Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Aligjen

Kampen mot tida og ekle kryp er i gang nok ein gong.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Katherine Waterston, i rolla som Daniels, er både beintøff og sårbar.

Foto: Mark Rogers / Twentieth Century Fox Norway

3120
20170519
3120
20170519

Sci-fi/action

Regi: Ridley Scott

Alien: Covenant

Med: Michael Fassbender, Katherine Waterston, Billy Crudup

Romskipet Covenant er lasta med 2000 kryo-sovande menneske på veg til planeten Origae-6. Mannskapet søv også, heilt til tekniske feil gjer at det bryt ut brann, og den androide vaktmeisteren Walter (Fassbender) lyt vekka dei. Kapteinen, som er ektemannen til Daniels, (Waterston) døyr i brannen, og den usikre Oram (Crudup) tek over leiinga. Når det kjem inn signal om liv på ein planet undervegs, dristar den nye kapteinen seg til å utforska denne, trass i protestar frå Daniels. Uflaks at dette tilfeldigvis er planeten folka på romskipet Promotheus gjekk under på tolv år tidlegare, og at alt framleis ikkje er som det skal vera her.

Ridley Scott

Det nærmar seg tida på året då filmselskapa satsar stort på dei verkeleg gigantiske produksjonane som skal skaffa tilbake dei enorme summane som er brukt på både filmen og marknadsføringa. Berre unntaksvis vil dette seie noko anna enn science fiction, action eller helst ein kombinasjon. No er det ikkje kven som helst som står bak storsatsinga Alien: Covenant – regissøren av den opphavlege Alien (1979) og oppfølgjaren Promotheus (2012), Ridley Scott, held framleis roret. Bak dei nesten imponerande svulstige dialogane står John Logan, som også var manusforfattar på Scott sitt episke slavedrama Gladiatoren (2000). Det manglar ikkje på store ord, fakter og budsjett. Og for fansen må det nok vera slik, skal forventningane verta innfridde.

Androistisk

Eg gir meir fan enn eg er fan når det gjeld sci-fi og actionfilmar, såpass skuldar eg å opplysa. Å sjå slimete romvesen med multiple, taggete kjeftar tygge hovudet av skrikande menneske er berre ikkje mi form for underhaldning. Men eg sette pris på den originale Alien og Scotts neste spelefilm, briljante Blade Runner (1982), så direkte allergisk er eg ikkje. Fassbender er tilbake som David, androiden frå Promotheus, men også som «broren» Walter, vaktmeister på Covenant. Det er kampen mellom dei to som er hovuddrivkrafta; det gode mot det vonde, Moses mot Ramses. Dei to humanoide androidane er i ferd med å utvikla menneskelege eigenskapar som viljestyrke og lojalitet, samt forkjærleik for poesi og fløytespeling. Det siste er kanskje det mest urovekkande.

Kjenslekrig

Katherine Waterston kjem me sikkert til å sjå att i nok ein Alien-film om eit par år, og ho har noko ved seg som får meg til å tenkja på Sigourney Weaver som den legendariske kaptein Ripley. Sterk og uskuldsrein på same tid: Det går fint å vera beintøff og samstundes sårbar. Også mennene i filmen viser mykje kjensler, både såkalla mjuke og harde. Det er 2049, så det bør jo etter kvart vera innanfor? Viktigare for den gjengse sjåaren, vil eg tru, er tempo, spesialeffektar og spektakulær slåssing. Ja då, det skortar ikkje på dette. Alien: Covenant gir mykje action og slim for pengane. Og så er Percy Shelley gjengjeven på nynorsk, noko som fekk meg til å skvetta høgt i kinosetet.

Brit Aksnes

Brit Aksnes er frilans kulturarbeidar og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Eit militærkøyretøy passerer Pokvrosk- skiltet under eit russisk åtak på byen, nær frontlina i Donetsk 19. desember 2024.

Foto: Alina Smutko / Reuters / NTB

KrigSamfunn

Himmel på jord

Også ukrainarane har feira jul og nyttår, med songar, pynt og god mat. Men det nye året byr på nye vanskar.

Andrej Kurkov

 Kate Moss på sofaen til Bella Freud på YouTube.

Skjermdump

Feature

Klede

På YouTube-kanalen Fashion Neurosis ligg kulturfolk på divanen til Bella Freud og snakkar ut om klede. 

Ida Lødemel Tvedt

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis