Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Brei skuring

Tromsø internasjonale filmfestival står støtt på fleire bein etter tretti år.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
I filmen til Maryam Touzani held kvinnene seg innandørs.

Foto: Ali n' Procutions

3336
20200117
3336
20200117

Lytt til artikkelen:

Filmfestival

Tromsø, 13.–19. januar 2020

Den trettiande utgåva av Tiff har film for alle smakar. I ein sterk norsk seksjon finn vi dokumentarfilmen Selvportrett, som nestor Margreth Olin har regissert i lag med Katja Høgseth og Espen Wallin. Dei har følgt fotokunstnaren Lene Marie Fossen. Portretta hennar pregar filmen. Talentet til den sjølvlærte dama er det liten tvil om, men trass i at regissørane har kunstnaren i fokus, er sjølvportretta av den utmagra fotografen herja av alvorlig anoreksi berebjelken. Kameraet tvingar oss til å sjå det visuelt vakre i mørkeret, som Fossen sjølv vil. Ho er ein paradoksal figur. Utan skikkeleg næring på tjue år er ho framleis ei lita jente på mange måtar. Det barnlege preget høyrer ein òg i den lyse stemma til ein kunstnar som ikkje har referansar til klassikarane ho slektar på, men trass i det har ein sikker stil og ei sterk stemme.

Eit finstemt lydspor med sakrale tonar frå Susanne Sundfør skapar stemning. Fossen og filmskaparane løftar fram det åndelege. Store spørsmål får solid handsaming. Sjukdomen anoreksi får eit kompromisslaust ansikt eg tilrår å sjå. Filmen kjem på norske kinoar i dag.

Den vide verda

Frå andre strøk finn vi franske Alice and the Mayor av Nicolas Parisier. Der ein kunne frykte slitsame kjønnslege forviklingar, kjem ein gneistrande smart og morosam film om politikk. Ein vellykka ordførar i Lyon har gått tom for sosialdemokratisk krut og tilset ein litteraturvitar han trur er filosof, til å hjelpe til med å pensle ut dei store politiske ideane for framtida. Har humaniora noko å stille opp med? Forsking seier eit rungande kanskje.

Eit anna fagfelt er utgangspunkt i det perfekt balanserte dramaet Litigante av Franco Lolli frå Colombia. Juristen Silvia kranglar seg gjennom ein kvardag med ingrediensar som kjekling, kreft, korrupsjon og kjærleik. Ein framifrå skriven figur frå ein urban middelklasse er forfriskande frå eit land nordmenn berre får sjå vald og dop frå til vanleg.

I eit konkurranseprogram med over ein tredjedel latinamerikanske filmar er argentinske The Sleepwalkers av Paula Hernández eit stilsikkert blinkskot om kvinner som går i søvne bokstaveleg og metaforisk mellom familiemedlemmar som tek seg til rette.

I marokkanske Adam av Maryam Touzani held kvinnene seg mellom husets veggar. Der formar eit vennskap seg basert på solidaritet og taus motstand mot dei patriarkalske strukturane på utsida. Det tette, intime dramaet er konvensjonelt, men emosjonelt effektivt.

Sære saker

Dei som vil ha særare saker, kan sjå mot Kina, der multimillionbransjen livestreaming i fjor gav oss dokumentaren People’s Republic of Desire. På Tiff kan ein sjå det lågare sjiktet av vertar i Picture.Perfect av Shengze Zhu. Ho har sett saman over to timar med pikselerte bilete i svartkvitt med materiale av einsame menneske som sender direkte til dei på verdsveven som vil logge inn for å høyre på ei ung mor som jobbar på fabrikk, eller ein humørfylt fyr som har fått fjeset brutalt brent. Lønna er både humor og lærdom for publikum. Dei er det framleis flust av på Tiff etter tretti år. Til lukke!

Håkon Tveit

Håkon Tveit er lektor i latinamerikansk kultur og historie ved Universitetet i Bergen og fast filmmeldar i Dag og Tid.

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Bjørn Rasmussen vaks opp blant dyr – ikkje minst hestar. Det har forma forfattarskapet hans.

Foto: Frida Gregersen

LitteraturKultur

I fri dressur

Når vi endeleg får lese kontroversielle Bjørn Rasmussen på norsk, handlar det om ei hestejente. Men skinnet bedrar.

Marita Liabø

Nicole Kidman spelar Romy, som ser ut til å ha full kontroll over eit perfekt liv, men som blir utfordra av praktikanten Samuel (Harris Dickinson).

Foto: Ymer Media

FilmMeldingar

Farleg begjær

Nicole Kidman er perfekt i utforskinga av makt og seksualitet i Babygirl.

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis