film er best på kino

Det å vise kunstfilmar på utstilling er ofte ei utfordring. Kuratorar har valt mange forskjellige vriar for å lukkast med å vise verka fram på ein god måte, samstundes som lyden ikkje forstyrrar opplevinga av dei andre verka i rommet. I år har dei mørklagt den eine overlyssalen og ordna små båsar på rekke og rad. Her er det berre plass til to om gongen, og det var vanskeleg å få med seg mange filmar. Ein måtte vente på tur, det var det få som tok seg tid til.

Eg skjønar godt at det er ønskeleg å vise filmane i utstillingsromma, slik at dei vert del av heilskapen, men eg skulle ønske at dei i tillegg kunne vise filmane i den flotte kinosalen i andre etasje. Her er det ein stor skjerm og eit flott lydanlegg. Slik det var no, stod salen ubrukt og avstengd.

Etter mykje umak fekk eg likevel sett filmane. Her var det mykje bra, men lite som sette varige spor. Mest inntrykk gjorde «Pessimistiske kardinalsetningar» av Anne-Lise Stenseth (f. 1959 i Florø). Dette barske verket tek føre seg ein tekst av den austerriske tidlegfeministen og filosofen Helene von Druskowitz frå 1905. Det er eit overraskande og annleis verk. Utsnitt frå heimen til Edvard Munch i Åsgårdstrand og notidig arbeid i hamneområdet vert fletta saman med dei kvasse utsegnene til filosofen Helene von Druskowitz. Teksten er overraskande radikal til å vere frå 1905, og det er spennande å sjå teksten aktualisert, ikkje minst i lys av vår tids kvinnespørsmål.

Mitt einaste ankepunkt er lengda. Filmen er fengande nok, men i lengste laget. Verk som nærmar seg ein time, har lite på slike utstillingar å gjere. Då må ein i så fall utvide opningstidene på Kunstnernes Hus.

Kva vart ikkje med?

I år som alltid er eg nyfiken på kven som ikkje vart valde av juryen. Eg likar godt utvalet som er gjort, men det var ingenting som røska og reiv i meg. Det er skrekkeleg lite usømmeleg eller upassande å finne i utstillinga. Alt er så politisk korrekt. Eg måtte spørje: Er det verkeleg slik at alle kunstnarane er så einige, eller råder det ein viss sjølvsensur?

Er kunsten så fri som vi liker å tenke at han er, eller er skrekken for å falle i unåde hos ein offentleg tidssensur så sterk at ein vik unna potensielle minefelt? Kunstnarar som lever av å vise fram verk til flest mogleg, kan dei vere redde for å tråkke på feil tær og såleis risikere å verte usynleggjorde, verte nekta stipend eller gå glipp av utstillingsstadar? Eller har det med utvalet å gjere?

Eva Furseth

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

«If liberty means anything at all, it means the right to tell people what they do not want to hear.»

George Orwell, frå eit utkast til romanen Animal Farm (1945)

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit utval Tik-Tok-augneblinkar. Frå venstre Klassekampen-journalist Jo Røed Skårderud, som kallar seg Surjournalist, nyhendeprofilen Dylan «News Daddy» Page og Donald Trump som seier at han vil vurdere TikTok-forbodet.

Skjermdump

Samfunn

Nyhende ifølgje TikTok

Barn og ungdom føretrekkjer TikTok som nyhendekanal. Der opererer ferske nyhendeprofilar side om side med redaktørstyrte medium og propagandistar.

Christiane Jordheim Larsen

Israelske soldatar på veg inn i nabolaget Shijaiyah i Gaza by for å fordrive fleire hundre palestinarar til ein ukjend stad nord på Gazastipa.

Foto: Moti Milrod / Haaretz / AP / NTB

Meldingar
DagTuastad

Ramsalt kritikk av Israels krig i Gaza

Molok er ein page-turner med hendingar som skakar lesaren.

Gassleidningar i Moldova. Landet risikerer ei energikrise til neste år.

Foto: Aurel Obreja / AP / NTB

Samfunn
Sofie May Rånes

Moldova i skvis

Frå 1. januar kjem det ikkje meir gass til Europa gjennom Ukraina. Det kan bli alvorleg for energitryggleiken i Moldova.

Stoltenberg I-regjeringa på Slottsplassen. Dåverande statsminister Jens Stoltenberg og utanriksminister Thorbjørn Jagland står fremst.

Foto: Jarl Fr. Erichsen / NTB

Ordskifte
ThorbjørnJagland

Venstrepopulisme på norsk – en refleksjon

«Ved markedsrettingen og privatisering ga venstresiden delvis fra seg det som hadde vært dens kjennemerke, nemlig å mobilisere staten til fordel for folk flest.»

Sunniva Gylver framfor Fagerborg kyrkje, der ho er prest i dag.

Foto: Svein Gjerdåker

Samfunn

Den nye biskopen i Oslo, Sunniva Gylver, lever i trua på at Jesus er Guds son.

– Eg talar med Gud nesten heile tida

Eskil Skjeldal

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis