Eit innhaldsrikt liv
Skipper Peter Dahl tente seg eventyrleg rik på få år. Så skulle rikdomen omsetjast til kulturell kapital.
Handelsstasjonen Frederiksnagore (Serampore), måla av koloniguvernør Peter Anker i 1790.
Sakprosa
Finn-Einar Eliassen:
Peter Dahl. Et globalt liv i opplysningstiden
Dreyer 2019
Peter Dahl (1747–89) er eit gløymt namn i noregshistoria, unnateke i Grimstad, der den Dahlske skole, i dag Dahlske videregående skole, vart oppretta med pengar frå Dahls testament. I noregshistoria i snever forstand spelte han heller ikkje noka rolle: Heile sitt vaksne liv var han skipperborgar i København, og pengane tente han på handelen med Asia og Amerika. Etterpå drog han på danningsreise i Europa. Det var, som boktittelen seier, eit «globalt liv».
Kolonihandel
Dahl vart fødd i Fjære sokn ved Grimstad, gjekk tidleg til sjøs, vart styrmann og i ein alder av 23 år kaptein. Han segla først på dei danske koloniane i Karibia. Dette var turar på eit par månadar kvar veg. På utreisa var lasten alt det koloniane trong, mellom anna matvarer, byggjevarar og tekstilar, mens returlasten var kolonialvarer: sukker, kaffi og tobakk. Skipperen hadde rett til å føre ein del av lasten for eiga rekning, og Dahl tente gode pengar.
Frå 1775 satsa han på ein ny marknad: India. Også her fanst danske koloniar: Tranqebar i sør og handelsstasjonen Frederiksnagore nær Calcutta, men den beste marknaden fann Dahl hjå britane i Calcutta. Her fekk han god avsetning på mellom anna metallvarer, seglduk og lerret, men den største suksessen var europeiske forbruksvarer som vin, brennevin og mørkt engelsk øl (porter). Returlasten var salpeter, krydder og framfor alt bomullsstoff. Dette var god forretning, trass i at reisa tok åtte månadar kvar veg.
Gode tider
Bomullsstoff måtte bestillast og betalast på førehand, og produksjonen var spreidd mellom landsbyar med kvar sin spesialitet. Dette var ein marknad som kravde tid og lokalkunnskap. På den siste turen sin til India vart Dahl difor att då skipet drog heim, for å kjøpe inn returlast til neste år. Då han kom heim og gjekk i land for godt i 1783, sat han att med ein formue på 400.000 riksdalar.
Det var gode tider for dansk og norsk sjøfart. Storbritannia var i krig ikkje berre med dei amerikanske koloniane, men også med Frankrike, Spania, og Nederland. Dette råka sambandet med India, der britane trong hjelp av nøytrale skip for å få varene fram til den europeiske marknaden. Dahl kunne difor handle på gunstige vilkår i India, samstundes som det var seljars marknad når han kom fram til Europa.
Etter fredsslutninga i 1783 vende handelen attende til normale tilhøve, prisane gjekk ned og fleire danske ostindiahandlarar gjekk konkurs. Dahl var mellom dei som trekte seg ut i tide. Han overlét formuesforvaltinga til ein fullmektig og drog i staden på danningsreise til Italia og kontinentet saman med litteraten og teologistudenten Christian Krause. Krause har tydelegvis fungert som privatlærar og guide, men også som døropnar i akademiske miljø.
Danningsreisa
Dahls to store europeiske reiser (1784–86 og 1787–88) synte seg først som lakunar i kjeldematerialet: Dahl hadde slutta å segle og slege seg ned i København, men det fanst ingen dokument som stadfesta at han var i byen i desse periodane. Dahls testament sette biografen på sporet. Her var ein sum til ein professor i Dresden som, heiter det, «var sammen i Italien med mig», og ein sum til ein dansk kunstmålar i Roma. Italiaturen lét seg til sist rekonstruere ved hjelp av dagbøkene til den seinare biskop Frederik Münter, ein ven av Krause som var i Italia på same tid. Spor av heimreisa gjennom Tyskland finst i gjestebøkene til kunstmuseum og andre turistattraksjonar.
I november 1788 vende Dahl heim til København, der han straks kjøpte eit staseleg byhus. Huset vart innreidd med eit respektabelt bibliotek og ei imponerande målerisamling, særleg av nyare italiensk kunst. Dahl var blitt innvotert i Det Kongelige Norske Videnskabers Selskab, han var blitt portrettert av målaren Jens Juel, han var ven med intellektuelle som diktaren Zetlitz og teologiprofessoren Treschow. Han var klar for å spele ei rolle i hovudstadslivet.
Slik skulle det ikkje gå. Fem månader seinare var Dahl daud, etter ein kortvarig sjukdom av ukjend art. Størstedelen av arven gjekk til ein halvbror. Dei fire uekte døtrene (tre med same mor) fekk nøye seg med tusen dalar kvar. Atten tusen gjekk til skulen i Grimstad og sikra at namnet Peter Dahl aldri vart heilt gløymt.
Det ligg eit omfemnande og langvarig detektivarbeid bak denne boka, og ho er vel verd å lese for alle med interesse for perioden. Dahls livssoge er spanande i seg sjølv, men ho gjev også interessante innblikk i kulturen under opplysningstida i Danmark-Noreg, og i korleis opplysningsideane i tiåra før 1814 vart tekne opp og sette ut i livet av ein velståande borgarskap.
Gjert Vestrheim
Gjert Vestrheim er professor ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studiar ved
Universitetet i Bergen.
Er du abonnent? Logg på her for å lese vidare.
Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding
Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Britane trong hjelp av nøytrale skip for å få varene fram til den europeiske marknaden.
Fleire artiklar
Teikning: May Linn Clement
Krigen er ei ufatteleg ulukke for Ukraina. Men også for Russland er det som skjer, ein katastrofe.
Tusen dagar med russisk katastrofe
Jens Stoltenberg gjekk av som generalsekretær i Nato 1. oktober. No skal han leie styringsgruppa for Bilderberg-møta.
Foto: Thomas Fure / NTB
Mingleklubben for makt og pengar
Jens Stoltenberg blir partyfiksar for Bilderberg-møta, ein institusjon meir i utakt med samtida enn nokon gong.
KrF-leiar Dag Inge Ulstein får ikkje Stortinget med seg på å endre retningslinjene for kjønnsundervisning i skulen.
Thomas Fure / NTB
Utfordrar kjønnsundervisninga
Norske skulebøker kan gjere elevar usikre på kva kjønn dei har, meiner KrF-leiar Dag Inge Ulstein.
Taiwanarar feirar nasjonaldagen 10. oktober framfor presidentbygget i Taipei.
Foto: Chiang Ying-ying / AP / NTB
Illusjonen om «eitt Kina»
Kina gjer krav på Taiwan, og Noreg anerkjenner ikkje Taiwan som sjølvstendig stat. Men kor sterkt står argumenta for at Taiwan er ein del av Kina?
Den rumenske forfattaren Mircea Cartarescu har skrive både skjønnlitteratur, lyrikk og litterære essay.
Foto: Solum Bokvennen