Takk for at du vil dele artikkelen

Den du deler artikkelen med, kan lese og eventuelt lytte til heile artikkelen.
Det gjer vi for at fleire skal oppdage DAG OG TID.

Namnet ditt vert synleg for alle du deler artikkelen med.

FilmMeldingar

Eksorsisme

I The Work blir vi tekne med inn i Folsom State Prison, som har farlege langtidsfangar.

Kvar veke les vi inn utvalde artiklar, som abonnentane våre kan lytte til.
Lytt til artikkelen
Ei gruppe vanlege borgarar, alle menn, møter ei gruppe innsette og er saman med dei i fire dagar.

Foto: Patrick Hurley

2092
20171006
2092
20171006

DOKUMENTAR

REGI: GETHIN ALDOUS OG JAIRUS MCLEARY

The Work

BIFF har tidlegare vist fleire dokumentarfilmar om kor ille det amerikanske fengselssystemet er. The Work får fram ei heilt anna og lite kjend side. Vi blir tekne med inn i berømte Folsom State Prison, som hyser langtidsfangar under maksimal tryggleik. Her får ei gruppe vanlege borgarar, alle menn, møte ei gruppe innsette og vere saman med dei i fire dagar. Det blir som eit kammerdrama, der innsette og besøkande opnar seg for kvarandre under rettleiing av terapeutar.

Bakgrunn

Fangane fortel om seg sjølve, kvifor dei sit der, om draumar og sakn. Gjestane fortel om bakgrunnen sin og kvifor dei har ønskt å vere med på dette svært spesielle programmet. Nokre av dei innsette er ferskingar, andre har vore med på dette fleire gongar. Dei som kjem utanfrå, veit truleg lite om kva som ventar dei.

Filmen lèt oss komme tett innpå desse menneska, som alle har sitt å slite med, kanskje traume eller frustrasjonar så gamle at berarane knapt er medvitne om at dei har dei. Men nokon veit å trykkje på dei rette knappane, presse på dei riktige punkta, og så opplever vi korleis éin etter éin sprekk opp i noko som kan minne om eksorsisme. Her er det ikkje berre hardbarka drapsmenn som lettar seg, men også fleire av gjestane. Ut kjem mentale verkebyllar så sterke at det slår ut i fysisk villskap. Vi er vitne til ein heilingsprosess som er så sterk at det verkar skremmande. Og vi får sjå at grensa mellom drapsmannen og den vanlege borgaren kan vere så tynn, så tynn. Kanskje er det berre reine tilfelle som har gjort den eine til forbrytar og den andre til ein akta borgar.

Gjer inntrykk

Kunne eit slikt program vore gjennomført i norske fengsel? Neppe. Amerikanarane har ein verbal kultur som ein saknar her i landet. Jamvel folk som har fått så å seie heile «utdanninga» si på gata, evnar å finne uttrykk for livsrøynsla og empatien sin på forbløffande vis.

Dette er ein film som må gjere inntrykk på alle som ser han.

Jan H. Landro

Digital tilgang til DAG OG TID – heilt utan binding

Prøv ein månad for kr 49.
Deretter kr 199 per månad. Stopp når du vil.

Eller kjøp eit anna abonnement

Emneknaggar

Fleire artiklar

Noreg har berre tilfluktsrom til under halvparten av befolkninga.

Foto: Eva Aalberg Undheim

Samfunn

Beredskapssatsing med seinskadar

Regjeringa vil gjeninnføre krav om tilfluktsrom i nye bygg etter at kapasiteten har vorte redusert år for år.

Eva Aalberg Undheim

Jørgen Boassen har vorte kjend langt utanfor Grønlands grenser etter at han viste Donald Trump jr. omkring i Nuuk.

Foto: Christiane Jordheim Larsen

UtanriksSamfunn

Alle auge på Grønland

NUUK, GRØNLAND: 2025 starta med vaksenopplæring om Grønlands geopolitiske betyding. Saman med store delar av den vestlege pressa har eg følgt spora etter Donald Trump jr. i hovudstaden Nuuk. 

Christiane Jordheim Larsen

les DAG OG TID.
Vil du òg prøve?

Her kan du prøve vekeavisa DAG OG TID gratis i tre veker.
Prøveperioden stoppar av seg sjølv.

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Komplett

Papiravisa
Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis

Digital

Digital utgåve av papiravisa
Digitale artiklar
Digitalt arkiv
Lydavis